Gull til Kamilla Sporsheim i UM
kamilla_um_gull.jpg
Kamilla Sporsheim vart ungdomsmeister i stav under Ungdomsmeisterskapet i stangehallen denne helga. Sjølv om Kamilla var fornøgd med gullmedaljen var resultatet (1,80 m) ein del under hennar personlege rekord frå sist sommar. Lite trening på stav, og ein alt for mjuk stav gjorde at det ikkje blei ny pers. denne gangen.

Ei som satte ein solid personleg rekord denne helga var 15 år gamle Astri-Louise Nevstad. Ho fekk til slutt ein 5. plass i kule og forbetra sin personlege rekord frå 9,70 til 10,20.

5. plass i kule vart det også til Kristine Garshol med resultatet 9,61 som er litt bak hennar personlege rekord.

Mirjam Knutsen var det 4. jenta frå Dimna IL som var med på UM denne helga. Mirjam starta laurdag med 60 m. Her satte ho ny pers. med 8,50. Dette var ikkje godt nok til finaleplass. I sprint for jenter var nivået i jenteklassene svært høgt. Seinare på laurdagen var det lengde for Mirjam. Her hoppa ho 4,79 men hadde ikkje marginane på si side. 2 cm frå ein finaleplass som kunne ha gitt henne ei langt betre plassering

Bilde: Dimnajentene som var på UM i Stangehallen. Frå venstre Astri-Louise Nevstad, Kamilla Sporsheim, Mirjam Knutsen og Kristine Garshol.
Bilde: Dimnajentene som var på UM i Stangehallen. Frå venstre Astri-Louise Nevstad, Kamilla Sporsheim, Mirjam Knutsen og Kristine Garshol.

Klubbkonkurranse i UM

BUL vart den suveren vinnaren av klubbkonkurransen under UM i Stangehallen. 
Her er plasseringane og poengsummane til klubbane i Møre og Romsdal som fekk poeng. Totalt 116 klubbar hadde utøvrar blant dei 8 beste som gir poeng.

Plass    Klubb                Poeng
36        Ørsta IL              28 
47        Dimna IL             23
54        Tingvoll FIK         21
60        Måndalen           16
60        Tingvoll IL           16
100       IL Valder             5

Heile lista kan du sjå
her.

Ny sesong i gang. UM i stangehallen første stemne i år
astri_tronheim1.jpg

Då er vi i gang med ein ny sesong. Sjølv om vi no er inne i ei periode med mykje trening, og trening under til dels vanskelege forhold ute, er innendørssesongen i full gang.  28. til 30. januar vert det arrangert innendørs ungdomsmeisterskap i Stangehallen ved Hamar. 

4 deltakarar frå Dimna IL reiser til dette stemnet. Desse er:
Astri Louise Nevstad 15 år skal delta i kule
Kristine Garshol  16 år  deltar i kule
Kamilla Sporsheim 16 år deltar i stav, høgde og 800 m
Mirjam Knutsen 17 år deltar i 60m, 200 m og lengde

Det vert spanande å sjå korleis desse klarer å hevde seg mot utøvarar frå resten av landet. Dei fleste av desse har deltatt i fleire andre innendørsstemner tidlegare i vinter.

Deltakerlister og resultatlister vil bli å finne på denne linken:
http://www.hofik.no/Stevner2005/Stevner_stangehallen.htm

På bilde ser vi Astri-Louise Nevstad som deltar i Ungdomsmeisterskapet for første gang. Bildet her er frå dei Regionale ungdomeleikane i Trondheim i fjor haust.

Svein Olav Eidseter ny leiar i Møre og Romsdal Friidrettskrets

På kretstinget i MRFIK blei Svein O. Eidseter valt til ny leiar etter Elisabet G. Kirkbø frå Hareid IL. Eidseter er ein av kretsen sine beste seniorer i sprint, og vil nok bli ein leiar som som kan snakke dei aktive si sak i det nye styret. Det nye styret ser slik ut:

Leiar: Svein Olav Eidseter; Tingvoll FIK
Nestleder: Bente Krakeli Sneen , Eide IL
Styremedlemmar:
Finn Arne Høstmark , Elnesvågen & Omegn IL
Terje Bruvoll , IL Norodd
Rakel Aasprong , Tingvoll FIK

Heile et gamle styret gjekk av på tinget.  Fleire stillte spørsmål kvifor eit samla styre valde å takke for seg.  Nokre forklaringar fekk vi, men ein fullgod forklaring kom ikkje fram.  Enkelte meinte at der kanskje var andre ukjente årsaker som ligger bak denne uheldige utskiftinga av styremedlemmar.

KM var den store saka som var oppe til debatt på tinget.  Kretsmeisterskapa i kretsen har dei siste åra mista mykje av sin status.  Mange klubbar og utøvarar prioriterer ikkje KM høgt nok i dag. Dette er ikkje slik det skal vere. Å snu denne trenden vil vere ei viktig oppgåve for det nye styret å ta fatt i. Det kom derfor fram mange gode idear til korleis ein kan snu denne trenden. Ramma rundt KM fr 13-18 år er viktig å forbetre. Ei sosial ramme rundt KM helga var det stor semje om måtte bli ei prioritert oppgåve å få til dersom ein skal få opp deltakinga.  KM-reglementet er omfattande og komplisert. Kretstinget valde derfor å oversende alle forslag og innspel til forandringar av KM til det nye styret. Det nye styret skal derfor utrede korleis KM skal arrangerast i framtida.

Olav Hansen frå Dimna IL vart attvalt som medlem i Dommarutvalet i kretsen. Han har med seg Sigmund Julshamn og Rune Skavnes i utvalet.

Jeanette Bigset (tv) frå Hareid og Mirjam Knutsen frå Dimna viste gode takter under KM på Bergsøy Stadion
Jeanette Bigset (tv) frå Hareid og Mirjam Knutsen frå Dimna viste gode takter under KM på Bergsøy Stadion

KM senior og veteran 18. og 19. juni
på Bergsøy Stadion

Laurdag kl. 14.00 og søndag kl. 12.00

Km for senior og veteranar vart avvikla på Bergsøy Stadion i 18. og 19. juni i strålande sol. For første gang i år blei det eit friidrettsemne der vi slapp både kulde, regn og trasig vind.  Deltakinga var dessverre alt for dårleg, spesielt i herreklassa. Det var derfor også i kvinneklassa vi fekk dei beste resultata.
Laurdag gjekk ikkje uventa Kristine Eikrem Engeset frå Ørsta til topps på 800 med den gode tida 2.17,31. I lengde og 100 m var det Jeanette Bigset (Hareid) og Mirjam Knutsen (Dimna) som var best. I lengde vart desse nr. 1 og 2 med flotte nye personlege rekordar på over 5 m. Jeanette fekk 5,18 mens Mirjam sette ny pers. med 5,09. Begge resultata i godkjent vind.  Søndagens høgdepunkt var 3000 m for kvinner. Dette blei ein duell mellom 17 år gamle Kristine Eikrem Engeset (Ørsta) og 15 å gamle Karoline Bjerkeli Grøvdal (Isfjorden). Dei holdt følge heilt til klokka ringde for siste runde. Då starta Kristine ein langspurt som Karoline ikkje kunne svare på. Kristine sikra seg seieren og KM-gull. Nye solide personlege rekordar vart det på begge to. Kristine fekk tida 9.53,12 mens Karoline fekk tida 10.01,74. Jeanette Bigset frå Hareid sikra seg også seieren på 200 m med tida 26,77, mens Eirik F. Therkildsen frå Valder viste at han er fylkes beste sprinter på herresida med seier og tida 23,80.
nm_2017_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS