Nyheitsarkiv for 2008

Kretslagsamling i Dimna i Romjula

treningsamling291208_1.jpg

I romjula arrangerte mellomdistansegruppa til kretslaget samling i Dimna. På samlinga som blei leia av Magne Wullum deltok også Silje Fjørtoft som var heime på juleferie frå studiane i USA. Samlinga starta med intervalltrening ute, før dei fortsette med spenstrening inne på Grendahuset.

jul_clipart.gif

Rekorddeltaking i Romjulsmarsjen

Nokre av deltakarane i Romjulsmarsjen: Ove Dimmen med tvillingane; Anna og Louise, Bjørn Gjerde, Leif-Arne og Beate Mork, Lisbeth Overå, Sølvi Gjerde, Eldar Overå, Framme: Iver Mork, Malin, Sander og Henriette Gjerde.

Nokre av deltakarane i Romjulsmarsjen: Ove Dimmen med tvillingane; Anna og Louise, Bjørn Gjerde, Leif-Arne og Beate Mork, Lisbeth Overå, Sølvi Gjerde, Eldar Overå, Framme: Iver Mork, Malin, Sander og Henriette Gjerde.

Med 240 deltakarar blei det rekorddeltaking i den tradisjonsrike Romjulsmarsjen rundt Dimnøya 2. juledag. I det fine været var det mange av dei yngste som hadde leita fram sykkelen til denne trimturen rundt øya. Alle under 12 år fekk medaljar (men med deltaking langt over det forventa blei det desverre ikkje nok medaljar til alle).

 

Julekonkurranse

julelys.gif

Vi har laga til ei lita julekonkurranse med 20 spørsmål frå litt av det vi har vore med på denne sesongen. Ved å leite litt rundt på dimna.no vil du kunne finne svaret på alle spørsmåla.

Svara kan du sende oss på mail:  post@dimna.no innan 5. januar.  Alle som svarar rett på alle spørsmåla vil vere med på trekninga av ein flott premie.

Klikk på les meir så kjem du til konkurransa.

 

God jul og godt nyttår!

Styret ønskjer alle aktive, foreldre og andre lesarar ei riktig god jul og eit godt nyttår.

2008 har vore eit rekord år for Dimna IL. Vi håpar og trur på stor aktivitet og mange gode resultat også i 2009.

Romjulsmarsj 2. juledag

romjulsmarsj.gif

Tradisjonen tru arrangerer Dimna IL romjulsmarsj rundt Dimnøya 2. juledag. Det blir registrering mellom kl. 12 og 13 på Dimna Grendahus.
Deltakaravgift kr. 20,- / fam. kr. 50,-.

Løypa er på 10 km. Trimnemnda vil ha to drikkestasjonar i løypa.

Innføring av Politiattest

logo_nif.jpg

Fra og med 1. januar 2009 plikter alle idrettslag å innhente politiattest for personer som skal utføre oppgaver som innebærer et tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller mennesker med utviklingshemming. I den anledning har NIF utarbeidet en veileder for idrettslagene om håndteringen av ordningen. Brosjyren og annen relevant informasjon finnes på http://www.idrett.no/politiattest

Alle trenarane i Dimna IL vil få utlevert søknadskjema om politiattest i løpet av dei næraste dagane.

 

Seier til Martin og Maria i Grimstadvatnet Rundt

maria_martin_grimstadvatnet_des_08_w.jpg

Martin Haddal Sæther (15) og Maria Ringstad (16) tok seierane i herre og dameklassa i Grimstadvatnet Rundt laurdag. Begge sette solide personlege rekordar med tidene 29,15 og 32,12. I herreklassa vart det til slutt eit spurtoppgjør mellom Martin H. Sæther og Joar Moldskred. Men det er ikkje mange som klarer å slå Martin i ein spurt, og Joar måtte gi tapt denne gangen.

I dameklassa vart det ein klar seier til Maria Ringstad. Maria og Norunn Dimmen låg i lag halveis, men på den siste halvdelen av løpet drog Maria i frå og sikra seg seieren og ein solid personleg rekord med tida 32,12.

Arve Hatløy er kåra til årets frivillige i Ulstein Kommune

arve_hatl_y.jpg

Arve Hatløy, Dimna IL, er kåra som årets frivillige i Ulstein kommune. Hatløy har i ei årrekkje lagt ned mykje frivillig arbeid innan friidretten i Dimna IL, først som aktiv og no som trenar for Dimna IL si eldste friidrettsgruppe som består av 30 ungdommar frå 13 til 19 år. Han sitter i styret for Dimna IL og er kretstrenar for lengde og tresteg. Arve vil få overrekt Frivilligprisen i samband med ein medlemsfest etter jul.

Arve Hatløy vil takke alle som har vore med på å stemt på han.

I 1986 utnemnte FN 5. desember som den internasjonale frivillighetsdagen. Dagen er meint som ei oppmuntring til dei mange som gjer ein frivillig innsats. Ulstein har markert dagen de siste tre åra ved å dele ut Frivilligprisen som skal synleggjere dei frivillige og dei viktige bidraga dei gir.

Det var åtte verdige kandidatar til årets frivilligpris i Ulstein. Desse har gjennom engasjementet sitt lagt ned mange timar i frivillig arbeid. Det frivillige arbeidet som vert utført i Noreg tilsvarar 133.500 årsverk og over 58% av befolkninga bidrar med frivillig innsats i løpet av eit år.

 

Grimstadvatnet Rundt laurdag

Laurdag kl. 14.00 går det andre løpet av Grimstadvatnet Rundt av stabelen. I det første løpet vart det seier til Martin Haddal Sæther og Norunn Dimmen. Dei vil nok begge forsøke å forsvare seieren. Løpet startar kl. 14.00 med påmelding frå kl. 13.00 i Hareid IL sitt klubbhus.

Innbydinga til løpet kan du sjå her

Frivillighetsprisen for Ulstein

Foreldra til dei aktive og dei aktive sjølve vil gjerne oppfordre til å stemme på Arve som kandidat til frivviligprisen i Ulstein Kommune. Han fortjener absolutt denne prisen.

Den årlege frivilligprisen for Ulstein skal delast ut på den internasjonale Frivillighetsdagen 5. desember.

Mange brukar store deler av fritida si til å gjere ein innsats for andre, og Norge ligg faktisk i verdstoppen når det gjeld frivilleg arbeid.

Ulstein Frivilligsentral har fått forslag til mange gode kandidatar til prisen år.

Du kan stemme ved å stikke innom Frivilligsentralen, på SMS 98 23 06 13, eller e-post: postmottak@ulstein.kommune.no innan 3. desember.

Arve Hatløy - har lang fartstid i Dimna I.L, først som aktiv innan friidrett og seinare som trenar. Hatløy er også aktiv i styret lokalt og i kretsen.

I år trenar han gruppa frå 14 år og oppover, og dei fleste helgane frå april til oktober er dei i farta, på veg til eit stemne eller ei treningsshelg.

Mørkestemne i Ørsta 5. november

Her er utøvarane frå Dimna som tok turen til Ørsta denne kvelden. Frå venstre: Maria Vattøy, Brage Dimmen, Maria Ringstad, Martin H. Sæther og Astri-Louise Nevstad

Her er utøvarane frå Dimna som tok turen til Ørsta denne kvelden. Frå venstre: Maria Vattøy, Brage Dimmen, Maria Ringstad, Martin H. Sæther og Astri-Louise Nevstad

Ørsta IL innvia sitt nye lysanlegg på Ørsta Stadion med å arrangere stemne etter at det hadde blitt mørkt onsdag kveld. Dessverre kom også kuldegradene og vinteren på besøk denne kvelden. 2 kuldegrader og rim på bana gjorde at forholda ikkje blei dei beste for friidrett denne dagen.

I sleggeringen har dei midlertid varmekablar. Dette utnytta Astri-Louise Nevstad fullt ut og sette like godt årsbeste i slegge med resultatet 37,03.

I tillegg til slegge blei det konkurrert i 150 m og 500 m.

Resultatliste_Morkestemne_orsta051108.pdf

Mørkestemne i Ørsta onsdag 4. november

I anledning at Ørsta Stadion har fått opp lysanlegg arrangerer dei "Mørkestemne" førstkomande onsdag.
Innbydelsen finner de her. Dei frå Dimna IL som vil delta må møte opp på Ørsta Stadion seinast kl. 18.30 for påmelding.

Minner om NCC samlinga 8. og 9. november

Absolutt siste frist for påmelding er i dag mandag 03.11. Dei frå Dimna kan melde seg på til Arve på treninga i kveld. Sjå meir info lenger nede på sida.

Martin Haddal Sæther til topps i Grimstadvatnet Rundt

Martin Haddal Sæther mot mål tett føre Petter Kragset

Martin Haddal Sæther mot mål tett føre Petter Kragset

15 år gamle Martin Haddal Sæther gjekk heilt til topps i sesongens første løp rundt Grimstadvatnet. Til tross for at at løp litt feil mot slutten av løpet spurta han frå Petter Kragset inn mot mål, og sikra seg sin første seier i Grimstadvatnet rundt.

I kvinneklassa markerte Dimna seg også sterkt. Her blei det tredobbelt til Dimna IL. Norunn Dimmen var nok ein gong best. Men ikkje lagt bak kom 16 åringane Maria Ringstad og Maria Vattøy.

Sjå reportasje på Vikebladet.no her

Du kan også lese reportasje på kondis.no her

Klikk på les meir så kan du sjå heile resultatlista

NCC samling i Sykkylven 8. og 9. november

Dette har vi klippt frå friiidrettskretsen si heimeside:

Det drøyer med påmeldinger til neste helgs NCC-samling
Derfor purrer vi herved dere alle + vi åpner for at de
som fyller 15 år neste år også kan delta.
Kretsen har
fått spørsmål fra flere av de som var med til Stjørdal
i september at de har lyst å være med på samlingen.
Vedlagt er innbydelsen til åpen samling for
utøvere som fyller 13 og 14 år (+ 15 år) i 2009
Samlingen er i Sykkylven Storhall 8-9 november
Utsetter påmeldingsfristen til søndag kveld
(31/10-08)

Treningsleir til Poros i Hellas - Påsken 2009

Friidrettskretsen vil også påsken 2009 arrangere treningsleir til Poros i Hellas. På kretsen si heimeside har vi klipt denne informasjonen om turen og påmelding: 

Her kommer litt info ang påsketuren til Poros. Forslaget er avreise torsdag 2 april og hjemreise torsdag 16 april. Pris for oppholdet blir ca kr 395 pr person pr døgn sånn som europrisen er pr dd. Vi tenker å forhåndsbestille 40 billetter med fly -
20 fra Molde og 20 fra Vigra. De første som melder seg får disse plassene. Ca flypris er pr idag kr 3500. Utøvere under 15 år må ha med en foresatt.
Her er link til reisebyrået, der dere kan se info og bilder
fra tidligere turer

Bilder fra årets tur ligger i bildegalleriet på friidrettskretsen si heimeside.
Meld dere på til:  mrfriidrett@friidrett.no

Siste frist for bestilling av revybilletter

Internettbestillinga av billetter til Dimnarevyen 2008 er no stengt.

Fram til kl. 17.30 kan du bestille billettar på tlf.  47 83 52 88. Ev. restbillettar vil bli selde ved inngangen.

 

Dimnarevyen  23. - 25. oktober 2008 

Ja, skal tru kar ho revy Inga he tenkt sej. Som du ser so er ho ute på reis, vil du finne ut kvar ho skal må du nok ta dej enj tur på Dimna Grendahus på revyframsyning.

Ja, skal tru kar ho revy Inga he tenkt sej. Som du ser so er ho ute på reis, vil du finne ut kvar ho skal må du nok ta dej enj tur på Dimna Grendahus på revyframsyning.

Premiera på Dimnarevyen 2008 er no over, og vi kan nok ein gong puste letta ut at vi har fått til ein god revy. Billettane går også unna til dei 4 forestillingane. Forestillingane fredag er utsolgt, men det er framleis litt ledige billettar til forestillinga laurdag. Det er planlagt følgjande framsyningar:

Torsdag 23. oktober kl. 19.00 Utsolgt
Fredag 24. oktober kl. 18.00 Utsolgt
Fredag 24. oktober kl. 21.00 Utsolgt
Laurdag 25. oktober kl. 18.00

Billettar er å få kjøpt på Shell i Ulsteinvik og Straumane Sport på Blåhuset i Ulsteinvik.

Du kan no også bestille billettar her på nettet. Klikk på knappen under så kjem du til bestillingskjemaet.

Du kan også sjå oss på www.youtube.com søk etter Dimnarevy. Eller klikk her.

Vikebladet sin reportasje frå premiera kan du lese her. 

 

1234...9Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
kongsberg-hovedlogo_1748x1311-beskj_rt.png

   

tussa_logo_cmyk_m_rkebl_.png

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
logo_um2023_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS