Årets romjulsmarsj gjekk av stabelen, tradisjonen tru; 2. juledag. Trimnemnda var spent på korleis deltakinga ville verte denne regnfulle og mørke dagen. 1. juledag var optimismen på topp då endatil sola kika fram, og det vart ein flott dag.

Vi la opp til registrering  og drikkestasjon ved skulen, i tillegg til drikkestasjon ved Kjærringnesvatnet.

 

Vi starta opp med registrering før klokka vart 12 og når vi kl 14 fekk talt opp deltakarane var vi svært fornøgde med arrangementet. Blant 114 registrerte var det folk i alle aldrar; Åsmund Dimmen Roppen(3 1/2 mnd) som den yngste og Johanne Spjutøy (76 år) som den eldste. Deltakarane tok seg rundt øya på ulikt vis: dei minste barna i vogn, dei litt eldre barna sykla. Ellers spaserte dei fleste, men vi såg også dei som sprang av gårde. For dei som hadde gått ”feil vei” vart det ei skikkelig sosial oppleving.

 

Det var også sal av nissemarsj-medaljer, og mange av barna gjekk stolt rundt med beviset for at dei hadde vore med på marsen.

 

Vi i trimnemnda er svært takksame for at bygdefolket støtter opp om arrangementa våre, og gledelig er det at også dei utanom bygda synes dette er eit fint tiltak. Det kan sjå ut som Romjulsmarsen til Dimna IL er ein viktig tradisjon for folk i distriktet.

 

Det var også utdeling av fjelltrim-premiar denne dagen. Mange strålande barn synes det var stor stas med dei flotte glasstatuetten, som premie for kjempeflott innsats i fjelltrimmen 2006.

 

Etter mange positive tilbakemeldingar er dette er noko som Trimnemnda ønskjer å vidareføre.

 

Vi selde over 60 kart, og 41 av desse har levert inn karta og kvalifisert seg til premie. For å få premie må ein ha teke 10 eller fleire postar, men dei fleste av desse har teke alle 12!!

 

Av premielista, ser vi at mange av deltakarane er barn, og det var den målgruppa vi ynskte og nå med dette opplegget.

 

Markus Gjerde, Sander Gjerde, Johanne Rise Kvalen, Oline Rise Kvalen, Kathrin Rise, Ingrid Dragsund Mork, Kristian Dragsund Mork, Merete Våge m/fam, marte Holm, Christian Lorentzen, Tordis Lydersen m/fam, Steffen Anderson, Per Gustavsen m/fam, Signe Støylen, Leonard Hasund Michalsen, Sigve Hasund Michalsen, Sondre Baade Jøsokbakke, Leif P. Dimmen, Oda Knutsen, Hilde Aglen m/fam, Svein Ertesvåg, Erik Krogset Heimdal, Gunnar L. Sundgot, Liva Lillerovde, Andreas Lillerovde, Katharina Kristoffersen, Oskar Kristoffersen, Turid Mette Dimmen, Karsten Warholm, Kristine Haddal m/fam, Dagfinn Dragsund, Gunvor Dragsund, Unni Dragsund og Peder Dragsund Hagen, Sivert Dragsund Hagen, Andrine Dragsund Hagen, Mari Hatløy, Anna Hatløy, Erik Hatløy, William Skeide Eikrem, Jonas Våge Overå.

 

Dei som ikkje har fått fjell-premien sin, kan henvende seg til Steffen på Straumane Inter Sport.

 

 

Kathrin Rise

Trimnemda

knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS