Rekordstor friidrettsaktivitet i Dimna IL

Friidrettsaktiviteten i Dimna IL er no rekordstor. Totalt er omlag 75 barn og ungdommar aktive i dei ulike treningsgruppene. Friidrettsgruppa er no inndelt i tre treningsgrupper fordelt etter alder.

Den yngste gruppa som er for dei mellom 6 og 9 år vert leia av Randi Dragsund Mork. Ho har med seg Ole Lillerovde og Terje Våge som trenarar. Denne gruppa har for tida rundt 35 aktive på treningane sine. Dei trenar i Dimna ein gang pr. veke.

Neste gruppe er frå 10 til 13 år. Denne gruppa vert no trena av Unni Dragsund, Britt Janne Stokkevåg og Cecilie P. Anderson.  Denne gruppa har vokst ein del i det siste, og har no 20 aktive på treningane. Dei har to fellestreningar pr. veke.

Den eldste gruppa som består av aktive frå 14 år og oppver vert trena av Arve Hatløy og Jon Ove Pedersen. Denne gruppa trenar ein god del meir enn dei yngste, med 3 til 4 fellestreningar pr. veke. Gruppa består i dag av 19 aktive frå 14 til 18 år.

Med så mange aktive som vi no har, så ønskjer vi oss fleire trenarar. Dersom nokon kunne tenkte seg å hjelpe til på nokon av gruppene håpar vi at dokke tar kontakt. Du behøver ikkje å vere med på alle treningane. Kunne du for eksempel hjelpe til på ei trening pr. veke hadde det vore til stor hjelp. Ta gjerne kontakt med ein av trenarane dersom du kunne tenke deg å ta i eit tak.

sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS