Gull, Sølv og Bronse i Gøteborg søndag

Henrik Overvåg og Sondre Nyvold Lid sikra dobbeltseier til Norge og Møre og Romsdal

Henrik Overvåg og Sondre Nyvold Lid sikra dobbeltseier til Norge og Møre og Romsdal

Det vart ei flott avslutning på 3 dag av Världsungdomspelen i Gøteborg søndag. Det blei tre medaljar til Dimna IL. Gull til Henrik, Sølv til Hallbjørn og Bronse til Karsten.

|

Henrik og Sondre diska på 100 m

Dimna IL si tropp samla på Nya Ullevi

Dimna IL si tropp samla på Nya Ullevi

Laurdag låg det ann til å bli to frå Møre og Romsdal på pallen på 100 m i klasse gutar 16 år. Henrik Overvåg og Sondre Nyvold Lied frå Molde Olymp hadde dei to beste tidene på førehand. Men alt gjekk ikkje etter planen. I forsøket blei Henrik diska på grunn av tjuvstart. Sondre kom seg gjennom forsøket og var klar for finalen. Men her var det Sondre som ikkje klarte å stå stille og blei tatt for tjuvstart.

|

Hallbjørn nr. 3 i Gøteborg

Hallbjørn på seierspallen

Hallbjørn på seierspallen

Hallbjørn Hasund Thorseth vart nummer 3 på 300 m hekk under første dag av Världsungdomspelen i Gøteborg fredag. Hallbjørn sette også ein solid personleg rekord med tida 41,37 sek. sølv om han bomma på nesten alle hekkane. Resultatet tilsvarer 1087 Tyrvingpoeng.

|

Første uttak til NCC lekene

Tobias og Joakim er to av dei som er uttatt på NCC laget.

Tobias og Joakim er to av dei som er uttatt på NCC laget.

Kretsen har no tatt ut deler av kretslaget som skal til NCC lekene i Stjørdal i slutten av august. 30 av 40 utøvarar er blitt tatt ut. Det er dermed 10 ledige plasser. Det er bl.a. ikkje tatt ut nokon i kappgang enda. Med litt trening utover sommaren har du sjansen å kome med på laget i denne øvinga. I vedlegget kan du sjå heile laguttaket.

uttak_ncc_lekene_2010.pdf

Marthe persa i senior KM

Marthe Mjøen Berg

Marthe Mjøen Berg

KM senior vart arrangert i Elnesvågen denne helga. Deltakinga var ikkje den beste. Heller ikkje Dimna stillte med så stor tropp denne gangen. Best av utøvarane frå Dimna var Marthe Mjøen Berg med pers på både 100 hekk (84) og på 400 m.  På 100 m hekk fekk ho tida 15,61 som er godt under kravet til senior NM. Her er Renate Grimstad kvalifisert tidlegare med tida 15.04. Renate bomma denne gangen på ein hekk og kom ikkje til mål. Seieren gjekk dermed til Marthe.

resultatliste__km_senior_2010.doc

Til Världsungdomsspelen i Gøteborg

2. til 4. juni reiser Dimna IL med ei stor tropp til Världsungdomsspelen i Gøteborg. Dette er det største stemnet i Sverige med over 3500 deltakarar frå 20 land. Dimna IL stiller med 14 utøvarar som reiser nedover onsdag kveld. Klikk her så kjem du til stemnet si heimeside. Under Les meir kan du sjå kven frå Dimna IL som er påmeldt.

|

Senior KM denne helga

Denne helga er det senior KM som står på programmet. Stemnet vert arrangert i Elnesvågen. Dimna IL stiller denne gangen med ei lita tropp. Kun tre utøvarar deltar. Det er Henrik Overvåg på 100 m, Renate Grimstad på 100 m hekk og Marthe Mjøen Berg på 100 m hk og 400 m.

Resultat treningstemne 22. juni

Her er resultatlista frå treningstemnet 22. juni. Nok ein gong blåste det meste av stemnet vekk. Det blei nok eit stemne med kraftig motvind for sprinterane. Til tross for vinden klarte Jenny Stokkevåg Berg UM kravet på 300 m hekk med god margin. God margin hadde også Marthe Mjøen Berg på junior NM kravet på 400 m hekk.

resultatliste_treningstemne_dimna_il_220610.rtf

Sol og 5 på pallen på Lillehammer søndag

Endleg kom sola på Lillehammer også

Endleg kom sola på Lillehammer også

Søndag kom endeleg sola tilbake på Lillehammer. I tillegg til sola fekk vi 5 på pallen. 2. plass til Tobias, Joakim og Renate. 3. plass til Anders og Joakim.

2 gull på Lillehammer laurdag

Johanne Kvalen til topps i høgde

Johanne Kvalen til topps i høgde

Det blei 2 nye førsteplassar under laurdagens øvingar på Veidekkelekene på Lillehammer. Johanne Kvalen (10) blei nummer 1 i høgde med ny pers. på 1,10 m. Pers. og seier vart det også til Anders Egge Brandal i spyd med resultatet 51,36 m

|

Dobbeltseier på 60 m hekk

veidekke2010_joakim_tobias_60hk2.jpg

Tobias Skavnes Våge og Joakim Gustavsen sikra seg dobbeltseier på 60 m hekk under 2. dag av veidekkelekene fredag. Tobias fekk tida 9,94 sek mens Joakim fekk tida 10,13 sek. Vinden var litt for sterk +2,8 til at tidene kan godkjennast som personleg rekord.

|

Treningstemne tirsdag 22. juni kl. 18.00

Dimna IL arrangerer treningstemne på Høddvoll Stadion tirsdag 22. juni kl. 18.00. Då vi skal bruke stemne for å bl.a. lære opp tidtakarar på El-tidtaking til UM kan vi kun godta førehandspåmelding via Sportsadmin eller Minidrett. Dei frå Dimna IL som skal delta må melde seg på til ein av trenarane eller sende ein mail til post@dimna.no 
Påmeldingsfrist:  Mandag 21. juni kl. 23.59

Øvingar:
11-14 år:  60 m og lengde
15 år og eldre:  100 m
13-17 år:  300 m hekk
18 år og eldre:  Korthekk og 400 m hekk

Dimnatroppa redusert på grunn av sjukdom

Dimna IL si tropp til Veidekkelekene på Lillehammer er blitt kraftig redusert på grunn av sjukdom. Fleire av dei aktive er blitt slått ut og blir heime på grunn av sjukdom.

Bl.a. er Henrik Overvåg og Karsten Warholm sjuke og blir heime. Dei tok til saman 6 medaljar under Tyrvinglekene sist helg. Fleire andre har vore sjuke og er sjuke og må stå over enkelte øvinger.

Seier til Joakim på 1. dag av Veidekkelekene

Joakim Gustavsen på toppen av seierspallen etter seieren på 200 m

Joakim Gustavsen på toppen av seierspallen etter seieren på 200 m

Ein småsjuk Joakim Gustavsen (13) sikra seg seieren på 200 m under 1. dag av Veidekkelekene. Han sette også ny personleg rekord med tida 27.17 sek. Joakim hadde også planer om å løpe 1500 m med var stod over denne øvelsen då han ikkje var helt frisk.

|

Veidekkelekene på Lillehammer neste

Denne helga reiser Dimna IL med ei tropp på 24 deltakarar til Veidekkelekene på Lillehammer. Stemnet startart torsdag kveld og varer til søndag. Værutsiktene er litt betre enn dei har vore dei siste helgene, så vi håper på mange gode resultat også denne helga. På stemnet si heimeside her kan du sjå tidsskjema og deltakarliste. Etterkvart kjem her også resultat. I vedlegget under kan du sjå ei overiskt over når alle utøvarane frå Dimna IL skal i aksjon.

veidekkelekene_2010.xls

3 gull og aldersrekord søndag

Karsten Warholm med to gull søndag. Her på seierspallen etter gull på 80 m hekk.

Karsten Warholm med to gull søndag. Her på seierspallen etter gull på 80 m hekk.

Det vart ei flott avslutning på Tyrvinglekene søndag. Været vart litt betre og dermed fekk vi også fleire fine resultat. Det blei 3 gull til Dimna IL og ein aldersrekord for Møre og Romsdal. Karsten Warholm starta dagen med gull på 80 m hekk. Deretter vant han ei spennende høgdekonkurranse. Henrik Overvåg gjekk til topps på 100 m med tida 11,14 som er ny pers. og aldersrekord for Møre og Romsdal.

|

Tyrvinglekene: 4 medaljer laurdag

Henrik Overvåg og Karsten Warholm tok 3 medaljer

Henrik Overvåg og Karsten Warholm tok 3 medaljer

Det blei 4 nye medlajar til Dimna under Tyrvinglekene på Nadderud stadion laurdag. Henrik Overvåg tok gull på 200 m, Marthe Mjøen Berg tok ei ny sølvmedalje - denne gangen på 100 m hekk. Karsten Warholm var med å kjempa om gullet i både lengde og på 200 m hekk. Men hadde ikkje marginane heilt med seg og enda på 2. plass i begge øvingar. I tillegg blei det 4. plass på 60 m.

|

Fin start på Tyrvinglekene

Marthe Mjøen Berg

Marthe Mjøen Berg

Fredag starta årets Tyrvingleker på Nadderud Stadion. Til tross for eit tildels ufyselig vær (mykje regn), fekk vi mange gode resutat denne første kvelden. Aller best av Dimnautøvarane var Marthe Mjøen Berg som sesongdebuterte på 300 m hekk med 2. plass og ny personelg rekord med tida 46,62.

Dimna IL leiar kretscupen etter 1. del

Deler av Dimna IL sitt lag som var med å sikra leiinga i kretscupen.

Deler av Dimna IL sitt lag som var med å sikra leiinga i kretscupen.

Etter første del av kretscupen som vart arrangert i Ørsta i helga leia Dimna IL føre Tingvoll FIK. Dimna si leiing er på 33 poeng halveis i kretscupen. Dimna IL har 204 poeng, mens Tingvoll FIK har sikra seg 171 poeng.

kretscup_1.rtf
kretscup_2.rtf
resultatliste__sparebank1_leikane.rtf
|
123456Neste
nm_2017_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS