Bygging av Ulsteinhallen i bilder (bilder frå 2014)

Bygginga av Ulsteinhallen i bilder (2013)

Klikk på bildet så kjem du til bildearkivet med fleire bilder  - oppdatert med nye bilder

Karsten best i Florø
Karsten Warholm på toppen av seierspallen.
Karsten Warholm på toppen av seierspallen.

Karsten Warholm stod for stemnets beste prestasjon under elitestemnet i Florø laurdag. Under vanskelege forhold løp han inn til seier på 400 m på tida 46,49 sek. Det er like bak hans personlege rekord på 46,31 sek og heller ikkje langt bak den Norske rekorden på 46,11 sek. 

Med 46,49 sek. topper Karsten no også Eurpastatistikken for junior på 400 m..

Friidrettsutstyret på plass i Ulsteinhallen
Dekket i Ulsteinhallen tar form - nye bilder

Klikk på bildet så kjem du til bildegalleriet med fleire bilder

Legging av dekke i Ulsteinhallen i gang
Bilder Ulsteinahallen november 2014
Stor aktivitet i Ulsteinhallen - nye bilder i bildegalleriet

Klikk på bildet så kjem du til galleriet med mange bilder som viser korleis hallen ser ut i dag.

Siste brikka i finansieringsplanen for Ulsteinhallen er på plass

Her er eit oversiktsbilde av den nye hallen. Det grønne feltet i midten er ei handballbane og størrelsen på dagens Ulsteinhall.
Her er eit oversiktsbilde av den nye hallen. Det grønne feltet i midten er ei handballbane og størrelsen på dagens Ulsteinhall.

Ulstein Gropup som har vore Dimna IL sin hovudsponsor gjennom mange år ønskjer å bidra til at Ulsteinhallen blir realisert.

I oppstartvedtaket i formannskapet kom det fram at prosjektet mangla 5 mill. i tilskot for å oppfylle krava sett tidlegare kommunestyrevedtak. Dimna IL fekk i oppdrag frå kommuna å prøve å skaffe desse midlane gjennom bl.a. å selje hallnamnet. Om vi ikkje fekk til dette ville heile prosjektet stå i fare for ikkje å bli realisert i den forma og omfanget ein har jobba mot.

 

Gledeleg melding frå Kulturdepartementet

I dag fekk vi den gledelege meldinga frå Kulturdepartementet som vi har venta på ei tid. Dei kunne i dag melde om at Dimna IL er tildelt 5 mill. i ekstra støtte til Ulsteinhallen. Dette er støtte som kjem i tillegg til ordinære spelemidlar på 13,5 mil.

Dette vedtaket saman med støtta vi har fått frå Ulstein Group gjer at alt rundt finansiering av Ulsteinhallen er formelt på plass.

Bygginga av Ulsteinhallen i gang

Her ser vi gravemaskinene frå Nord-Berg AS i full gang på tomta.
Her ser vi gravemaskinene frå Nord-Berg AS i full gang på tomta.

Tirsdag 4. desember var maskinen tll Nord-Berg på plass på tomta til den nye Ulsteinhallen. Ulstein Kommune er dermed i gang med bygginga av hallen som vil stå ferdig i løpet av våren 2014.

Ut på vinteren vil den gamle hallen bli tatt ned for å gi plass til friidrettshallen som blir på omlag 100 x 60 m. I hallen blir det i tillegg til friidrett også tilrettelagt for ballidrettar m.m. i midtarealet.

Etter kvart skal vi få lagt ut oppdaterte teikningar som viser korleis hallen vi sjå ut. Men inn til då kan vi alle gle oss over bildet som viser at gravemaskinene er i gang.

Sjå også reportasje i Sunnmørsposten her

Ulsteinhallen - den nye Friidrettshallen i Ulsteinvik

Slik kan det nye anlegget bli sjåande ut.
Slik kan det nye anlegget bli sjåande ut.

Arbeidet med å få realisert nye Ulsteinhallen som skal bli ein regional friidrettshall og fleirbrukshall er godt i gang. Ulstein kommunestyre har gjort vedtak om utbygging. Møre og Romsdal Fylkeskommune er også ein sentral aktør i prosjektet. Dei skal leige lokaler til kontor og klasserom til Ulstein Vidaregåande Skule. UVS skal også leige hallen til sine aktivitetar på dagtid. Fylkestinget i Møre og Romsdal Fylkeskommune skal etter planen godkjenne prosjektet i sitt møte i april. Utdanningsutvalet i fylket har gort eit einstemmig positivt vedtak om utbygging.

20111115_omr_deplan_a1.pdf
20111115_plan_1_etasje_ao.pdf
20111115_plan_2_etasje_ao.pdf
|
um_2019_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS