Dimna IL deltok i helga på Världsungdomsspelen i Gøteborg som er verdens største barne- og ungdomsstemne med over 4000 deltakere og neste 9000 starter. I tillegg til det beste utøvarane frå dei Scandinaviske landa var det med deltakarar frå ei rekke andre land.

 

Det blei fleire gode resultat. Klikk på Les meir som har  i laga ei oppsummering av dei beste prestasjonene denne helga.

Jonas Andre Ose tok søndag sølv på 200 m med tida 22,35 sek som også er personleg rekord. Det var langt frå optimale 200 m forhold. Ein kraftig motvind i svingen på den første delen av løpet blei ikkje oppveia av lett medvind på oppløpet. Vi trur derfor at Jonas vil forbedre seg ytterligere på 200 m utover i sesongen. På 100 m var han uheldig og fekk kraftig motvind i sitt forsøksheat noko som førte til at han ikkje kom med i A finalen. I B finalen tok han ein suveren seier.

Nær pallen var også Caroline Amalie Sætre på 300m hekk. Ho blei nr 3 i det beste heatet med tida 45,62 sek. Men i heatet etter kom der ei jente som lurte Caroline for bronsen og slo Caroline med ein hundredel.

Nær pallen var også Iver Moldskred i spyd. I 18/19 års klassa kasta Iver spydet 54,51 m noko som holdt til 4.plass.

 

ANNA TOK NM KRAVET

16 år gamle Anna Garnes Kleven var beste jente i kvalifiseringa i lengde då ho hoppa 5,36 m i godkjent vind. I finalen hoppa ho like langt og enda til slutt på 7.plass i ei sterk lengdekonkurranse som hadde heile 80:deltakarar. Med dette resultatet er Anna også kvalifisert for senior NM i Byrkjelo som går i midten av august. I denne klassa hoppa også Kornelia Roppen. Ho klarte ikkje denne gangen å kopiere den sterke hoppingen ho fekk til under Tyrvinglekene der ho sette pers med 5,18 m. I helga fekk ho motvind i sine hopp og klarte ikkje å kome seg over 5,02m som måtte til for å kome til finalen. Søndag sette ho pers på 100 m hk.

 Anna avslutta stemnet søndag med ein sterk 200 m. I kraftig motvind løp ho nesten ned på pers med tida 26,54 sek. Anna ser nok snart 25 tallet på 200 m.

Johanne Rise Kvalen (18) tok seg også til finalen i lengde. I hard konkurranse med dei beste 18 og 19 åringane enda ho på 10. plass med resultatet 5,47m. Ho løp også ei god 200 m i motvinden søndag.

Anette Lydersen kasta slegge i Gøteborg. Anette som er 16 måtte konkurrere med 16 og 17 åringane. Av 35 deltakarar enda ho på ein flott 13 plass. Ed eit kast på 44,58 m. Dette like bak hennar personlege rekord.

Alice Ulla Berg gjennomførte ein god 400 m i seniorklassen. Ho kom inn på tida 57,89 sek. Eit tid som berre 3 tideler bak hennar personlege rekord. Også Alice løp ein sterk 200m i motvinden søndag.

Mats Fredriksen (16) prøvde seg form for første gang på 2000 m hinder. Han måtte i Sverige konkurrere i klasse med eit år eldre gutter. Han fekk dermed også litt høgre hinder enn kva han t.d. Vil møte på UM (91 cm mot 76 cm høge hinder). Han gjennomførte eit sterkt hinderløp på tida 6.56,70. Løpet satt nok litt i beina då,han søndag også prøvde seg på 3000 m uten hinder. Her løp han inn på tida 9.55 som var ca 10sek bak hans pers frå Tyrvinglekene.

Det var sol og varmt under heile stemnet. Men det var mykje vind under heile helga. Sidan dette er ein stor stadion med høge tribuner så går vinden i alle retninger inne på bana. Han kunne snu frå motvind til medvind på sekunder. Det gjorde det vanskelig for lengdehopparane å treffe planken. Også på 100og 200 m var det til tider litt dårlige forhold med mykje motvind.

Liseberg
Det er også populært med ein tur på Liseberg når vi er på stemne i Gøteborg. Denne gangen hadde vi øvingar frå før kl. 9 på morgonen til kl. 20 på kvelden så det blei ikkje tid til Liseberg for alle. Nokre fekk ein kort tur torsdag kvelden når vi kom ned til Gøteborg.

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS