Gull til Kamilla Sporsheim i UM
kamilla_um_gull.jpg
Kamilla Sporsheim vart ungdomsmeister i stav under Ungdomsmeisterskapet i stangehallen denne helga. Sjølv om Kamilla var fornøgd med gullmedaljen var resultatet (1,80 m) ein del under hennar personlege rekord frå sist sommar. Lite trening på stav, og ein alt for mjuk stav gjorde at det ikkje blei ny pers. denne gangen.

Ei som satte ein solid personleg rekord denne helga var 15 år gamle Astri-Louise Nevstad. Ho fekk til slutt ein 5. plass i kule og forbetra sin personlege rekord frå 9,70 til 10,20.

5. plass i kule vart det også til Kristine Garshol med resultatet 9,61 som er litt bak hennar personlege rekord.

Mirjam Knutsen var det 4. jenta frå Dimna IL som var med på UM denne helga. Mirjam starta laurdag med 60 m. Her satte ho ny pers. med 8,50. Dette var ikkje godt nok til finaleplass. I sprint for jenter var nivået i jenteklassene svært høgt. Seinare på laurdagen var det lengde for Mirjam. Her hoppa ho 4,79 men hadde ikkje marginane på si side. 2 cm frå ein finaleplass som kunne ha gitt henne ei langt betre plassering

Siste hoppet i forsøket var eit hopp på langt over 5 meter, men dessverre dødt. Ho enda derfor på ein 9. plass. På søndagens 200 m fekk ikkje Mirjam heilt opp farta, og vart utslått med tida 28,53.
Kamilla Sporsheim prøvde seg også på 800 m laurdag. 800 m forma er imidlertid ikkje heilt på plass enda. Ho stivna derfor kraftig på den siste runda og kom til slutt inn på tida 2.41,97.

Heile resultatlista kan du sjå her

knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
kongsberg-hovedlogo_1748x1311-beskj_rt.png

   

tussa_logo_cmyk_m_rkebl_.png

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
original-nm-2022.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS