Joar Moldskred nr. 3 i Nyttårsmaraton

Her ser vi dei tre beste på halvmaraton. Joar nr. 60

Her ser vi dei tre beste på halvmaraton. Joar nr. 60

Tirsdag 29. desember vart det siste maratonløpet i 2009 arranert i Ålesund. Joar Moldskred deltok i halmaraton og sikra seg her ein flott 3. plass med tida 1.24,50. Vinnar vart Leif Sægrov frå IF Pioner med tida 1.21,36 mens Anrfinn Johansen frå Fræna tok 2. plassen.

Du kan lese meir om løpet på Kondis.no her

Sjå også innslag på NRK her

Friidrettsgruppa trenar i jula


Skulefri er ikkje treningsfri for alle. Den eldste gruppa har trening også i jula. På bilde over ser du ein sprek gjeng som trente på Høddvoll på formiddagen julafta. Det blir også fleire treningar i romjula.
Sjå fleire nye bilder i bildearkivet

Romjulsmarsjen 2. juledag

nissemarsjen.jpg

Tradisjonen tru arrangerer Dimna IL Romjulsmarsj rundt Dimnøya 2. juledag.

Det blir registrering på Dimna Grendahus mellom kl. 12 og 13.
Deltakaravgift:  kr. 20,- (familie kr. 50,-)
Medalje:  kr. 30,-

Trimnemnda melder at dei har to drikkestasjonar underveis

God jul og godt nyttår!

juletre3.gif

Styret ønskjer alle aktive, foreldre og andre lesarar ei riktig god jul og eit godt nyttår.

2009 har vore eit nytt rekord år for Dimna IL. Vi håpar og trur på stor aktivitet og mange gode resultat også i 2010.

Treningstemne 21. og 22. desember

Før det ordinære treninga kl. 19.00 arrangerer Dimna IL treningstemne på Dimna Grendahus mandag 21.12 og tirsdag 22.12. Begge dagane blir det stemnestart kl. 18.00. Øvingane som blir arrangert er lengde uten tilløp og høgde uten tilløp.

Levekårsutvalet positiv til treningslys

Bilar måtte til for å lyse opp bana under 26 kampen tidlegare i haust

Bilar måtte til for å lyse opp bana under 26 kampen tidlegare i haust

Dimna IL har tidlegare i haust sendt søknad til Ulstein Kommune om støtte til treningslys på Høddvoll Stadion.

Saka har no vore handsama i leverkårsutvalet som har kome med ei positiv innstilling til formannskapet. Dersom formannskapet og kommunestyret er samde med innstillinga til levekårsutvalet vil det innan kort tid bli montert lys under tribunetaket slik at vi får gode forhold til trening gjennom resten av vinteren.

Sjå også artikkel på Vikebladet.no her

Opprykk for Dimna IL i lagserien

logo_lagserie.gif

Dimna IL sitt damelag rykker opp til 2. divisjon etter å ha blitt nummer 2 i tredjedivisjon. I flg. den endelege resultatlista rykker Dimna IL opp til den neste øverste divisjonen med ein poengsum på 12.149 poeng berre slått av Moss IL. I 2008 vart Dimna nummer 8 i divisjonen. Med dette er dei også det beste laget i Møre og Romsdal.

I herreklassa vart også Dimna IL det beste laget i Møre og Romsdal. Herrelaget enda på 9. plass. Også dette var ei god forbedring frå 2008 då laget enda på 19. plass.

Landsserien består av dei beste seniorresultata oppnådd i 2009. I 3. divisjon er det 20 resultat som tel med, mens det i dei to øverste divisjonane er 25 og 30 resultat som tel med i samandraget.

Spurtoppgjør i Grimstadvatnet Rundt

Joar og Martin i tet.

Joar og Martin i tet.

Det blei spurtoppgjør om seieren i det 2. løpet av Grimstadvatnet Rundt laurdag ettermiddag. Joar Moldskred og Martin Haddal Sæter tok teten frå start. Dei løp i lag gjennom heile løpet. Det heile skulle avgjørast i spurten. Normalt skulle nok 400 m spesialisten Martin vere best i ein spurt. Men denne gangen hadde Joar ein kanonspurt på lur, og lurte derfor Martin på dei siste meterane. Begge sette nye personlege rekordar rundt vatnet. Joar fekk tida 28,05 mens Martin fekk tida 28,09.

Treningsleir til Spania i vinterferien

bilde_treningsleir_spania.jpg

Friidrettskretsen planlegger treningsleir til Spania - Almunecar i vinterferien. Avrese den 22.02, heimreise 01.03.

Aldersgrenda er 15 år - Ev. yngre utøvarar må ha med foresatte for å delta.

Påmeldingsfristen er 13.12.2009.
Klikk her for litt meir info.

Stor oppslutning om seminaret

Fysioterapaut Lena Kvalheim Øvrebø gav tilhøyrarane ei god innføring i ulike idrettsskader og korleis ein kan forebygge å bli utsatt for skadar

Fysioterapaut Lena Kvalheim Øvrebø gav tilhøyrarane ei god innføring i ulike idrettsskader og korleis ein kan forebygge å bli utsatt for skadar

Torsdag arrangerte Dimna IL seminar for aktive og foreldre der kosthold og idrettsskader stod på programmet. Det var godt frammøte, og alle fekk ei god innføring i både riktig kosthold for idrettsutøvarar, spisevanar og ikkje minst idrettsskadar og korleis forebygging skadar.

Seminar om idrettskader og kosthold

bilde_mat.jpg

Dimna IL inviterer aktive, foreldre og andre innteriserte til seminar om idrettskader, skadeforebygging og kosthold. Seminaret vert holdt på Dimna Grendahus torsdag 26. november kl. 20.00.

Vi håper at flest mogeleg har høve å kome å lære litt om desse viktige emna.

Meir info kan du sjå vedlegget

Seminar_om_idrettsskader_og_kosthald.doc

Dimna IL nr. 13 av 800 lag

klubben_i_hjerte2.gif

Avstemminga i konkurransa "Klubben i mitt hjerte" vart avslutta fredag. Dimna IL tok ein sterk 13 plass av nesten 800 lag i klassa for lag med mindre enn 500 medlemmar. Av laga i Møre og Romsdal vart vi nummer 2 berre slått av Valldal som hadde 4 stemmer meir. VI må takke alle som var med å stemte på Dimna IL.

Heile resultatlista kan du studere her

Ny kalenderfunksjon på dimna.no

Som dokke sikkert har oppdaga har der kome ein ny kalendar i høgremargen.  Her vil vi etter kvart få registrert inn alle arrangementa og stemna som laget skal vere med på, samt andre arrangement i bygda som vi får melding om. Dagar med aktivitet blir merka grønt. Klikker du på denne dagen, vil du få opp meir info om arrangementet. Håper dette skal bli ein nytting funksjon. Har du aktivitetar du vil ha inn på kalendaren så er det berre å sende oss ein mail til adressa:  post@dimna.no

 

Ulsteinelevane markerte seg i skulecupen

Her er heile troppa frå Ulstein Ungdomskule som deltok i skulecupen for aller første gang.

Her er heile troppa frå Ulstein Ungdomskule som deltok i skulecupen for aller første gang.

Onsdag var 10 elevar frå Ulstein Ungdomskule i Sykkylven og deltok i semifinalen i skulecupen. Her blei det ei rekke flotte resultat, og fleire av dei 10 kvalifiserte seg til fylkesfinalen i Molde.

Resultatliste_semifianale_skulecupen_2009_Sykkylven.xls
Skulecupen_2009_Sykkylven_Resultat_40m_finale.xls

Stem på Dimna IL

klubben_i_hjerte2.gif

NIF og Dagbladet har starta konkurransen "Klubben i mitt hjerte" igjen. Stem på Dimna IL så kan kanskje Dimna IL vinne penger til utstyr. Klikk her så kjem du til stemmelokalet der du kan avgi din stemme. Du kan avgi nye stemmer kvar dag. 

Karsten Warholm med enda ein Norsk aldersrekord

Karsten Warholm med to hekkerekorder i 2009

Karsten Warholm med to hekkerekorder i 2009

Etter ein liten gjennomgang av friidrettsforbundet sin statistikk oppdaga vi i dag at Karsten Warholm i haust har sett sin andre  Norske aldresrekord. Rekorden kom i 26 kamen i oktober, og i øvinga 300 m hekk. Karsen sin nye rekord lyder på 47,24 sekund. Den gamle rekorden tilhørte Marius Bakken Støle frå Sandnes IL. Den var sett i 2006 og var på 47,39 sekund.

Under DN Galan Youth tidlegare i sommar sette Karsten også Norsk Aldersrekord på 60 m hekk.

Maria Ringstad til topps i Grimstadvatnet Rundt

Fornøgd Maria Ringstad etter målpassering

Fornøgd Maria Ringstad etter målpassering

Maria Ringstad var best i kvinneklassa under Grimstadvatnet Rundt som blei arrangert under fine forhold laurdag ettermiddag. Maria åpna godt, men fekk hald eit stykke ut i løpet. Dermed vart det ikkje ny pers, men tida 32,56 var ho likevel fornøgd med.

I herreklassa vart det 2. plass til Joar Moldskred med tida 28,27. Han måtte denne gangen sjå seg slått av Nils Ivar Ringdal frå Måndalen som fekk tida 27,47.

Team Atheltics Games 30. januar 2010

Glimt frå TAG 2008

Glimt frå TAG 2008

Dimna IL og Hareid IL planlegger å arrangere Team Atheltics Games i Hareidhallen laurdag 30. Januar 2010. Vi arrangerte TAG i 2007 og 2008 med stor suksess.  Dette er ei lagkonkurranse med både gutar og jenter på laget. Det blir konkurrert i fleire litt utradisjonelle øvingar ved hjelp av Team Athletics utstyret.

Konkurransen er for alle frå 8 til 14 år. Du kan lese meir om konseptet i brosjyra som følgjer vedlagt eller på undomsfriidrett.no på denne linken:

http://www.ungdomsfriidrett.no/utover/index.php?side=underseksjon.php&valgt_id=25&valgt_uid=85

Andre lag kan også delta i stemnet. For at vi skal få bestilt inn nødvendig matriell ønsker vi innan 10. november ei tilbakemelding frå andre lag som kan tenkte seg å delta. Endeleg påmelding kjem vi tilbake til seinare. Det hadde vore fint om du kunne sende oss ei lita melding på e-post til post@dimna.no dersom din klubb kan tenke seg å delta.

Brosjyre_TAG.pdf

Ulstein med i skulecupen

For aller første gang har Ulstein Ungdomskule sendt inn resultat til skulecupen i friidrett. Fleire av elevane ved Ulstein Ungdomskule har med desse resultata også kvalifisert seg til å delta i semifinalen som vert arrangert i Storhallen i Sykkylven den 11. november. Her skal dei 8 beste elevane på Sunnmøre og deler av Romsdal konkurrere om 3 plassar i den store finalen som vert arrangert i Molde til våren.

Skulecupen er ei skulekonkurranse frå 6. til 10. klasse der alle skulena i fylket kan delta.

Klikk på les meir så kan du sjå kven frå Ulstein som har kvalifisert seg til å delta.

Treningsamlingar i Sykkylven

Kommande helg arrangerer kretsen treningsamling for 12 og 13 åringane i Storhallen i Sykkylven.

14. og 15. november blir det samling for dei som er 14 år og eldre. Det er dei som neste år er gamle nok til å delta i UM.

Invitasjonen til samlinga kan du sjå i vedlegget.

Innbydelse_treningsamling_nov_2009.doc
1234...10Neste
nm_2017_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS