På tur til Bislett Games i Oslo
Alle som var med på turen unntatt Mirjam som hadde eksamen og kom litt seinare og Arve (fotograf)
Alle som var med på turen unntatt Mirjam som hadde eksamen og kom litt seinare og Arve (fotograf)

Bislett Games er av dei største friidrettsarrangementa i verda kvart år. Ein del av dei eldste aktivive i Dimna IL saman med trenar Arve Hatløy bestemte seg tidleg i vinter at vi ville prøve å få til ein tur til Oslo og få med oss årets stemne. For nokre år sidan gjorde vi ein liknande tur med stor suksess.

På kvelden 1. juni 2006 var 12 Dimningar samla i Ulsteinvik sentrum, og venta på nattbussen til Oslo. Målet var Bislett Games neste dag, og mange opplevingar i Oslo i løpet av ei hektisk helg.

Natta på bussen er det ikkje så mykje å skrive om. Det blei ein lang busstur med matpause på Kvam og heller lite soving. Frukost blei det på sentralbanestasjonen i Oslo fredag morgon kl. 07.00. På bildet under ser vi Øyvind Brandal (tv) Torbjørn G. Knotten og Gaute Indresøvde.

frukost.jpg
Etter frukost var det klart for innsjekking på hotellet. Hotell Cæsar var eit naturleg val.
Etter frukost var det klart for innsjekking på hotellet.
Hotell Cæsar var eit naturleg val.
Det var enda tidleg på dag og fleire timar til vi skulle på Bislett. Sola skein, og det var sommar ute. Vi bestemte oss derfor for å ta ein tur i Frognerparken.
Det var enda tidleg på dag og fleire timar til vi skulle på Bislett. Sola skein, og det var sommar ute. Vi bestemte oss derfor for å ta ein tur i Frognerparken.
Her ser vi gjengen, unntatt Mirjam Knutsen, som hadde eksamen og kom tilOslo litt seinare.
Her ser vi gjengen, unntatt Mirjam Knutsen, som hadde eksamen og kom til
Oslo litt seinare.
Litt avslapping i Frognerparken i strålande sol og 20 grader etter ein lang busstur skulle forberede oss til ein lang kveld på Bislett. Astri-Louise Nevstad viser kven som er sjefen.

Litt avslapping i Frognerparken i strålande sol og 20 grader etter ein lang busstur skulle forberede oss til ein lang kveld på Bislett. Astri-Louise Nevstad viser kven som er sjefen.

Kamilla Sporsheim med ein ny venn?
Kamilla Sporsheim med ein ny venn?
Her er vi på plass på Bislett for å få med oss alt frå første øvinga.Her sitter gjengen i svingen med god utsikt til Spyd som skullebli det store høgdepunktet denne kvelden.
Her er vi på plass på Bislett for å få med oss alt frå første øvinga.
Her sitter gjengen i svingen med god utsikt til Spyd som skulle
bli det store høgdepunktet denne kvelden.

På plass på Bislett. Stemnet starta kl. 17.00. Siste øvinga var kl. 22.00.
Deretter var det konsert med bl.a. Idol gjengen og Carola.

 

Nokre av Dimningane stillte seg raskt opp ved gjerde for å prøve å sikreseg autografar frå dei store stjernene. Ikkje alle var lik villege å skrive autograf i år.
Nokre av Dimningane stillte seg raskt opp ved gjerde for å prøve å sikre
seg autografar frå dei store stjernene. Ikkje alle var lik villege å skrive autograf i år.
Og enda ein . . . . .
Og enda ein . . . . .
Andreas Thorkildsen i djup konsentrasjon før rekordkastet på 91,59 m

Andreas Thorkildsen i djup konsentrasjon før rekordkastet på 91,59 m

Andreas Thorkildsen
Andreas Thorkildsen

Laurdag formiddag var det klart for ein tur i byen før vi skulle ta bussen heim omkvelden. Gutane rusla mest rundt i byen og såg seg om. Her er det båtane på Aker Brygge som vert studert.

Jentene hadde som mål å tømme dei fleste klebutikkane - i alle fall besøke
dei fleste før dei stengde.

Båtane på Aker Brygge
Båtane på Aker Brygge
Etter at butikkane var stengt var det samling utanfor Stortinget der dagens "fangst" frå butikkane blei vist fram. Enkelte hadde nok litt mindre på kontoen no enn på formiddagen.
Etter at butikkane var stengt var det samling utanfor Stortinget der dagens "fangst" frå butikkane blei vist fram. Enkelte hadde nok litt mindre på kontoen no enn på formiddagen.

Bussen skulle ikkje gå for ut på kvelden. Laurdagen vart derfor avslutta med ein god middag på Egon. Deretter vart det ein tur på kino før vi måtte reise heim.

Her er vi klar for avreise med bussen. Gaute Indresøvde (over til venstre) og Øyvind Brandal slappar av i ei oppbevaringsboks, mens Kamilla Sporsheim (under) slit med å få plass til alt ho har handla i kofferten.

Her er vi klar for avreise med bussen. Gaute Indresøvde (over til venstre) og
Øyvind Brandal slappar av i ei oppbevaringsboks, mens Kamilla Sporsheim (under) slit med å få plass til alt ho har handla i kofferten.

Klokka 22.15 gjekk bussen til Sunnmøre igjen. Heime ventar Dimnaleikanesom vi skulle delta på og arrangere. Ei lang helg, mend mange opplevingar var dermed slutt. Men kanskje tar vi turen neste år også.

Klokka 22.15 gjekk bussen til Sunnmøre igjen. Heime ventar Dimnaleikane
som vi skulle delta på og arrangere. Ei lang helg, mend mange opplevingar
var dermed slutt. Men kanskje tar vi turen neste år også.

nm_2017_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS