Godt nyttår

2018-04-10_19_21_00900.jpg

No ved tampen av året kan vi sjå tilbake på eit år med stor aktivitet og mange høgdepunkt.

Gjennom året har vi tatt 37 meisterskapsmedaljar. Det er medaljar i UM, junior NM, NM og EM. Dei yngre utøvarne har også vist seg fram med mange flotte resultat og opplevingar. VI har med andre ord vore synleg på mange ulike arenaer.

Når vi ser litt framover så ser vi inn i eit år som vil ha store høgdepunkt på rekke å rad. Vi startar alt i slutten av januar med Karsten Warholm International og KM i Ulsteinhallen. 1. til 3. mars arrangerer vi UM - så det går mot ein innhaldsrik vinter.

Vi ønsker alle våre aktive, tillitsvalde, foreldre, sponsorar og andre støttespelarar eit godt nyttår.

Romjulsmarsj 2. juledag også i år

nissemarsjen263.jpg

Vi har ein lang tradisjon om å arrangere romjulsmarsj rundt Dimnøya 2. juledag. Denne tradisjonen vert vidareført også i år. Trimturen 2. juledag tar du derfor rundt Dimnøya.

Registrering på Dimna Grendahus mellom kl 12 og 13. Deltakaravgift kr. 50,- for familiar og kr 25 for enkeltpersonar.

Vel møtt til ein flott trimtur rundt Dimnøya!

Noverande to tidlegare aktive møttes også i år til trening i Ulsteinhallen på julafta.
Noverande to tidlegare aktive møttes også i år til trening i Ulsteinhallen på julafta.

     

     GOD JUL TIL ALLE    

       VÅRE LESARAR

 

  

Bli medlem av Dimna IL

minidrett.png

Dimna IL bruker Min idrett for å registrere medlemsopplysninger. 

Alle som vil vere medlem av Dimna IL må registrere seg på 

www.minidrett.no

Når du har kome inn i Min Idrett kan du registrere medlemsskap i Dimna IL ved å gå inn med linken for Medlemskap. Her søker du etter Dimna IL og får då registrert at du vil vere medlem i laget. Medlemskontingenten er kr. 200,- pr år. Du vil få tilsendt faktura på medlemskontingenten.

Medlemsskapet vil løpe til du aktivt melder deg ut.

Alle som er aktive i ei av våre treningsgrupper må vere medlem. Vi trenger også støttemedlemmar så vi håper at også foreldre/foresatte, besteforeldre og andre også registrerer seg som medlem.

I vedlegget finner du ei kort veiledning om korleis du registrerer deg.

Støtt også Dimna IL med din Grasrotandel

VI håper også att alle medlemmane som tipper hos Norsk Tipping også registrerer Dimna IL som sin grasrotmottakar.

Dette gjer du hos kommisjonæren neste gang du tipper. For dei som tipper på nett kan du gjere det på nettsida der du tipper.

Les meir her

https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen

registrering_av_medlemsskap_i_minidrett.pdf

Resultatliste treningstemne 20.12.2018

resultatliste_treningstemne_201218.pdf

Ådne Andersen med rekordtid i Grimstadvatnet Rundt

Ådne Andersen viste god form då han i dag testa seg i Grimstadvatnet Rundt. Han sette ein solid personleg rekord under vanskelege forhold på Hareid i dag. Førsta halvdel var prega av regn og kraftig motvind. Ådne kom inn på tida 24.10. Det er den nest beste tida gjennom tidene rundt vatnet. Kun Marius Bakken har løpt raskere.

Mats Fredriksen vart nummer 3  totalt og beste ungdom.

Du kan lese meir og sjå alle resultata i Vikebladet sin artikkel her:

https://www.vikebladet.no/sport/2018/12/01/Klinka-til-med-supertid-17985351.ece

  

Trening i Ulsteinhallen søndag 25.11

Søndag 25.11 vil Ulsteinhallen vere open for friidrettstrening frå kl. 10 til kl 15. Det er opent for uøvarar frå alle klubber å kome å trene.

Forhånd.12345...134Neste
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
um_2019_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS