3 Gull til Astri-Louise Nevstad i U-Matchen
Astri-Louise Nevstad her på toppen av seierspallen etter seieren i kule. Nummer 2 er Ida Westgård Gjøvåg og nr. 3 er Nora Synnestvedt Johansen begge frå Sør Trøndelag
Astri-Louise Nevstad her på toppen av seierspallen etter seieren i kule. Nummer 2 er Ida Westgård Gjøvåg og nr. 3 er Nora Synnestvedt Johansen begge frå Sør Trøndelag

Astri-Louise Nevstad tok heile 3 gull under den Midt Norske U-matchen i Levanger i helga. Astri-Louise vart mestvinnanede på Møre og Romsdal sitt kretslag som denne helga målte krefter med Nord og Sør Trøndelag. U-Matchen er ein kretskamp mellom fylka i Midt Norge for friidrettsutøvarar mellom 15 og 22 år.

16 år gamle Astri Louise Nevstad var den beste kastaren i Midt Norge i helga. Ho tok gull i både kule, slegge og diskos. Ho starta laurdag i klasse 15-22 år med slegge her blei det gull med resultatatet 26,06 m. Søndag blei det gull i kule med 10,96 m og i diskos med resultatet 25,28 m.

Mirjam Knutsen fekk det ikkje heilt til å klaffe i favorittøvingane lengde og tresteg. I lengde hoppa ho 4,79 m. Trestegkonkurransa gjekk kun 5 min etter lengdekonkurransa vart. Dette prega resultata her, og Mirjam måtte nøye seg med 9,46 m. Mirjam deltok også i høgde og diskos søndag. Her fekk ho to 3. plassar.

Kamilla hoppa over alt
Den tredje Dimningen som var i Levanger var Kamilla Sporsheim. Denne helga blei ho utfordra til å delta på alt som ein kunne hoppe over. Ho starta laurdag med 100 m hekk. Her fekk ho ein fin 3. plass. Deretter var det stav som stod på programmet. Her hoppa ho litt under pers og enda på 2,20 m. Til slutt laurdag var det 2000 m hinder som stod på programmet. Her steppa Kamilla inn då alle våre gode hinderløparar hadde meldt forfall til kretskampen. Søndag starta med høgde (5. plass) for deretter å springe 300 m hekk. Her blei det 4. plass. For å fylle opp laget i kule stillte Kamilla også opp her på søndagen.

Sara Lande Rise frå Hareid IL deltok også. Laurdag kasta ho spyd og fekk ein 3. plass med resultatet 31,48 meter, mens ho søndag sikra seg ein 2. plass i kule med resultatet 9,66 m.

Frå Hødd deltok Stian L Scheide. Han blei nummer 6 på 1500 m med tida 5.11,29 og nr. 5 på 800 m med tida 2.13,44.

Fleire bilder og kanskje nokre videoklipp skal kome i løpet av veka.

Resultatliste_U_Matchen_2006.pdf
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS