Dimna IL tildelt spelemidlar til utstyr

Dimna IL er ein av to klubbar frå Møre og Romsdal som er tildelt spelemidlar til utstyr for 2007. I flg, friidrett.no er 54 klubbar i år blitt tildelt midlar.  Vi har enda ikkje fått tilbakemelding om kva vi har fått tildelt. Men på grunn av den store aktiviteten vi no har så er det behov for ein del nytt utstyr både til innandørs bruk og til bruk utandørs. Du kan lese meir på friidrett.no her.

GOD JUL OG GODT NYTTÅR

julelys.gif

Styret ønskjer alle aktive, foreldre og andre lesarar ei riktig god jul og eit godt nyttår.

2007 har vore eit godt år for Dimna IL. Vi håpar og trur at dette skal fortsette også i 2008.

Romjulsmarsj 2. juledag

romjulsmarsj.gif

Tradisjonen tru arrangerer trimnemnda romjulsmarsj rundt Dimnøya 2. juledag. Det blir som vanelg registrering på Dimna Grendahus mellom kl. 12.00 og 13.00. Det er gratis for alle å delta. Alle som registrerer seg er med i trekninga av 3 gavekort frå Ulstein Hotell, Cubus og G-Sport.

Det blir 2 stasjonar med forfriskningar under vegs. Både ved Grendahuset og ved Kjerringneset vil det bli mulig å få litt forfriskningar.

Romjulsmarsjen har i for mange blitt ein trasisjon i julefeiringa. Vi håpar at mange også i år tar seg ein liten trimtur 2. juledag.

Dei som fullfører marsjen kan også få kjøpe romjulsmarsj medalje.

Bestilling av konkurransedrakter

Det siste året har vi hatt litt problem med å skaffe konkurransedrakter. Men vi har no gått tilbake til vår gamle leverandør av konkurransedrakter. Alle har derfor no høve til å bestille seg drakt til 2008 sesongen. Det vil no også bli høve til å bestille lange og korte tightser. I vedlegget kan du lese meir om korleis du kan bestille drakt. Vi skal sende bestillinga 1. januar. Siste frist for bestilling vert dermed 30.12.2007.

Bestilling_av_konkurransedrakter_2008.doc

Dei som bestillte drakter tidlegare i år

Dei av dokke som bestillte drakter tidlegare i år, og som ikkje har fått dei bestillte draktene må bestille på nytt. Sidan det kanskje er nokon som har vokse ein del og kanskje vil ha ein annan størrelse no har vi bestemt at alle som vil ha drakt må bestille på nytt.

Kristine Eikrem Engeset med eiga heimeside

kristine_engeset.jpg

Ørstajenta Kristine Eikrem Engeset som no har flytta til Stavanger og skal representere Skjalg har fått si eiga heimeside.

Du kan sjå hennar flotte heimeside her.

 

Norunn Dimmen best i Grimstadvatnet Rundt laurdag

Arkivfoto frå KM 3000 m tidlegare i år: Frå venstre Maria Ringstad, Norunn Dimmen og Maria Vattøy. Desse 3 var raskast Grimstadvatnet rundt laurdag

Arkivfoto frå KM 3000 m tidlegare i år: Frå venstre Maria Ringstad, Norunn Dimmen og Maria Vattøy. Desse 3 var raskast Grimstadvatnet rundt laurdag

Fleire frå Dimna deltok laurdag i Grimstadvatnet Rundt på Hareid. I kvinneklassa var det Norunn Dimmen som var raskast rundt vatnet. Ho fekk tida 32,53. Nest best blant kvinnene var Maria Vattøy med tida 34,22 etterfulgt av Maria Ringstad med tida 36,04. Maria og Maria vart nummer 1 og 2 i jenteklassa under 17 år. I klasse gutar under 17 år vart det seier til Martin Velsvik føre broren Espen Velsvik.

Heile resultatlista kan du sjå under les meir

Julegrantenning og pensjonistfest i Dimna
juletre.gif
Søndag 2. desember kl. 15.00 vert det julegrantenning ved Dimna Grendahus. Det  blir fakkeltog frå kl. 14.30.  Ved Dimna  Grendahus blir det gløgg og pepperkaker til alle.


Pensjonistfest
Kl. 16.00 søndag 2. desember er det også klart for den tradisjonsrike julefesten for pensjonistane i Dimna. Denne er  det Dimna Sanitetsforening som står for. Her blir det underholdning, julemat kaffi og kaker.

NCC samlinga avlyst/utsatt

På grunn av kollisjon med andre arrangement vart påmeldinga til den planlagde NCC samlinga i Sykkylven litt for dårleg. Friidrettskretsen har derfor beslutta å utsette samlinga til ei seinare helg slik at fleire kan få delta. Ny invitasjon kjem seinare.

Friidrettskretsen inviterer til NCC samling

Friidrettskretsen inviterer alle 12 og 13 åringane (alle som er født i 1994 og 1995) til NCC miljøsamling i Sykkylvshallen 10. og 11. november. Invitasjonen kan du sjå her:
NCC_samling_november2007.doc

Takk for innsatsen !!!!!!

Styret i Dimna IL vil med dette takke alle som har vore med å å få båtvasken ved Ulstein Verft AS vel i hamn. Dette har vore ein stor jobb for idrettslaget. Den vil gi gode inntekter til laget, og til arbeidet for barn og ungdom i kommuna.

Ei spesiell takk må vi gi til Gudbjørg og Cecilie som har administrert denne jobben, og har lagt ned mykje arbeid for å kome i mål.

2. runde av båtvasken startar 20. oktober

Båten på Ulstein Verft AS som vi har fått båtvask på er no klar for den siste vaskerunda. Planen var at vi skulle starte mandag 22.10. Men båten er no klar slik at vi i staden startar laurdag 20.10.

Det blir dermed vasking til følgjande tider:

Laurdag 10.10 -  kl. 10.00 til 13.30 og/eller 13.30 til 17.00

Mandag 22.10 -  kl. 17.00 til 21.00

Tirsdag 23.10  -  kl. 17.00 til 21.00

Onsdag 24.10  -  kl. 17.00 til 21.00

 

Alle som enda ikkje har gitt tilbakemelding om når dei kan vaske må snarast gi tilbakemelding til:

Gudbjørg mobil: 915 915 04
Cesilie mobil: 952 084 74

Dette gjelder alle foreldre som har barn og ungdommar med i Dimna IL. Det gjelder også alle aktive frå 15 år og eldre.

 

Det er viktig for oss at alle stiller opp. Dette er ei viktig og nødvendig inntekt for idrettslaget, slik at vi kan oppretthalde og vidareføre den store aktivieteten vi har i dag. Vi kan også love at dette blir den siste store dugnaden i år.

 

Dersom det er nokon i bygda som ikkje har aktive i Dimna IL, men som vil støtte oss i det arbeidet vi gjer for bygda, er også dokke velkomne på båtvask. Det er berre å gi ei tilbakemelding til Gudbjørg eller Cecilie og melde din ankomst.

 

Klikk på les meir, så kan du lese heile innkallinga til båtvasken

 

 

Ten pengar til Syndensamlinga og andre turar
Glimt frå sydensamlinga i Spania Påska 200
Glimt frå sydensamlinga i Spania Påska 200
I samband med båtvasken har vi laga til eit opplegg for dei aktive frå 15 år og eldre slik at dokke kan tene pengar til Sydensamlinga 2008, eller eigenandelar til UM eller andre liknande turar. I vedlegget kan du lese meir om opplegget.
Ten_penger_til_Sydensamlinga.pdf

Eldste gruppa tar treningsfri fram til 25. oktober

Den eldste gruppa tar no ein liten haustferie. Det blir derfor ikkje noko fellestrening før torsdag 25. oktober. Då startar vi med treninga for fullt i Ulsteinhallen kl. 18.00. Alle bør likevel holde forma litt ved like med egentrening fram til fellestreningane startar oppatt.
Ny runde med båtvask 22. til 24. oktober
logo_ulstein.gif
22. til 24. oktober vert det ei ny runde med båtvask. Alle må derfor sette av litt tid desse kveldane. Meir info kjem om ikkje så lenge.
Sydensamling påska 2008
Deler av dei som var på treningsleir i 2007. Fleire bilder i bildemenyen.
Deler av dei som var på treningsleir i 2007. Fleire bilder i bildemenyen.
Friidrettskretsen vi gjenta suksessen frå 2007 å arrangere ein treningsleir i Syden påska 2008. Denne gangen blir turen lagt til Poros i Hellas frå 13.03.08 til 23.03.08. Dei som er raskast å melde seg på får den beste prisen. Under les meir finn du meir informasjon om samlinga.
Martin Haddal Sæther kretsmeister i mangekamp
Martin Haddal Sæther kretsmeister i mangekamp
Martin Haddal Sæther kretsmeister i mangekamp

Under KM i mangekamp i helga vart Martin Haddal Sæther kretsmeister i 14 års klassa. Martin konkurrerte i 6 kamp og fekk poengsummen 4.309 poeng. Nummer to blei Brede Stølen frå Misund. Han fekk poengsummen 4.062 poeng. Brede og Martin kjempa ein jamn mangekamp gjennom helga. Før den siste øvinga som var 600 m leia Martin med 6 poeng. Men Martin er ein bedre 600 m løpar, og sikra seg etter kvart ein klar seier

Martin var den einaste frå Dimna IL som fullførte KM, men i 10 til 12 års klassene hadde vi fleire deltakarar med. Klikk på les meir, eller sjå resultatlista så finn du meir om desse.

Resultater_KM_mangekamp_2007.xls
Martin H. Sæther leia KM i mangekamp
Her er Martin i aksjon i Kule under mangekampen
Her er Martin i aksjon i Kule under mangekampen
Denne helga er det KM i mangekamp i Elnesvågen. Dimna IL stiller ikkje med så mange deltakarar bl.a. på grunn av kollisjon med skuletur til Polen. Men Martin Haddal Sæther leia 14 års klassa med 87 poeng på Brede Stølen etter 1. dag. Nummer 3 er Brage Dimmen. Dagen starta med 60 meter. Her tok Martin ein klar seier og tok dermed leiinga i lagkampen. Men i lengde misslyktes Martin, og blei nesten ein meter bak Brede som dermed overtok leiinga. Siste øvinga laurdag var kule. I denne øvinga tok Martin igjen leiinga samanlagt, og sikra seg også eit lite forsprang til øvingane søndag. Søndag skal det konkurrerast i 80  m hk, høgde og 600 m. Søndag skal også ein gjeng 10 til 12 åringar konkurrere i 4 kamp.
Ny Båtvask ved Ulstein Verft AS
logo_ulstein.gif
Dimna IL har fått tilbud om ein ny båtvask på Ulstein Verft AS. Første del skal utførast neste veke, mens del to vert i dagane før båten skal leverast den 25. oktober. Alle som har aktive frå 10 år og oppover skal stille med minst ein voksen på kvar av vaskerundene. Meir informasjon kan du sjå i vedlegget.
Dersom det er andre som vil støtte Dimna IL er det høve også for desse å delta. Det er berre å melde seg på som til telefonnummeret eller mail-adressa som du finner i vedlegget.
Dugnad__Ulstein_Verft_oktober_2007.pdf

Aldersrekordar for Møre og Romsdal

Etter Dimnaleikane annonserte vi at Trine Krakeli Sneen sette aldersrekord i kule. Det viser seg no at storesøster Tonje har eit litt betre resultat frå 2004 som ikkje har kome med på statistikken. Følgjande mail mottatt frå statistikkfører Finn Arne Høstmark:

"Etter å ha annonsert at Trine satte ny aldersrekord under NCC lekene i år fikk vi  tips fra familien Krakeli Sneen om at storesøster Tonje har ett lengre kulestøt fra Regionale Ungdomsleker 2004. Det viser seg å være helt korrekt.  Tonje støtte den gang 10,53 med 2-kg kule i 13-årsklassen.  Dette resultatet har tidligere blitt uteglemt/oversett som aldersrekord , men er nå ført inn.
Oppdaterte (men ikke revidert av statistikkutvalget)  lister pr. d.d:

mvh

Finn Arne Høstmark"

SP. Enda meir statistikk kan du sjå på EOI sine sider her

 

ALDERSREKORDER_JENTER_2007.xls
ALDERSREKORDER__GUTTER_2007.xls
123456Neste
nm_2017_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS