KM arrangert på Aksla stadion under flotte forhold
Astri-Louise Nevstad med 3 KM gull i helga
Astri-Louise Nevstad med 3 KM gull i helga

KM for 13 til 19 år vart arrangert på Aksla Stadion i helga.  Flotte forhold var det for friidrett med medvind på både sprint og lengde. Eide IL vart beste KM klubb tett fulgt av Dimna IL. Eide såg ut til å ta ein klar seier i denne konkurransen. Men Dimna IL tok sterkt innpå i siste delen av stemnet. Men mangla 11 poeng til slutt for å ta seieren frå Eide. Synd for Dimna at sikre poengsankarar som Torbjørn G. Knotten, Kamilla Sporsheim og Stine Skogen mangla.

 

Resultat_KM_13_19ar_laurdag.xls
Resultat_KM_13_19ar_s_ndag.xls

Tidsskjema KM 2006

Vi har no mottatt tidsskjema og deltakarliste for KM på Aksla. Du kan lese dei her:
Deltakere_KM_2006.xls
Tidsskjema_KM_2006.doc

KM 13-19 år på Aksla Stadion 12. og 13. august

Haustsesongen vert i år innleia med KM for 13-19 år på Aksla Stadion. Sjølv om alle ikkje e heilt ferdig med ferien enda - så håper vi å kunne stille med ein bra gjeng på kretsmeisterskapet. Innbydinga med øvingsutvalet kan du sjå her. Dei frå Dimna som vil vere med må melde seg på til Arve på tirsdagstreninga, eller sende ei melding i løpet av tirsdagskvelden. Søndag vil arrangøren også legge inn øvingar for 10-12 åringane. Dei kan då delta på 60 m og 600 m.

Sju jenter frå Dimna klare for UM i Byrkjelo
Medaljevinnane frå Dimna under UM i Moss i 2005. Frå venstre Astri-Louise Nevstad, Kristine Garshol og Kamilla Sporsheim.
Medaljevinnane frå Dimna under UM i Moss i 2005. Frå venstre Astri-Louise Nevstad, Kristine Garshol og Kamilla Sporsheim.

Ungdomsmeisterskapet vert i år arrangert på Byrkjelo Stadion 25. til 27. august. Sju dimningar er påmeldt. I tillegg vil vi stille med eit stafettlag på 1000 m stafett i klasse jenter 19.
Du kan følgje med på korleis det går under UM på www.um2006.no

Ikkje klaff under junior-NM

Junior-NM på Fana Stadion i Bergen blei ingen suksess for dei lokale deltakarane frå Ulstein og Hareid. Mirjam Knutsen og Kamilla Sporsheim deltok i lengde og 400 m hekk. Mirjam var langt bak persen med eit hopp på 4,69. Dette var det einaste gyldige hoppet under konkurransen og var nokre cm for kort til å kome til finalen. I finalen på 400 m hk deltok Kamilla. Første delen av løpet gjekk greit, men ved passering av den siste hekken var det slutt på kreftene og Kamilla gav meir eller mindre opp, og enda sist i finaleheatet. Jeanette Bigset frå Hareid deltok på 100 m. Heller ikkje ho hadde ein god dag, og blei utslått i forsøksheatet med tida 13,60.
Kamilla og Mirjam til junior NM
Mirjam Knutsen
Mirjam Knutsen

Denne helga vert junior NM arrangert på Fana Stadion i Helga. Frå Dimna IL deltek Kamilla Sporsheim og Mirjam Knutsen. Kamilla skal delta på 400 m hekk, mens Mirjam er kvalifisert i lengde.
Kristine Garshol er også kvalifisert til junior NM i slegge. Men ho skal ikkje delta denne gangen. Frå Hareid IL er Jeanette Bigset påmeldt på 100 m.
Meir om junior NM kan då lese på arrangøren sine nettsider her.

Karsten Warholm best i Byrkjelo
Karsten Warholm på toppen av seierspallen
Karsten Warholm på toppen av seierspallen

Denne helga  var ei stor tropp i Byrkjelo og deltok i Sparebankleikane. Det var fint vær og flotte forhold under stemnet. Dermed vart det også mange gode resultat.  Aller best av Dimningane som deltok var 10 år gamle Karsten Warholm. I løpet av helga sikra han seg tre 1. plassar. Alle tre resultata var også over 1000 poeng etter Tyrvingtabellen. 60 m tida var 9,09 som gir1049 poeng. I lengde hoppa han 4,13 m som tilsvarer 1006 poeng, mens han i høgde hoppa 1,38 m som gir heile 1091 poeng.

Resultatliste laurdag Sparebankleikane Byrkjelo2006.doc
Resultatliste sndag Sparebankleikane Byrkjelo2006.doc

Sparebankleikane i Byrkjelo denne helga

Denne helga reiser ein gjeng Dimningar til Byrkjelo for å delta i Sparebankleikane. Det er flest av dei yngste som reiser denne helga. Dette stemnet vert det siste før sommarferien. Bilder og resultat vil bli oppdatert i løpet av helga.

Ny heimside

Som du ser har Dimna IL nå fått seg ny heimeside. Dimna IL har inngått avtale med Ulstein IT-senter som har utvikla "Folkewebkultur".  Dette er eit enkelt verktøy for å vedlikehalde nettsider, spesialtilpassa lag og organisasjonar.

Alle data frå vår gamle nettside er ikkje oppdatert enda, men det vil skje i løpet av sommaren. Inntill då kan du finne våre gamle sider i linken til venstre.

Siste dag på Lillehammer med sterk 3. plass til Astri-Louise
16 år gamle Astri-Louise Nevstad med tre 3. plassar under G-Sportlekene på Lillehammer
16 år gamle Astri-Louise Nevstad med tre 3. plassar under G-Sportlekene på Lillehammer

Under siste dag av G-Sportleikene på Lillehammer var det 16 år gamle Astri-Louise Nevstad som gjorde det aller best. Etter to 3. plassar tidlegare i stemnet kunne ho sikre seg einda ein 3. plass, denne gang i kule. Med resultatet 11,31 kunne ho avslutte ei god konkurransehelg, og reise på ein velfortjent ferie.

Laurdag - ein lang og innhaldsrik dag
Torbjørn Gurskevik Knotten i diskosringen
Torbjørn Gurskevik Knotten i diskosringen
Laurdagen var ein lang og travel dag på Stampesletta Stadion. Det meste av dagen var det sol og varmt på Lillehammer, men også i dag var det ein regnskur. Dagen byrja klokka ti. Då var Torbjørn Gurskevik Knotten (14) i sving i diskosringen. Han enda opp med resultatet 27,50m og ein strålande ny pers, og ein 8. plass i konkurransa. 

Neste dimning var Øyvind Brandal som deltok på 60m i fjortenårsklassa. Han kom på fjerde plass i sitt heat med tida 8,28. Samanlagt kom han på 17. plass, 3 hundredelar bak nr. 16, som var siste mann som kom til b-finale.

Stine Skogen forsyner seg av grillmaten. Til venstre ser vi Gaute Indresøvde.
Stine Skogen forsyner seg av grillmaten. Til venstre ser vi Gaute Indresøvde.
Så marginane var ikkje heilt på Øyvind si side i dag. Etter en noko svak start, sprang han likevel eit sterkt løp, og enda like bak sin personlege rekord. 

Torbjørn G. Knotten og Christoffer Roppen deltok seinare på dagen i kule. Torbjørn kom her på ein sterk femteplass med resultatet 10,26m. Resultatet var litt bak Torbjørn sin personlege rekord. Torbjørn sjølv var berre sann passe fornøgd med resultatet. I denne klassa var det over tjue deltakarar, og det var ein fryktelig regnver under konkurransa.

Endeleg mat! Utan mat og drikke duger heltane ikkje i flg. Maria og Øyvind til høgre.
Endeleg mat! Utan mat og drikke duger heltane ikkje i flg. Maria og Øyvind til høgre.
Stine Skogen og Kamilla Sporsheim (begge 17) sprang 400m i dag. Her kom begge litt bak sine personlege rekordar. Stina enda på 64,05, medan Kamilla kom i mål på tida 65,05. 

I tillegg til desse deltok Nina Urke Ertesvåg, Janita Sæther Heimland og Gaute Indresøvde (alle 17) på lengde. Også under delar av lengdekonkurransa for J17 var det regn. Ingen av dei tre kom i nærleiken av sine personlege rekordar. 

Laurdagskvelden blei det forsinka jonsokfeiring på Dimna-hytta. Det var grilling som stod på programmet. Eldar var grillmester og diska opp med fleire rettar. Seinare blei det sjokalodakake á lá Gudbjørg, før kvelden blei avslutta med vannkrig med Maria sine vannbalonger, kortspel og reisegåver! 

Her kan du sjå alle resultata frå stemnet

Fredag ein ny god dag på Lillehammer
Kristine Garshol med gull i slegge
Kristine Garshol med gull i slegge
2. dag av av G-Sportleikane på Lillehammer enda med ein 1. plass og to 3. plassar til Dimna IL. Kristine Garshol (17) gjekk til topps i slegge med resultatet 33,84m, langt framføre andreplassen. Dette var nesten opp mot Kristine sin personlege rekord til trass for at det var regn og glatt ring under konkurransa. 

Astri-Louise Nevstad (16) kasta og slegge. Med resultatet 27,88m kom ho på ein sterk tredjeplass i den gode 16-års klassa. Seinare kasta Astri-Louise diskos. Der kom ho igjen på tredjeplass med resulatet 25,50m. Dette var ny personleg rekord, og Astri-Louise kvalifiserte seg og til UM. 
Astri-Louise Nevstad med to 3. plassar
Astri-Louise Nevstad med to 3. plassar
Mirjam Knutsen (18) hoppa lengde i klassa 18/19 år. Her hoppa ho til ny årsbeste med 5,05m og sikra med dette femteplass i konkurransa. Med dette resultatet var ho berre 13 cm bak andreplassen. Mirjam har no stabilisert seg med hopp over 5 meter i alle konkurranser. 

Nina Urke Ertesvåg (17) sette nok ein gong ny personleg rekord på 200m. Her blei resultatet 27,66. Ho kom med dette på andre plass i sitt heat og niande plass totalt. Nina har ikkje marginane på si side. Denne gongen var ho berre ein hundredel bak UM-kravet. 

Mirjam Knutsen i djup konsentrasjon i tilløpet i lengde
Mirjam Knutsen i djup konsentrasjon i tilløpet i lengde
Gaute Indresøvde (17) deltok på 200m, og sette ny personleg rekord med tida 25,45. Christoffer Roppen kasta spyd i fjortensårsklassa, her kasta han 22,60m. 

Då vi kom seint tilbake til hytta, blei jonsokfeiringa flytta til laurdag. I staden spiste vi taco. Den stod ferdig på bordet då vi kom tilbake etter ein lang dag på stadion. I dag har vi opplevd fleire årstider på Stampesletta. Vi har hatt både hagl, regn og strålande sol. 

Alle resultata kan du sjå her

God start på G-Sportlekene på Lillehammer
Kamilla Sporsheim med seier og ny personleg rekord i stav
Kamilla Sporsheim med seier og ny personleg rekord i stav
G-Sportleikane på Lillehammer starta torsdag kveld på Stampesletta. Kamilla Sporsheim var første Dimning i aksjon. Denne gang i stav. Under til dels yfyselege forhold med regn, vind og 12 grader sette Kamilla ny personleg rekord med 2,30 m. Dette er også ny kretsrekord. Resultatet holdt også til seier i 17 års klassa.

Øyvind Brandal deltok på 200 m og fekk tida 26,38. Dette er ny pers. men medvinden var litt for sterk.
14 år gamle Maria Ringstad sprang ein god 1500m. Ny pers med tida 5.35.00. 17 åringane Ingvild Kalland og Ingrid Oksavik deltok også på 1500m. Ingvild vart beste Dimning i sin første 1500 m. Ho spurta forbi Ingrid på Oppløpsida.
Vi må også nemne 12 år gamle Henrik Overvåg frå Hødd. Han deltok på 200 m torsdag. Her gjorde han eit kjempeløp og sikra seg seiren. Vi gratulerer.

Alle resultata kan du sjå her

Stemnet fortsetter fredag, laurdag og søndag.

Her ser vi Dimna sin base på Stampesletta. Vi viser godt igjen blant alle telta rundt bana. Teltet var også godt å ha under alle dei kraftige regnbygene som kom inn over Lillehammer denne helga.
Her ser vi Dimna sin base på Stampesletta. Vi viser godt igjen blant alle telta rundt bana. Teltet var også godt å ha under alle dei kraftige regnbygene som kom inn over Lillehammer denne helga.
Bestemannspremie til Torbjørn G. Knotten under Frænaleikane
torbjorn_byrkjelo05.jpg
Mens dei eldste deltok på Kretscup på Straumsnes i helga var det stemne for dei yngste i Elnesvågen. Div. kollisjonar med andre arrangement gjorde at kun Torbjørn Gurskevik Knotten og Øyvind Brandal deltok denne gangen. Begge gjorde det svært bra i Elnesvågen, og tok dei fleste gullmadaljane i 14 års klassa. 

Torbjørn tok gull i kule og slegge, mens det blei sølv i liten ball.  Øyvind tok 3 gullmedaljar, med seier på 60m, 200 m og lengde. Torbjørn fekk også bestemannspremien i kast for gutar.

Fullstendig resultatliste frå stemne finn du i resultatmenyen til venstre

Seier til Mirjam under kretscup 1 på Straumsnes
Mirjam Knutsen med seier i lengde under det første kretscupstemne i år. Ho hoppe 4,99 m. Mirjam deltok også på tresteg, 100m, 200 og lengde
Mirjam Knutsen med seier i lengde under det første kretscupstemne i år. Ho hoppe 4,99 m. Mirjam deltok også på tresteg, 100m, 200 og lengde
Hareid IL og Dimna IL markerte seg godt under dei to første kretscupstemna i friidrett som vart arrangert på Straumsnes Stadion i helga. Mirjam Knutsen frå Dimna IL (bilde over) og Ørjan Engen Grimstad frå Hareid IL sikra seg kvar sin 1. plass. Mirjam tok gull i lengde med resultatet 4,99 - 4 cm føre Jeanette Bigset frå Hareid som tok 2. plassen. Ørjan sikra seg seieren i tresteg med resultatet 12,63 m.

Det var i kvinneklassa at dei lokale utøvarane hevda seg best. på 200 m vart det 3. plass til Jeanette Bigset med tida 27,42, mens Nina Urke Ertesvåg vart nummer 4. med tida 27,70 (ny personleg rekord). Også på 100 m for kvinner markerte Jeanette og Nina seg. Jeanette vart her nummer 2 med tida 13,42 ein tidel etter vinnaren Ida-Kristine Myrold frå Ørsta. Nina U. Ertesvåg hadde ikkje marginane på sin side i forsøket på 100 m og enda derfor i B-finalen på 100 m. Her tok ho ein klar seier på samme tid som Jeanette Bigset i A-finalen også i dette løpet sette ho ny personelg rekord. På 800 m i kvinneklassa vart det 3. plass til Kamilla Sporsheim frå Dimna med resultatet 2.31,90.

Fullstendig resultatliste frå stemne finn du i resultatmenyen til venstre.

Sjå også artikkel på vikebladet.no her

Forhånd.1234Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS