Øyvind Brandal kretsmeister i mangekamp
Lokale medljevinnarar i KM Mangekamp. Frå venstre Martin Sæter (gull) Brage Dimmen (bronse), Renate Grimstad (sølv) Kamilla Sporsheim (sølv) og Øyvind Brandal (gull)
Lokale medljevinnarar i KM Mangekamp. Frå venstre Martin Sæter (gull) Brage Dimmen (bronse), Renate Grimstad (sølv) Kamilla Sporsheim (sølv) og Øyvind Brandal (gull)
Under flotte forhold og med god deltaking blei KM i mangekamp arrangert i Elnesvågen i helga. Øyvind Brandal vart kretsmeister i klasse 14 år, mens det blei sølv til Renate Grimstad (14) og Kamilla Sporsheim (17). Martin Sæter frå IL Hødd tok seieren i 13 års klassa. Det vart elles mange gode resultat i helga, og fleire fine duellar i mangekampen.

Øyvind Brandal tok til slutt ein klar seier etter å ha vunne heile 5 ov 6 øvingar i 6 kampen. Martin Sæter låg på 2. plass før den avsluttande 600 meteren. Her løp han saman med 14 åringane. Øyvind Brandal tok leiinga og kjørte hardt frå Start. Martin hang seg på og blei dratt inn til ei så god tid at han tok igjen forspranget som Brede Stølen frå Midsund hadde, og sikra seg KM tittelen.

I 14 års klassa for jenter var det ein hard kamp mellom Siv Krakeli Sneen frå Eide og Renate Grimstad frå Dimna IL. Etter ei sterk avslutning frå Renate klarte ho nesten å ta inn forspranget som Siv hadde skaffa seg på dei første øvingane. Men forspranget var litt for stort. Så sjølv om Renate hoppe heile 1,45 i høgde og sette ny personleg rekord på 600 m så enda ho til slutt nokre poeng bak Siv Krakeli Sneen frå Eide IL.

Ein annan fin duell under KM var kampen i jenter 16-17 år. Her stod kampen mellom Kamilla Sporsheim frå Dimna IL og Eirin Roiha Sunde frå Ålesund FIK. Gjennom første dag veksla dei mellom å ha leiinga etter dei ulike øvingane. Men 2. dag fekk Eirin eit forsprang gjennom å vinne lengde og spyd. Dette forspranget kunne ikkje Kamilla hente inn på den avsluttande 800 meteren.Eirin tok seierane på 200 m, 100 m hekk, lengde og spyd. Kamilla tok seierane i kule, høgde og 800 m.

Nokre lokale 10 og 11 åringar deltok også ein 4 kamp. Aller best her var 10 år gamle Karsten Warholm frå Dimna IL. Han fekk heile 3.598 poeng. I både lengde og 60 m hadde han resultat over 1000 poeng. 60 meteren løp han på 8,85 sin gir heile 1124 poeng etter tyrvingtabellen, mens han i lengde hoppa 4,17 som gir 1016 poeng. I tillegg deltok desse i kule og 600 m.

I 4 kampen i jenter 11 år kom Jenny Stokkevåg Berg på 2. plass samanlagt, mens Andrine Dragsund Hagen kom på 4. plass. Vinnar i denne klassa vart Janne Aasen Nerland frå Eide.

I gutar 11 år vart det seier til Håvard Fylsvik frå  IL Hødd føre Emil Sæther frå Ålesund FIK.

Den komplette resultatlista kan du finne under resultatmenyen til venstre.

Under bildemenyen og bilder 2006 - mangekamp kan du finne mange blider frå mangekampen. Fleire kjem etter kvart.

Resultater_KM_mangekamp_2006.xls
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS