Dimnaleikane 2006 i strålande sol og rekorddeltaking
karsten.jpg
Mandag 5. juni vart Dimnaleikane avvikla under flotte forhold på Høddvoll Stadion. Vinden var desverre litt for sterk i nokre av sprintløpa. Enkelte var imidlertid heldige og kom rett under den magiske grensa på 2,0 sek.m.
Det beste resultatet under heile stemnet stod 10 år gamle Karsen Warholm frå Dimne for. Han sprang 60 m på 8,92 som tilsvarer 1102 poeng etter tyrvingtabellen. Over 1000 tyrvingpoeng fekk også Kristoffer Hasfjord frå Hareid i kule. Resultatet 9,17 m gir 1020 poeng. 

Molde Olymp har også fått ein ny god sprinter. Simon Rønsholm Sandvik løp 100 m på 11,81 i litt for god medvind. Men 200m resultatet hans på 24,27 var under godkjende vindforhold. Resultatet gir 993 tyrvingpoeng.

Astri-Louise Nevstad sette nok ein gong ny pers. i kule med resultatet 11,45.

Gull og personlege rekordar under senior KM
Astri-Louise Nevstad (tv) og Kristine Skogen med nye personlege rekordar i slegge. Ingen tvil om at dei var fornøgde etter første øvinga i KM.
Astri-Louise Nevstad (tv) og Kristine Skogen med nye personlege rekordar i slegge. Ingen tvil om at dei var fornøgde etter første øvinga i KM.

Denne helga vart KM senior arrangert i Molde. På grunn av kollisjon med Ulsteindagane var det ikkje alle som kunne delta. Men vi fekk likevel mange gode resultat og plasseringar. Kristine Gashol og Astri-Louise Nevstad sette nye personlege rekordar i slegge. Kristine kasta 34,33 m som er pers med over ein meter, mens Astri-Louise kasta 28,07 m. Kristine sitt kast er også langt over kravet til junior-nm som er 30 m. Dette vil nok også Astri-Louise klare i neste forsøk. Gull og sølv vart det til Kristine og Astri-Louise. I kule bytta dei to på medaljane. Der tok Astri-Louise gull og Kristine sølv. Nina Urke Ertesvåg gjorde enda ein gong 2 sterke sprintløp. 13,46 på 100 m og 27,88 på 200 m er begge resultatat ny personleg rekord. Nina tok sølv på 200 m og bronse på 100 m og lengde. Ingrid Oksavik tok gull på 3000m, mens Kamilla Sporsheim fekk 2 sølvmedaljar under KM. Dette på 400 m hk og høgde. 

Resultatliste laurdag   Søndag
Videoklipp frå KM
Slegge Kristine                Slegge Astri-Louise            200 m med Nina

Artikkel i på Vikebladet.no kan du sjå her

Dimna IL og Hareid IL tildelt K4-sport stipend
logo_k4.jpg
Dimna IL og Hareid IL har i fellesskap fått tildelt K4-Sport stipend frå Norges Friidrettsforbund. Klubbane skal i fellesskap utvikle eit stemneprogram utover hausten og vinteren basert på Team Athletic konseptet. Målet er å få til ein serie på fleire stemner som vert avslutta med Team Athletic Games i mars 2007.
Her er oversikt over kven som har fått stipend.

DIMNALEIKANE PÅ HØDDVOLL 5. JUNI

5. juni er det klart for Dimnaleikane på Høddvoll Stadion. Her kan du sjå innbydinga og funksjonærlista for stemnet. Tidsskjema vert lagt ut søndag 4. juni.
Funksjonrliste_dl-2006.doc
Innbyding til Dimnaleikane 2006.doc
2. førsteplassar til Dimna IL i Ørstastafetten
Gutelaget som gjekk til topps i Ørstastafetten. Frå venstre: Øyvind Brandal, Torbjørn G. Knotten, Hallbjørn H. Thorseth og Andreas Lillerovde
Gutelaget som gjekk til topps i Ørstastafetten. Frå venstre: Øyvind Brandal, Torbjørn G. Knotten, Hallbjørn H. Thorseth og Andreas Lillerovde
Både gutelaget (bilde over til venstre) og jentelaget (bilde til venstre) gjekk av med seieren i Ørstastafetten i Ørsta søndag 21. mai. Gutelaget vann etter ein hard duell med Hødd, mens dei eldste jentene sikra seg ein klar seier føre Ålesund FIK. Dimna stillte også med eit jentelag i 11-14 års klassa. Desse kom på ein fin 3. plass, etter Ørsta og Hareid IL.  

Treningstemne tirsdag 23. mai

For at alle skal få prøve seg litt på bane før Dimnaleikane vil vi arrangere eit treningstemne på Høddvoll tirsdag 23. mai kl. 18.00. Øvingane vi planlegg er 60m, 100m, kule og lengde. Det blir påmelding frå kl. 17.30.
Dersom deltakarar frå andre klubbar vil delta hadde det vore fint med ei melding til oss på mail
post@dimna.no på førehand (Ev. SMS til 41476148). Dette slik at vi har nok funksjonærar dersom det blir mange som kjem.
Hadarstafetten og Sprintfestival under vinterlege forhold
Hallbjørn Hasund Thorseth passerer mål på 800 m og sikra seg 1. plassen.
Hallbjørn Hasund Thorseth passerer mål på 800 m og sikra seg 1. plassen.
Laurdag vart årets Hadarstafett arrangert i eit kaldt og vått vær. Søndag skulle banesesongen starte for fullt med sprintfestival på Aksla stadion. Begge arrangementa vart prega av eit kaldt og vått vær. Spesielt gjekk nok dette utover stemnet på Aksla. Store deler av stemnet vart gjennomført i sluddbyger og sterk vind. Dimna IL deltok i begge stemna. I Hadarstafetten fekk vi ein del forfall i siste liten og måtte hente inn reservar på alle våre 3 lag. Til tross for dette gjorde alle ein god innstats. Jentelaget fekk 3. plass, mens gutelaget og dameleget begge blei nummer 2. Vi kjem tilbake med meir om stafetten litt seinare.

Under søndagens stemne vart dei seier til Øyvind Brandal på både 60m og 100m. Hallbjørn Hasund Thorseth tok 1. plass i liten ball og 800 m mens han fekk 2. plass på 60 m. Seier vart det også til Kamilla Sporsheim på 400 m og Maria Ringstad på 800 m.

Heile resultatlista kan du sjå her

1. mai løpet på Åheim
aheim_2006_j11.jpg
1. mai var ein del av dei ynste Dimningane på Åheim og deltok i 1. mai løpet. Det vart fleire gode plasseringar til Dimnigane. Seier vart det bl.a. til 11 år gamle Jenny Stokkevåg Berg og 10 år gamle Karsten Warholm. 

11 år gamle Halbjørn Hasund Thorseth sikra seg ein flott 2. plass på Åheim. I denne klassa stillte også William Skeide Eikrem og Andreas Lillerovde.  I 11 års klassa for jenter var også Andrine Dragsund Hagen og Katharina Kristoffersen med. 
På bilde til høgre ser vi Katharina til venstre, Andrine i midten og Jenny til høgre i sola på Åheim.

Seier til Dimalaget i Vågen Rundt
Vinnarlaget frå Dimna: Frå venstre Kamilla Sporsheim, Mirjam Knutsen, Invgild Kalland, Ingrid Oksavik, Stine Skogen og Nina Urke Ertesvåg
Vinnarlaget frå Dimna: Frå venstre Kamilla Sporsheim, Mirjam Knutsen, Invgild Kalland, Ingrid Oksavik, Stine Skogen og Nina Urke Ertesvåg
1. mai reiste dei yngste til 1. mai løpet på Åheim, mens dei eldste jentene reiste andre vegen til Vågstranda for å springe stafett. Jentene stillte i Dameklassa og tok der ein klar seier, og dermed sitt 2. napp i vandrepokalen.

Dugnad på grendahuset

19. og 20. april vil Dimna Grendahus vere stengt for ordinær trening. Desse dagane er det planlagt dugnad der ein bl.a. skal vaske ned kjøkkenet og gangane. Stolane skal også rensast.  Sjå også informasjonen som er delt ut i postkassene.

Friidrettsesongen i startgropa

Påska er no over, og vi nærmar oss utandørssesongen for fullt. Starten på sesongen vert prega av gateløp og stafettar.  

Laurdag 22. april vert Valderløpet på Valderøya arrangert. Nokre av dei aktive mellom 10 og 14 år vil delta her. 
Innbyding til løpet kan du lese her. Dersom du ikkje alt har fått meldt deg på så ta kontakt med ein av trenarane. 

Bergsøyløpet laurdag 29. april vert neste stemnet. Her kan også rekruttane få bli med. Meir informasjon får du på neste trening.
Du kan også sjå innbydinga til stemnet her.

1. mai vert også ein aktiv dag. Vi skal til Vågstranda og delta på stafett. Det mogeleg at nokre også reiser til Åheim for å delta i terrengløpet som Åheim IL arrangerer.  Her er innbydinga til 1. mai løpet på Åheim.
Kretssamling med KM i hopp utan tilløp
treningsamlintingvoll3.jpg
1. og 2. april arrangerte Møre og Romsdal Friidrettskrets treningsamling på Tingvoll. Samlinga skulle i utgangspunktet vere ei utesamling på Eide og Elnesvågen, men vinteren ville ikkje heilt sleppe taket. Samlinga vart derfor flytta til Tingvollhallen. Utanom trenar Arve Hatløy var det kun tre Dimningar som tok den lange turen til Tingvoll. Det var Maria Ringstad, Ingrid Oksavik og Kamilla Sporsheim.
Suksess for Team Athletic Games
Her er vinnarlaga i lagkampen med sine pokalar
Her er vinnarlaga i lagkampen med sine pokalar
21. lag stillte til start på Team Athletics Games som Dimna IL, Hareid IL, IL Hødd og Ørsta IL arrangerte i samanrbeid med friidrettsforundet i Hareidshallen laurdag 25. mars. På grunn av ein del sjukdom vart det nokre lag som måtte trekke seg med stemninga og innsatsen var likevel på topp gjennom heile stemnet.
Samandrag resultat Team Athletics Games.doc
TAG 10 r.xls
TAG 11 r.xls
TAG 12 r.xls
TAG 13 r.xls
TAG 14 r.xls
Team Athletics Games - nytt og spennende stemne
Bamseleikane: Torbjørn Gurskevik Knotten på seierspallen saman mednr. 2 Martin Roe fri IL Fri og vinnaren Fredrik Simensen frå IL Sandvin. Torbjørn er ein av dei som vil delta på Team Athletic Games
Bamseleikane: Torbjørn Gurskevik Knotten på seierspallen saman mednr. 2 Martin Roe fri IL Fri og vinnaren Fredrik Simensen frå IL Sandvin. Torbjørn er ein av dei som vil delta på Team Athletic Games
Norges fri-idrettsforbund i samarbeid med Dimna IL, IL Hødd, Hareid IL og Ørsta IL vil arrangere Team Athletics Games i Hareidshallen 25. mars.

Team Athletics Games er eit nytt stemnetilbud der ein legg opp til å nytte Team Athletics utstyret som mange bruker i den daglege treninga. Det vert dermed nokre nye og spennede øvingar som ein skal konkurrere i.  Konkurransa vert lagt opp som ei lagkonkurranse og blir i denne omgang for årsklassene 10 til 14 år. Det skal vere 4 deltakarar på kvart lag, og mimimum ein gut eller ei jente på kvart lag. Det skal konkurrerast i desse øvingane: Sprintløp, lengde u/tilløp, tresteg u/tilløp, frekvenshopp, vertikalhopp, balanse, kule og spyd. Stemnet vert avslutta med ein sprintstafett og ein hinderstafett. Det blir delt ut poeng i kvar øving til laget. Den beste guten og den beste jenta på kvart lag tel i kvar øving. Premiar vert det sjølvsagt også. Desse blir delt ut etter at alle øvingane er ferdig. 

Flott innsats under Bamseleikane
Her ser vi deltakarane frå Dimna IL. FV Torbjørn G. Knotten, Astri-Louise Nevstad, Øyvind Brandal og Christoffer Roppen Martens
Her ser vi deltakarane frå Dimna IL. FV Torbjørn G. Knotten, Astri-Louise Nevstad, Øyvind Brandal og Christoffer Roppen Martens

På grunn av bl.a. sjukdom  vart det etter kvart ei  lita tropp frå Dimna IL som deltok i Bamseleikane i Stangehallen 18. og 19. mars. Dimningane kunne reise heim med fleire gode plasseringar, og mange personlege rekordar. 16 år gamle Astri-Louise Nevstad var den som gjorde det aller best. Ho enda til slutt på ein 2. plass i kule med resultatet 11,22 m som er ny personleg rekord. Ho blei berre slått av ei jente frå Sverige, og blei dermed beste norske deltakar.

14 år gamle Torbjørn G. Knotten fulgte opp Astri-Louise sitt kuleresultat og sette ny personleg rekord med 4 kg. kule med resultatet 10,63 m noko som sikra han ein flott 3. plass. Her blei Christoffer Roppen Martens nr. 12 med resultatet 6,73 m.

Dimna IL hadde også med 14 år gamle Øyvind Brandal. Han fekk også fleire gode resultat og plasseringar. Beste resultatet fekk han på 200 m der han blei nr. 7 med resultatet 27,98. Øyvind sikra seg også ein 8. plass i lenge med resultatet 4,70 og ein 10. plass på 60 m med resultatet 8,50. Her var han under ein tidel frå å sikre seg ein finaleplass. Heile resultatlista kan du lese på www.hofik.no

 

Stor deltaking i Dimna IL sitt skirenn søndag
Endeleg blei det snø - og dermed kunne vi arrangere skirenn.
Endeleg blei det snø - og dermed kunne vi arrangere skirenn.
Til tross for at det søndag formiddag snøa kraftig, og løypene som trimnemnda hadde laga til laurdag var dekte av 30 cm nysnø så vart det skirenn som planlagt. Stor entusiame var det blandt alle barna som møtte til start til tross for snøværet. Ide starten skulle til å gå slutta det også og snø, og sola stakk også fram. Det vart dermed eit flott skirenn med mange deltakarar. På bilet over ser vi startar Olav Hansen som sender i veg ein og ein deltakar. Alle kom i mål og fekk medalje.

Årsmøte i P/L Dimna Grendahus

P/L Dimna Grendahus hadde årsmøte den 22. februar.  Inge Dragsund vart her valt til ny leiar etter Leif P. Dimmen som hadde sagt frå seg attval. Med seg i styret får han Olav Hansen som nestleiar, Britt Janne Stokkevåg som nestleiar, Steinar Dimmen som sekretær og Jonny Frøystad som styremedlem.
Årsmøtet vedtok elles nye leigesatsar for huset og for inventar og utstyr som er i huset.
Årsmøte i Dimna IL
unni.jpg

Under årsmøtet i Dimna IL den 15. februar vart Unni Dragsund (bildet) gjenvalt som leiar i laget. Med seg i styret får ho Ove Inge Dimmen, Ronny Dimmen og Arve Hatløy.

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vart det orientert om anleggsutbygginga av nærmiljøanlegget ved Grendahuset som laget håper å kome i gang med til våren. Valnemnda hadde funne fram til personar til alle verv, slik at valet gjekk greit unna.

Forhånd.1234
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS