Stor medaljefangst under UM i Overhalla - oppsummering

31.08 til 02.09 vart UM arrangert i Overhalle like nord for Namsos. Nok ein gong blei det ein fin medaljefangst som blei med bussen heim.

3 gull - 1 sølv og 4 bronsemedaljar blei beholdninga.

Her er ei kort oppsummering. Jonas Andre Ose tok gull på 100 m og 200 m. På 100 m vart det motvind så tida var litt over pers (11,28 sek). På 200 m vart det vindstille og han var derfor ikkje langt bak sin personlege rekord til tross for at han har vore småsjuk heile helga. Tida blei 22.25 sek.

Gull blei det også til Caroline Amalie Sætre. Hennar første UM gull kom i ei ny øving for Caroline. Ho prøvde seg i stav med minimal trening i forkant. Manglande teknikk kompenserte ho med mot, fart og styrke og feia over 2,55 m som holdt til UM gull i 17 års klassa.

Caroline tok ikkje berre gull i stav. Under 300 m hekk finalen laurdag løp ho inn til sølv og tok dermed sin 2. medalje for dagen. Tidlegare på dag hadde ho sikra seg bronse i lengde med eit lengste hopp på 5,35 m. Caroline var sjuk i starten på meisterskapet og måtte derfor stå over korthekk og 400 m.

Fleire bronsemedaljar

Det blei fleire bronsemedaljar i løpet av helga. Her er ei oversikt:

Jenter 15 år:
Elin Skavnes Våge  - slegge

Jenter 16 år:
Anette Lydersen  -  slegge
Kornelia Roppen  -  høgde
Anna Garnes Kleven  -  lengde

Gutar 18/19 år
Iver Saunes Moldskred  - spyd

4. plassar
Vi hadde også nokre som var nær pallen og fekk den litt "sure" 4. plassen for nokre - mens den for andre var i overkant av kva dei hadde forvente.

Johanne Rise Kvalen i lengde. Berre 8 cm frå bronsen
Anna Garnes Kleven på 300 m hekk. Berre nokre få tidelar frå pallen
Anna Garnes Kleven i tresteg. Berre ein dårlig planke frå pallen

Lang frå pallen var heller ikkje Oline Rise Kvalen i spyd og Henrikke Antonse på 2000 m kappgang. Begge enda på 5. plass.

Fullstendig oversiktsikt finner du på resultatatlista som du kan lese her,:

http://webres1.andro.no/um/2018/

På Dimna IL sin Facebook side er der også oversikt over dei fleste resltata til våre utøvarar under UM.

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS