Med fire gull og to bronsemedaljar vart det ein god start på UM i Haugesund fredag. Men siste øving kunne endt med katastrofe. Det viste seg at lengdegropa ikkje var lang nok til å hoppe opp mot 7,50 meter eller lenger. Karsten Warholm starta konkurransen med 7,42 m. I dei neste omgangane hoppa han enda lenger (med desserre litt dødt). Ikkje berre var hoppa lange. Dei var så lange at han slo kneet i neden på gropa, med skrubbsår på kneet som resultat. Dette kunne gått langt verre. Etter kvart fekk arrangøren polstra enden på gropa og konkurransen kunne fortsette.
Karsten Warholm tok gull i lengdekonkurransen. Gull blei det også på 110 m hekk og 400 m. På 100 m blei det bronse.
Tobias Skavnes Våge tok gull på 110 m hekk etter eit jevnt løp som Tobias gjekk seirande ut av. På 1500 m hinder i 15 års klassa blei det bronse til Isabella C. Sundgot.