Anna Kleven tok NM kravet under første dag av Världsungdomsspelen

Anna Kleven utenfor Nya Ullevi i Gøteborg etter ein lang dag på stadion som enda med ny pers i lengde
Anna Kleven utenfor Nya Ullevi i Gøteborg etter ein lang dag på stadion som enda med ny pers i lengde

Det blei ein flott første dag av Världsungdomsspelen i Gøteborg. Anna Kleven (16) klinka til med 5,36 m i lengdekvalifiseringa fredag og var dermed best av dei 80 deltakarane i lengdekvaliken. 5,36 er også over NM kravet. Anna er dermed kvalifisert for NM i Byrkjelo i august. Lengdefinalen går i morgon formiddag.

Johanne Rise Kvalen er også klar for finalen i lengde i 18/19 års klassa. Ho hoppa 5,30 m i kvalifiseringa.

Kornelia Roppen og Caroline Sætre misslyktes litt i lengdekvalifiseringa denne gangen. 

Caroline hadde ikkje heilt marginane på sin side i dag. På 300 m hekk var ho berre ein hundredel bak bronsevinnaren. Ho fekk tida 45,62 sek.

4. plass vart det også til Iver Saunes Moldskred. Han kasta 800 gram spydet 54,31 m - berre 50 cm bak hans personlege rekord og ein meter bak bronsemedaljen.

Mats Fredriksen prøvde seg på 2000 m hinder for aller første gang. Dette gjekk flott og han kom inn på tida 6.56,70. 11. plass i 16/17 års klassa. 

Stemnet fortsetter laurdag. Under les meir finner du ei oversikt over når våre utøvarar skal i aksjon.

Desse skal i aksjon laurdag:

09.40  Anna Kleven    100 m forsøk

10.15  Jonas Andre Ose   100 m forsøk

10.25  Anna Kleven     Lengde finale

13.20  Johanne RIse Kvalen og SIgrid Kleive (Ålesund)   lengde finale

13.30  Anna Kleven    100 m finale om ho kvalifiserer seg til denne

13.40  Jonas Andre Ose   -   100 m finale om han kvalifiserer seg til denne

14.40  Sigrid Kleive   -  Kule

15.20  Anette Lydersen   -   Slegge

15.50  Amalie Thomasgård (Ørsta)  1500 m

18.20  Caroline Sætre   400 m

18.55  Alice Ulla Berg    400 m

Du finner all info om stemnet samt link til streaming her:

www.vuspel.se

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS