Karsten på plass i Roma og klar for sesongstart

Karsten på Bislett Games i fjor
Karsten på Bislett Games i fjor

I dag, torsdag 31.05 er et duka for sesongstart for Karsten Warholm i Diamond League stemnet i Roma. Her skal Karsten løpe 400 m hekk kl. 20.13 mot heile verdenseliten.

Stemnet kan du sjå på NRK1 frå kl. 19.45

https://tv.nrk.no/direkte/nrk1

Karsten har fått bane 7.  Innanfor han i bane 4 løper årets komet på 400 m hekk Abderrahman Samba frå Quatar. Han har løpt på den sterke tida 47,57. Karsten sin pers og Norske rekord er på 48,22 sek. Men vi har trua på Karsten og ønsker han lykke til i kveld.

Dimnaleikane tirsdag 12. juni

dimna_il_logo.png

Tirsdag 12. juni arrangerer vi Dimnaleikane på Høddvoll stadion. Påmelding via MinIdrett eller Sportsadmin innen 7. juni. Utøvarar frå Dimna IL kan også melde seg på vanleg måte via e-post til gruppene eller til denne e-post adressa:

pamelding@dimna.no

Det er 39. gong vi arrangerer Dimnaleikene. Også i år vel vi å legge stemnet til ein tirsdagskveld. Det er mange stemner i helgane denne perioda - då då vel vi å gjere det på denne måten.

I innbydinga under kan du sjå kva øvingar som er i dei ulike klassene. Vi har klasser for alle frå rekrutt til senior.

innbyding_dimnaleikane_2018.pdf

Ei helg med aktive i aksjon på mange arenaer

NM medaljer til Caroline Sætre og Anna Kleven
NM medaljer til Caroline Sætre og Anna Kleven

Denne helga var ei aktiv helg for Dimna IL. Vi hadde deltakarar i aksjon på fleire ulike stemner.

I Vikersund/Modum så var Anna Kleven og Caroline Sætre på NM i mangekamp. Dei kom begge heim med medalje. Caroline tok sølv i 17 års klassa mens Anna tok bronse i 16 års klassa.

Alle resultata kan du sjå her

På Aksla stadion vart første del av KM arrangert som ein del av Akslaleikane. Her hadde vi også mange i aksjon. Jonas Andre Ose sette utandørs pers på 200 m med tida 22,89 sek. Det vart også mange andre gode resultat under stemnet. Du kan studere alle i resultatlista under.

Søndag var våre yngste utøvarar i Ørsta på Sparebank 1 leikane. Også her var det mange gode resultat som du kan studere i resultatlista.

Kastarane våre reiste søndag til Sandane og deltok i Loggane open. Her sette alle personlege rekordar. Aller lengst kasta Anette Lydersen i slegge. Ho forbetra sin pers til heile 47,58 m. Det er også aldersrekord for Møre og Romsdal. Eit år yngre Elin Skavnes Våge sette også aldersrekord i slegge med resultatatet 42,07 m. Resten av resultata kan du studere i resultatlista.

loggane_open_2705.xls
resultatliste_-_spb1-2018.pdf
resultatliste_akslalekene-km_2018.pdf

Billetter til Bislett Games? Frist for bestilling 20. mai

bislettgames-karsten2018.jpg

Vil du oppleve Karsten Warholm og resten av verdenseliten live på Bislett Games 7. juni?

Dimna IL har reservert ein del billetter. Viss du vil kjøpe billett i "Dimnaleiren" så kan du sende ein mail til:

regnskap@dimna.no

Eller kontakte Elisabeth Nytun Fredriksen på tlf 93235421

 

Sol og gode resultat på Midsund

Søndag 13. mai var Midsund reisemålet for våre friidrettsungdommar. Stemnet på Midsund fekk i år strålande sol og fine forhold. Litt motvind på sprinten gjorde at sprinttidene ikkje vart dei aller beste. Men vi fekk likevel mange gode resultat. Spesielt i dei tekniske øvingane.
Iver Saunes Moldskred sette ein kraftig personleg rekord i Spyd. Han kasta seniorspydet heile 54,81 meter. Han har med det senior NM kravet på 56 meter innan rekkevidde.
Johanne RIse Kvalen starta sesongen i lengdegropa med å hoppe 5,41 m. Jonas Andre Ose starta også sesongen på Midsund. Han løp 100 m på 11,68 sek. i lett motvind.
Det vart mange andre gode resultat og medaljar på Midsund Stadion. 
Alle resultata kan du studere i resultatliste under.

resultatliste_midsund_130518.pdf

Anna og Caroline i Karabinlekene i Bergen

Anna Garnes Kleven (til venstre) og Caroline Amalie Sætre etter dagens konkurranse i Bergen.
Anna Garnes Kleven (til venstre) og Caroline Amalie Sætre etter dagens konkurranse i Bergen.

Anna Garnes Kleven og Caroline Amalie Sætre har fredag og laurdag vore i Bergen og deltatt i Karabinlekene på Fana Stadion.

Beste resulatatet stod Anna for med 5,26 m i lengde. Ho deltok også på 300 m hekk der ho løp inn på tida 49,43 sek. Anna tok 2. plass i begge øvingane.

Mens Anna starta sesongen i Måndalen sist helg så sesongdebuterte Caroline i Bergen. Ho hoppe også over 5 meter i lengde. Med resultatet 5,16 meter enda ho på 3. plass. Caroline løp 400 m hekk fredag kveld. Her var ho aleine i sin klasse og løp inn på tida 69,77 sek.

Søndag reiser vi med ei lita tropp til Midsund og håper på fleire gode resultat der.

Anette Lydersen persa kraftig i slegge

Arkivbilde av Anette Lydersen frå UM på Fana Stadion i fjor der ho tok bronsemedalje.
Arkivbilde av Anette Lydersen frå UM på Fana Stadion i fjor der ho tok bronsemedalje.

Under nasjonal kastsamling i Byrkjelo torsdag kveld så sette Anette Lydersen ein solid pers i slegge med resultatet 46,45 m. Ho forbetra dermed sin personlege rekord med 7,5 meter. Anette har fått kasta mykje slegge inne i vinter - og med litt meir kasting ute så vil nok hennar nye personlege rekord også vere i fare for å bli slått.

Sesongopning i Måndalen

Banesesongen er no i gang. Søndag 6. mai var vi med ei lita tropp i Måndalen på sesongens første banestemne.

Våren var ikkje heilt på plass enda. Regn, vind og 10-12 grader prega sesongopninga i år.

Det blei likevel mange gode resultat. 

Alle resultata kan du sjå i resultatlista under.

resultatliste_-_komplett_m_ndalen_06_05_18.pdf
Forhånd.1234567...132Neste
um_2019_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS