Klare for Världsungdomsspelen i Gøteborg

Deler av gjengen på Bussterminalen i Oslo på veg til Gøteborg. Anette og Alice kjem etter i morgon. På bildet er også Sigrid Kleive frå Ålesund og Amalie Thomasgård frå Ørsta som reiser sammen med oss.
Deler av gjengen på Bussterminalen i Oslo på veg til Gøteborg. Anette og Alice kjem etter i morgon. På bildet er også Sigrid Kleive frå Ålesund og Amalie Thomasgård frå Ørsta som reiser sammen med oss.

Denne helga skal 9 av våre eldste aktive måle krefter men dei beste friidrettsungdommane i Europa under Världsungdomsspelen i Gøteborg. Dette er blandt dei største friidrettsstevna i verden med over 8500 starter.

Stemnet starter fredag formiddag. All info om stemnet finner du her:

www.vuspel.se

Her er det link til resultatlister og til streaming laurdag og søndag.

Under «Les meir» kan du sjå kven frå Dimna IL som skal delta.

Anna Kleven tok NM kravet under første dag av Världsungdomsspelen

Anna Kleven utenfor Nya Ullevi i Gøteborg etter ein lang dag på stadion som enda med ny pers i lengde
Anna Kleven utenfor Nya Ullevi i Gøteborg etter ein lang dag på stadion som enda med ny pers i lengde

Det blei ein flott første dag av Världsungdomsspelen i Gøteborg. Anna Kleven (16) klinka til med 5,36 m i lengdekvalifiseringa fredag og var dermed best av dei 80 deltakarane i lengdekvaliken. 5,36 er også over NM kravet. Anna er dermed kvalifisert for NM i Byrkjelo i august. Lengdefinalen går i morgon formiddag.

Johanne Rise Kvalen er også klar for finalen i lengde i 18/19 års klassa. Ho hoppa 5,30 m i kvalifiseringa.

Kornelia Roppen og Caroline Sætre misslyktes litt i lengdekvalifiseringa denne gangen. 

Caroline hadde ikkje heilt marginane på sin side i dag. På 300 m hekk var ho berre ein hundredel bak bronsevinnaren. Ho fekk tida 45,62 sek.

4. plass vart det også til Iver Saunes Moldskred. Han kasta 800 gram spydet 54,31 m - berre 50 cm bak hans personlege rekord og ein meter bak bronsemedaljen.

Mats Fredriksen prøvde seg på 2000 m hinder for aller første gang. Dette gjekk flott og han kom inn på tida 6.56,70. 11. plass i 16/17 års klassa. 

Stemnet fortsetter laurdag. Under les meir finner du ei oversikt over når våre utøvarar skal i aksjon.

Mange sterke resultat under Dimnaleikane

Jonas Andre Ose
Jonas Andre Ose

Det blei mange gode resulat under Dimnaleikane tirsdag kveld. Litt vind ødela for nokre av sprintløpa - men nokre hadde også fin vind.

Aller best i dag var Jonas Andre Ose som løp 100 m på 11.09 sek. Det er under det internasjonane kravet til U18 EM men like bak det norske kravet. Resultatet gir heile 1103 Tyrvingpoeng. På 200 m fekk han motvind med løp likevel inn på den sterke tida 22,93 sek som tilsvarer 1048 Tyrvingpoeng-

14 år gamle Garbriel Overvåg løp 100 m på 12,21 sek. Det gir 1023 Tyrvingpoeng.

På jentesida fekk vi også fleire gode resultat. Blandt dei yngste jentene var 14 år gamle Sigrid Warholm best. Ho løp 60 m i lett motvind på tida 8,43 sek som gir 951 Tyrvingpoeng. Blandt dei eldre jentene var det Johanne Rise Kvalen som leverte dei beste resultata. 12,69 sek. på 100 m (971 poeng) og 5,42 m i lengde (955 poeng) viser at ho er i stigande form fram mot Tyrvinglekene til helga.

139 deltakarar deltok i årets Dimnaleikar. I løpet av kvelden gjennomførte dei 336 starter.

Alle resultata kan du studere i resultatalista.

resultatliste_dimnaleikane_2018.pdf

Nye klubblister, startlister og tidsskjema for Dimnaleikane pr mandag

dimna_il_logo147.png

Finner du feil eller mangler så er det fint om du sender oss ei melding om det.

Pr. mandag kveld er 133 deltakarar påmeldt i over 300 starter. Stemnestart blir kl. 1730 for rekruttane. Dei andre starter kl 18.

klubblister_dimnaleikane_2018_pr_mandag.pdf
startliste_dimnaleikane_2018_pr_mandag.pdf
tidsskjema_dimnaleikane_2018-v2.pdf

DImnaleikane tirsdag 12. juni

dimna_il_logo65.png

Det nærmar seg årets utgåve av Dimnaleikane 2018. Sjøv om stemnet også i år går på ein kvardagskveld så ser det ut til å bli bra deltaking.

Første versjon av startlistene og klubblistene er no klare. Fint om du sjekker desse. Finner du feil eller mangler så vil vi gjerne ha ei tilbakemelding om dette så snart som mulig. Send oss tilbakmelding på SMS til 41476148 eller på e-post:  pamelding@dimna.no

Dersom du har glemt å melde deg på kan du også sende etterpåmelding til oss på SMS eller e-post. Vi vil helst ha all etterpåmelding før tirsdag.

funksjon_rliste_dimnaleikane_12_juni_2018.xlsx
klubblister_dl_2018_pr_080618.pdf
startliste_dl_2018_pr_080618.pdf

Oppsummering av helga

Caroline Amalie Sætre
Caroline Amalie Sætre

Vi har hatt utøvarar i aksjon på fleire ulike arenaer denne helga.

Høgdepunktet er sjølvsagt Karsten Warholm som sette ny norsk rekord på 400 m hekk under Diamond League stemnet i Stockholm. Hans nye rekord lyder no på 47,81 sek.

Klikk på les meir for oppsummering av noko av det andre som vi var med på denne helga.

Karsten blei månadens utøvar for mai

karsten_manadens_utover_mai18.jpg

Karsten Warholm vart i dag kåra til månadens utøvar i Europa for mai.

Karsten tok også denne utmerkelsen for januar i år.

Vi gratulerer.

Dimna både på tribuna og på bana i Bislett Games

Klart for Bislett Games

bislettgames-karsten201841.jpg

Torsdag 7. juni er det klart for Bislett Games med Karsten Warholm i hovudrollen. Karsten skal nok ein gong få bryne seg mot verdenseliten på 400 m hekk.

kl 21.25 skal Karsten i aksjon. På tribuna vil ein stor heiegjeng frå Ulsteinvik vere på plass.

Dei som ikkje kan sjå løpet live på Bislett kan sjå alt på NRK.

Vi ønsker Karsten lykke til.

Forhånd.123456...132Neste
um_2019_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS