Videoklipp frå NCC-Lekene i Trondheim 9. og 10. sept.

Her er nokre klipp frå NCC-lekene for 13 og 14 åringar i Trondheim. Vinnarane blei intervjua av banespeakeren. Nokre av dei lokale vinnarane kan du sjå her. Utøvarane frå M & R har lyseblå t-skjorter.
NCC_Lekene2006_200m_hk_jenter_13ar.mpg
NCC_Lekene2006_H_gde_Renate_Grimstad.mpg
NCC_Lekene2006_intervju_Aurora_Midtfl_.mpg
NCC_Lekene2006_Intervju_Brage_Dimmen.mpg
NCC_Lekene2006_intervju_Renate_Grimstad.mpg
NCC_Lekene2006_premieutdeling_gutar_14ar_tresteg.mpg
NCC_Lekene2006_Renate_Grimstad_60m_HK.mpg
Komapktleikane på Aksla Stadion
Karsten Warholm med nok ein pers. i lengde
Karsten Warholm med nok ein pers. i lengde
Laurdag arrangerte IL Valder kompaktleikane på Aksla Stadion. Fleire 10 og 11 åringar frå Dimna deltok. Ut frå resulatatlistene kan vi sjå hat der var mange fine resultat. Karsten Warholm (10 år) sette nok ein gong aldersrekord for Møre og Romsdal i lengde. Denne gangen hoppa han 4,53 m. 11 år gamle Ingunn Ertesvåg var med på sitt fyrste stemne; og ho fekk to fine 2. plassar med 3.61 på lengde og 10.04 på 60m. Heile resultatlista kan du sjå her:
Resultatliste_Kompaktlekene_2006.xls

Kompaktleikane på Aksla 9. september 2006

Her er korrigert resultatlista frå Kompaktleikane 2006
Resultatliste_Kompaktlekene_2006.xls
Lagserien - Dimna på 6. plass i 3. divisjon
logo_lagserie.gif
Norges Friidrettsforbund har lagt ut ein ny oppdatert versjon av lagserien pr. 06.09.06. Dimna IL sine jenter som er i 3. divisjon ligg her på 6. plass. I fjor enda dei på 11. plass til slutt. I denne serien vert dei 20 beste resultata omrekna til poeng (senior-tabellen). Tingvol FIK ligg på 10. plass mens Ålesund FIK ligg som nr. 14. Heile lista med detaljar kan du sjå her.

Videoarkivet og bildearkivet oppdatert

I videoarkivet i menyen til venstre er det no oppdatert med nokre klipp frå UM i Byrkjelo. Fleire kjem etter kvart. Bildemenyen er også oppdatert med bilder frå Ørstaleikane
Ørstaleikane med mange gode resultat
Karsten Warholm med fleire gode resultat under Ørstaleikane
Karsten Warholm med fleire gode resultat under Ørstaleikane

Til tross for at vi ikkje hadde så veldig mange med under Ørstaleikane vart det mange medaljar til Dimna også denne helga. Aller best i Ørsta var nok 10 år gamle Karsten Warholm (bildet) som sette ny pers. lengde med 4,40 m. Han tok også seieren på 60m, 600 m og høgde. Resultata i lengde, høgde og 60 m var alle over 1000 poeng etter Tyrvingtabellen.

God form viste også 14 åringane som neste helg skal representere Møre og Romsdal i NCC-leikane i Trondheim.

Torbjørn Gurskevik Knotten sette ny pers i kule med resultatet 11,36 m. Ny pers. blei det også i slegge med resultatet 27,42 meter. Øyvind Brandal tok seieren i lengde og 60 m. Den gode forma han hadde tidlegare i år er no på veg tilbake.

Ørstaleikane med fleire gode resultat

Til tross for at det var fleiere gode resulat under første dag av Ørstaleilkane, så er det nok skaden til Kristine Garshol vi huskar best frå denne dagen.
Kretslaget til NCC-leikane 2006 er klart
Tre av Dimningane som i fjor var i Trondheim. Frå venstre Renate Grimstad, Karoline Vattøy Larsen og Maria Ringstad. Karoline har flytta til Bergen og er tatt ut på Hordaland FIK sit lag
Tre av Dimningane som i fjor var i Trondheim. Frå venstre Renate Grimstad, Karoline Vattøy Larsen og Maria Ringstad. Karoline har flytta til Bergen og er tatt ut på Hordaland FIK sit lag
Møre og Romsdal friidrettskrets har tatt ut laget til NNC-leikane i Trondheim 9. og 10. september. NCC-leikane (tidlegare Regionale Ungdomslekene) er for 13 og 14 åringar.  Fleire utøvarar frå Dimna, Hødd og Hareid er tatt ut på laget.

Heile laguttaket kan du sjå her.

Uttaket til U-matchen er no klart

Uttaket til U-matchen i Levanger 16. og 17. september er no klart. Dette er eit kretslag for dei over 15 år. Klikk på ler meir så får du heile uttaket.

Statistikk frå UM i Byrkjelo

Det er laga masse statistikk frå UM i Byrkjelo. Alt kan du lese her på friidrett.no. Under har vi sett litt på 16 og 17 års klassa der vi hadde deltakarar med. Her kan du sjå kor mange poeng vi klarte å få og plasseringa vi fekk.
Dag 2 i Byrkjelo utan medaljar
Litt bading vart det også tid til mellom slaga på Byrkjelo Stadion
Litt bading vart det også tid til mellom slaga på Byrkjelo Stadion
Det blei ingen medaljar på Dimna IL sine utøvarar under 2. dag av UM i Byrkjelo.
Astri-Louise Nevstad var først ute laurdag morgon. Slegge stod på programmet først. Ho sleit litt med å få slegge ut av buret. Men fekk eit godt kast på 27,71 m gyldig. Dette holdt til ein 5. plass. Ho hadde også eit godt kast over 29 m, men då fekk ho litt problem med balansen i ringen. Kastet blei dermed dødt.

Oversikt over alle Dimna-resultata i UM

Her har vi samla alle resultata frå Dimna IL sine utøvarar under UM
Bronse til Kamilla Sporsheim i Stav
Her ser stafettlaget som fekk ei kraftig rengbyge under stafetten. Frå venstre: Kamilla Sporsheim, Stine Skogen, Nina Urke Ertesvåg og Mirjam Knutsen.
Her ser stafettlaget som fekk ei kraftig rengbyge under stafetten. Frå venstre: Kamilla Sporsheim, Stine Skogen, Nina Urke Ertesvåg og Mirjam Knutsen.

Kamilla Sporsheim tok bronse i stav under siste dag av UM i Byrkjelo. Kamilla hoppe 2,15 som var same resultat som sølv-vinnaren. Men Kamilla hadde eit riv meir i konkurransen og måtte derfor nøye seg med bronse denne gangen.
Jentene deltok også på 1000 m stafett søndag. Til tross for at regnet kom mot slutten av stemnet søndag, så gjennomførte dei ein god stafett. Dei enda på 5. plass i 19 års klassa. Tida var ca 2 seg. betre enn i UM for to år sidan.
Vi kjem tilbake til meir frå UM. Både bilder og video litt seinare i veka. Inntill då kan du lese meir om UM på www.um2006.no

 

Sølv til Kristine Garshol i slegge under UM
Kristine Garshol med sølv i UM. Her ser vi Kristine på seierspallen saman med Marte Aaltvedt frå Minerva som tok gull og Julie Vinnalnger frå ASK Friidrett som tok bronsemedaljen.
Kristine Garshol med sølv i UM. Her ser vi Kristine på seierspallen saman med Marte Aaltvedt frå Minerva som tok gull og Julie Vinnalnger frå ASK Friidrett som tok bronsemedaljen.

Kristine Garshol tok ein flott sølvmedalje i slegge under første dag av UM 2006 i Byrkjelo. Kristine satte ny personleg rekord med resultatet 35,06. Ho var berre 17 cm bak gullvinnaren Marte Aaltvedt frå Minerva.

Astri-Louise Nevstad hadde sin første øvelse som var diskos fredag. Her satte også ho personleg rekord med 27,04. Dette holdt til ein flott 4. plass. Ho var berre 32 cm bak bronsemedaljen. Astri-Louise skal laurdag kaste slegge og støte kule.
Opprykk for Dimna i kretscupen
Dimningane som deltok på det siste kretscupstemne. Frå venstre Gaute Indresøvde, Kristine Garshol, Astri-Louise Nevstad, Janita S. Heimland, Mirjam Knutsen og Kamilla Sporsheim.
Dimningane som deltok på det siste kretscupstemne. Frå venstre Gaute Indresøvde, Kristine Garshol, Astri-Louise Nevstad, Janita S. Heimland, Mirjam Knutsen og Kamilla Sporsheim.
Dimna IL tok ein klar seier i 2. divisjon under kretscupen som blei avslutta i Ørsta søndag. Dimna IL har dei siste åra hatt litt for unge utøvarar til å hevde seg i kretscupen, og måtte derfor i år stille i 2. divisjon. Her var utøvarane frå Dimna suverene, og tok ein klar seier. 

Her kan du sjå sluttstillinga i kretscupen 2006
Resultatliste_Kretscup3_4_i_Orsta.rtf
Mirjam Knutsen med seier i hoppcupen
Mirjam Knutsen til topps i kretscupen, føre nr. 2 Heidi Charlotte Aasen Nerland frå Eide IL
Mirjam Knutsen til topps i kretscupen, føre nr. 2 Heidi Charlotte Aasen Nerland frå Eide IL

Mirjam Knutsen frå Dimna IL kjempa ein hard kamp med Heidi Charlotte Aasen Nerland frå Eide IL om seieren i hoppcupen som vart avslutta på kretscupstemne i Ørsta. Føre den avsluttande trestegkonkurransen søndag leia Mirjam med eit poeng på Heidi. Laurdag deltok dei begge i høgde som ikkje er nokon favorittøving for nokon av dei. Her enda dei på delt 4. plass, så alt skulle avgjerast på den avsluttande trestegkonkurransen. Begge jentene hadde mange døde hopp i konkurransen, men Mirjam hoppa lengst i dei godkjente hoppa og  sikra seg ein 3. plass i konkurransen, mens Heidi enda nr. 5. Dermed vart det seier til Mirjam samanlagt med Heidi på 2. plass.

Videoklipp frå Kretscup 3 og i Ørsta 19. og 20.08.2006

Her er nokre videoklipp frå kretscup nr. 3 og 4 i Ørsta.
Kretscup3_100m_A_finale_kvinner.wmv
Kretscup3_100m_A_finale_menn.wmv
Kretscup3_Hogde_Kvinner.wmv
Kretscup3_H_gde_Menn.wmv
Kretscup3_Kamilla_Sporsheim_Hogde.wmv
Kretscup3_Spyd_kvinner.wmv
Kretscup4_Slegge_Astri_Louise_Nevstad.wmv
Kretscup4_Slegge_Kristine_Garshol.wmv
Kretscup4_Tresteg_Ingrid_Rolland.wmv
Kretscup4_Tresteg_Mirjam_Knutsen.wmv

Kristine Eikrem Engeset frå Ørsta finaleklar i VM

Våre lokale friidrettstalent fortsetter i imponere under junior VM i Beijing i Kina. Kristine Eikrem Engeset kvalifiserte seg i dag direkte til finale på 1500m ved å bli nr.3 i det første av tre forsøksheat . Finalen går søndag.

Les meir på friidrett.no her

Vi gratulerer Karoline Bjerkeli Grøvdal med 5. plass i VM
karolinegrovdal.jpg

Karoline Bjerkeli Grøvdal frå Isfjorden løp inn til ein flott femteplass i finalen på 3000 m hinder under junior-VM i Beijing i dag.
Tida blei 10.00,44 som er 5 sekund bak hennar personlege rekord. Vinnar blei kenyanske Caroline Chepkurui Tuigong på 9.40,95. Skulle Karoline tatt bronse måtte ho ha sett personleg rekord med 7 sekund, så Karoline må absolutt vere fornøgd med innsatsen under VM i Kina.
Vi gratulerer.
Du kan lese meir på friidrett.no

Kretscup i Ørsta kommande helg
Mirjam Knutsen leia kretscupen i hopp
Mirjam Knutsen leia kretscupen i hopp
19. og 20. august er det klart for dei to siste kretscupstemna. Dimna IL har ikkje deltatt i kretscupen med så mange utøvarar dei siste åra, og stiller derfor i 2. divisjon. Her leia vi klart føre dei siste stemna. Målet må derfor vere å halde på denne leiinga og rykke opp til 1. divisjon. Etter dei 2 første stemna har Dimna 99 poeng, mens nummer 2 Molde Olymp har 28 poeng. Her kan du sjå stillinga i kretscupen så langt:
Resultat_samanlagt_etter_kretscupstemne_1_og_2.xls
Forhånd.1234Neste
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS