5. og 6. plass i junior NM laurdag

Anders Odden Pedersen og Marthe Mjøen Berg
<p>Anders Odden Pedersen og Marthe Mjøen Berg</p>

Junior NM på Askøy ved Bergen er i full gang. Laurdag vart det ein 5. og 6. plass til Dimna på 400 m hekk. Anders Odden Pedersen sikra seg ein flott 5. plass med 58,74. Marthe Mjøen Berg sikra seg 6. plassen etter eit flott løp på tida 66,58 som er ein solid ny personleg rekord.

Marthe forbetra fredag sin personlege rekord i forsøket med over eit sekund til 67,59 sek. I finala laurdag blei den forbetra med enda eit sekund til tida 66,58. Dette er også den 5. beste tida i Møre og Romsdal gjennom tidene.

Laurdag var Renate Grimstad i aksjon på 100 m hekk. Det var forsøk i dag. Her tok ho seg lett til finalen med den 4. beste tida.

Henrik Overvåg skulle løpe 200 m laurdag. Men etter to veker på ferie i Tyrkia har han blitt litt sjuk. Han prøvde seg i forsøket og tok seg greit til semifinalen. Men kroppen fungerte ikkje. Han brøt derfor semifinalen seinare på dagen.

Fredag var også Martin Haddal Sæther og Maria Ringstad i aksjon på 400 m og 1500 m. Ingen av dei klarte å kvalifisere seg for finalen laurdag. Martin fekk tida 52,94 mens Maria kom inn på tida 5.26,13. Ingen av dei var spesielt godt fornøgde med løpa sine.

Hareid IL har også hatt to utøvarar i aksjon. Best av dei vart Iselin Grimstad Selvåg på tresteg. Ho kvalifiserte seg først til finalen med resultatet 11,34 i litt for sterk medvind (+3,8). I finalen enda ho til slutt på 7. plass med resultatet 11,19 (vind +3,3).  Ådne Andersen løp 400 m fredag på tida 52,05. Dette holdt ikkje til finale.

Forholda i Bergen har ikkje vore spesielt gode. Det har gjennom heile stemnet vore kraftig motvind på sprinte. Under første del av fredagens øvingar var det også kraftig regn.

Mesterskapet fortsetter søndag med bl.a. Renate Grimstad i finalen på 100 m hekk og i høgde. Maria Ringstad skal løpe 2000 m hinder og Anders Egge Brandal skal kaste spyd. Dimna stiller også lag på 1000 m stafett for menn.

|
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS