Nytt i 2006

Her følgjer ein oversikt over alt som blei publisert på Dimna IL sine nettsider i 2006. Sjå også i menyen til ventre under bilde og video. Her finner du også mykje frå 2006 sesongen.

Rekordstor friidrettsaktivitet i Dimna IL

Friidrettsaktiviteten i Dimna IL er no rekordstor. Totalt er omlag 75 barn og ungdommar aktive i dei ulike treningsgruppene. Friidrettsgruppa er no inndelt i tre treningsgrupper fordelt etter alder.
Romjulsmarsjen 2006 og utdeling av fjelltrim-premiar
romjulsmarsjen2006.jpg
Tre flinke jenter, som har hatt mange flotte fjellturar dette året; Johanne (6 år), Ingrid (7år)og Oline (4 år)

Årets romjulsmarsj gjekk av stabelen, tradisjonen tru; 2. juledag. Trimnemnda var spent på korleis deltakinga ville verte denne regnfulle og mørke dagen. 1. juledag var optimismen på topp då endatil sola kika fram, og det vart ein flott dag.

jul2006.gif

Vi vil med dette ønskje alle aktive, foreldre og andre ei god jul og eit godt nyttår.

Dimna IL
Styret

Første stemne i Team Athletic serien
Her blir vertikalspensten testa. Ei av Team Athletic øvingane som det blei konkurrert i.
Her blir vertikalspensten testa. Ei av Team Athletic øvingane som det blei konkurrert i.

Dimna IL og Hareid IL vil gjennom vinteren arrangere ein Team Atheltic serie som endar opp i Team Athletic Games den 24. mars 2007. Første stemne vart arrangert 12. desember med nesten 80 deltakarar frå 10 til 14 år. Ein fin premie blir det til dei som deltar i alle stemna. Det blei med stor innsats konkurrert i fleire Team Athletic øvingar. Resultata kan du sjå under.
Fleire bilder kan du sjå under bildemenyen til venstre.

SeriestemneTeamAthletics12.12.2006.xls

Dimna IL arrangerer innandørsstemne

Dimna IL vil 20. januar arrangere innandørsstemne i Storhallen i Sykkylven. Dette blir eit stemne for alle frå rekruttar og oppover. Øvingane som er satt opp er 40 m, høgde, kule og lengde med tilløp.
Alle må derfor reservere denne laurdagen for friidrett.
Her kan du sjå heile innbydinga til stemnet. 

Innbyding_til_innand_rsstemne_i_Storhallen_i_Sykkylven.doc
Julegrantenning i Dimna den 11.12.2006
juletre3.gif
Tenning av julegrana, 11.12.06 Kl.17.30
Fakkeltog frå Hellestøa og 
krysset Ytre Dimna, 15 min før. Hasund og Dimnøy Skulekorps spelar. Gløgg og pepparkake til alle.
Barnerevyen i Dimna har framsyning til helga
forsidebilde2.jpg

Barnerevyen i Dimna er klare med ein ny revy. Dei har framsyning komande helg. Billettsalet er i gang, og har du enda ikkje sikra deg billett så kan du bestille no:

FRAMSYNINGA "OG GOD JUL" 2006:
    LAURDAG 2/12 KL.16.00
    LAURDAG 2/12 KL.18.30
    SØNDAG   3/12 KL.16.30
       Billettpris kr. 75,-
barnerevyen_dimna@hotmail.com
      eller ring 47 85 31 65

 

Treningsamling i Storhallen i Sykkylven

2. og 3. desember vert det treningsamling for alle frå 14 år og oppover i Storhallen i Sykkylven. Her vil det vere gode trenarar i alle øvingsgrupper. Frå Norges Friidrettsforbund kjem bl.a. Erlend Sæterstøl og Harald Breivik.
Alle frå Dimna som vil vere med må melde seg på til Arve innan 28. november. Heile innbydinga kan du lese under:

Kretssamling_Storhallen_i_Sykkylven_2._3._desember.doc
Mirjam og Kamilla på "Speakerskole"
mirjam_kamilla_2006.jpg

20. til 22. oktober skal Mirjam og Kamilla delta på Norges Friidrettsforbund sin Speakerskole på Ås utenfor Oslo. Der er ungdomskomiteen i Norges Friidrettsforbud som arrangerer speakerkurset som Mirjam og Kamilla har fått plass på. Målet med kurset er å utdanne speakerar som kan skape meir liv på stemna rundt om i landet.

Sjå reportasje frå kurset på friidrett.no her

 

Øyvind Brandal kretsmeister i mangekamp
Lokale medljevinnarar i KM Mangekamp. Frå venstre Martin Sæter (gull) Brage Dimmen (bronse), Renate Grimstad (sølv) Kamilla Sporsheim (sølv) og Øyvind Brandal (gull)
Lokale medljevinnarar i KM Mangekamp. Frå venstre Martin Sæter (gull) Brage Dimmen (bronse), Renate Grimstad (sølv) Kamilla Sporsheim (sølv) og Øyvind Brandal (gull)
Under flotte forhold og med god deltaking blei KM i mangekamp arrangert i Elnesvågen i helga. Øyvind Brandal vart kretsmeister i klasse 14 år, mens det blei sølv til Renate Grimstad (14) og Kamilla Sporsheim (17). Martin Sæter frå IL Hødd tok seieren i 13 års klassa. Det vart elles mange gode resultat i helga, og fleire fine duellar i mangekampen.
Resultater_KM_mangekamp_2006.xls

KM i mangekamp avsluttar sesongen

30. sept. og 1. oktober avsluttar vi friidrettsesongen med KM i Mangekamp. Dette kretsmeisterskapet vert arrangert i Elnesvågen. Her vert det konkurrert i 4 kamp, 6 kamp, 7 kamp og 10 kamp. Dimna IL ser ut til å stille med 9 utøvarar på stemnet.
Deltakerliste_KM_mangekamp_2006.xls
Tidsskjema_KM_mangekamp_2006.doc
Vindfulle Høddleikar på Høddvoll
Marta Amalie Ringstad frå IL Hødd (tv) og Anna Håbakk Djupvik frå Hareid IL kjempa her ein hard kamp på 60 m
Marta Amalie Ringstad frå IL Hødd (tv) og Anna Håbakk Djupvik frå Hareid IL kjempa her ein hard kamp på 60 m
Laurdag 23. sept. var Høddleikane tilbake på terminlista. Ein vanskeleg vind gjorde at resultata på 60 m og 100 m ikkje blei dei aller beste for dei ca 80 deltakarane som hadde funne vegen til Høddvoll. Deltakinga var best i dei yngste klassene. Dei fleste av dei eldste utøvarane har nok no avslutta sesongen, eller ladar opp til KM i mangekamp neste helg.
Mange av våre egne yngste utøvarar kunne ikkje delta denne helga på grunn av kollisjon med andre arrangement. Under kan du studere resultatlistene frå både konkurranseklassen og rekruttane.

Resultat Høddleikane 23. september 2006

Resultatliste_Hoddleikane_2006.doc
Resultat_rekrutt_Hoddleikane_2006.doc
Dobbeltseier til Karoline og Silje under terreng NM
Karoline Bjerkeli Grøvdal her frå UM i Byrkjelo
Karoline Bjerkeli Grøvdal her frå UM i Byrkjelo
Under NM i terrengløp som blei arrangert i Halden sist helg blei det dobbeltseier til Møre og Romsdal. Karoline Bjerkli Grøvdal frå Isfjorden og Silje Fjørtoft tok gull og sølv i juniorklassa. Karoline var i ei klasse for seg og kom i må 48 sekund føre Sjlje. Silje tok ein like klar 2. plass. Vi gratulerer dei begge med innsatsen.
Du kan lese meir om dette på friidrett.no her.

Nye bilder er lagt ut

Nokre nye bilder frå NCC-lekene som er mottatt av arrangøren er lagt ut i bildemenyen til vensre. Nokre bilder frå U-Matchen kan du også no sjå i bildemenye til venstre.
3 Gull til Astri-Louise Nevstad i U-Matchen
Astri-Louise Nevstad her på toppen av seierspallen etter seieren i kule. Nummer 2 er Ida Westgård Gjøvåg og nr. 3 er Nora Synnestvedt Johansen begge frå Sør Trøndelag
Astri-Louise Nevstad her på toppen av seierspallen etter seieren i kule. Nummer 2 er Ida Westgård Gjøvåg og nr. 3 er Nora Synnestvedt Johansen begge frå Sør Trøndelag

Astri-Louise Nevstad tok heile 3 gull under den Midt Norske U-matchen i Levanger i helga. Astri-Louise vart mestvinnanede på Møre og Romsdal sitt kretslag som denne helga målte krefter med Nord og Sør Trøndelag. U-Matchen er ein kretskamp mellom fylka i Midt Norge for friidrettsutøvarar mellom 15 og 22 år.

Resultatliste_U_Matchen_2006.pdf

Funksjonær fekk spyd i hovudet

Under U-matchen i Levanger var ein funksjonær uheldig og fekk eit spyd i hovudet. Det gjekk fint med manne som raskt blei tatt hand om av lege og frakta til sjukehus i ambulanse.
Du kan sjå meir om ulykka på dagbladet.no her

NCC-leikane i Trondheim - skred av persar
Dei lokale gullvinnarane i NCC-lekene. Frå venstre Brage Dimmen, Renate Grimstad og Aurora Midtflø
Dei lokale gullvinnarane i NCC-lekene. Frå venstre Brage Dimmen, Renate Grimstad og Aurora Midtflø
Tre gull og fleire sølv- og bronsemedaljar kunne dei lokale utøvarane som var med på kretslaget til Møre og Romsdal reise heim med etter ein kjempeinnsats under NCC-leikane i Trondheim i helga. I lagkampen kom Møre og Romsdal på 3. plass. Vi kjempa lenge med Nord Trøndelag om 2. plassen, men blei til slutt 9 poeng bak.
1234Neste
nm_2017_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS