
Nytt i 2006
Rekordstor friidrettsaktivitet i Dimna IL

Årets romjulsmarsj gjekk av stabelen, tradisjonen tru; 2. juledag. Trimnemnda var spent på korleis deltakinga ville verte denne regnfulle og mørke dagen. 1. juledag var optimismen på topp då endatil sola kika fram, og det vart ein flott dag.

Vi vil med dette ønskje alle aktive, foreldre og andre ei god jul og eit godt nyttår.
Dimna IL
Styret

Dimna IL og Hareid IL vil gjennom vinteren arrangere ein Team Atheltic serie som endar opp i Team Athletic Games den 24. mars 2007. Første stemne vart arrangert 12. desember med nesten 80 deltakarar frå 10 til 14 år. Ein fin premie blir det til dei som deltar i alle stemna. Det blei med stor innsats konkurrert i fleire Team Athletic øvingar. Resultata kan du sjå under.
Fleire bilder kan du sjå under bildemenyen til venstre.
Dimna IL arrangerer innandørsstemne
Dimna IL vil 20. januar arrangere innandørsstemne i Storhallen i Sykkylven. Dette blir eit stemne for alle frå rekruttar og oppover. Øvingane som er satt opp er 40 m, høgde, kule og lengde med tilløp.
Alle må derfor reservere denne laurdagen for friidrett.
Her kan du sjå heile innbydinga til stemnet.

Tenning av julegrana, 11.12.06 Kl.17.30 Fakkeltog frå Hellestøa og
krysset Ytre Dimna, 15 min før. Hasund og Dimnøy Skulekorps spelar. Gløgg og pepparkake til alle.

Barnerevyen i Dimna er klare med ein ny revy. Dei har framsyning komande helg. Billettsalet er i gang, og har du enda ikkje sikra deg billett så kan du bestille no:
FRAMSYNINGA "OG GOD JUL" 2006:
LAURDAG 2/12 KL.16.00
LAURDAG 2/12 KL.18.30
SØNDAG 3/12 KL.16.30
Billettpris kr. 75,-
barnerevyen_dimna@hotmail.com
eller ring 47 85 31 65
Treningsamling i Storhallen i Sykkylven
2. og 3. desember vert det treningsamling for alle frå 14 år og oppover i Storhallen i Sykkylven. Her vil det vere gode trenarar i alle øvingsgrupper. Frå Norges Friidrettsforbund kjem bl.a. Erlend Sæterstøl og Harald Breivik.
Alle frå Dimna som vil vere med må melde seg på til Arve innan 28. november. Heile innbydinga kan du lese under:

20. til 22. oktober skal Mirjam og Kamilla delta på Norges Friidrettsforbund sin Speakerskole på Ås utenfor Oslo. Der er ungdomskomiteen i Norges Friidrettsforbud som arrangerer speakerkurset som Mirjam og Kamilla har fått plass på. Målet med kurset er å utdanne speakerar som kan skape meir liv på stemna rundt om i landet.
Sjå reportasje frå kurset på friidrett.no her

KM i mangekamp avsluttar sesongen

Mange av våre egne yngste utøvarar kunne ikkje delta denne helga på grunn av kollisjon med andre arrangement. Under kan du studere resultatlistene frå både konkurranseklassen og rekruttane.
Resultat Høddleikane 23. september 2006

Du kan lese meir om dette på friidrett.no her.
Nye bilder er lagt ut

Astri-Louise Nevstad tok heile 3 gull under den Midt Norske U-matchen i Levanger i helga. Astri-Louise vart mestvinnanede på Møre og Romsdal sitt kretslag som denne helga målte krefter med Nord og Sør Trøndelag. U-Matchen er ein kretskamp mellom fylka i Midt Norge for friidrettsutøvarar mellom 15 og 22 år.
Funksjonær fekk spyd i hovudet
Under U-matchen i Levanger var ein funksjonær uheldig og fekk eit spyd i hovudet. Det gjekk fint med manne som raskt blei tatt hand om av lege og frakta til sjukehus i ambulanse.
Du kan sjå meir om ulykka på dagbladet.no her

1234Neste |