Treningstemne tirsdag 21.10.08 er avlyst

Pga dårlege værmeldingar vert treningstemnet avlyst. Den eldste gruppa har trening på Høddvoll kl. 17.00

Norunn Dimmen til topps i Snipsøyrvatnet Rundt

Norunn Dimmen mot mål til seier i Grimstadvatnet Rundt

Norunn Dimmen mot mål til seier i Grimstadvatnet Rundt

Norunn Dimmen gjekk til topp i Snippsøyrvatnet Rundt som blei arrangert laurdag ettermiddag. Norunn løp rundt vatnet på tida 55,40 og sikra seg dermed sitt 2. napp i vandrepokalen. Nest beste kvinne blei Maria Vattøy som dermed sikra seg seieren i klassa under 17 år. I herreklassa var nok ein gong Kristian Nedregård raskast rundt vatnet, og sikra seg sitt 3. napp og dermed vandrepokalen til odel og eige.

NCC samling for 12 og 13 åringane 8. og 9. nov.

Friidrettskretsen inviterer til NCC samling for alle 12 og 13 åringane i Sykkylvshallen den 8. og 9. november. I vedlegget kan du sjå innbydinga.

NCC-samling_8-9november.doc

Treningstemnet på Høddvoll 21. oktober

Sidan treningstemnet som var planlagt den 14.10 regna vekk prøver vi oss på nytt tirsdag 21.10 kl.17.00.
Planlagde øvingar: 100 m, 400 m hk, lengde, spyd og 1500 m

Aldersrekord til Renate Grimstad på 200 m hekk

Renate Grimstad har no fått fjerne gipset, og var dermed klar til å løpe fort på hekk igjen. (arkivfoto frå UM)

Renate Grimstad har no fått fjerne gipset, og var dermed klar til å løpe fort på hekk igjen. (arkivfoto frå UM)

Under Dimna IL sitt treningstemne på Høddvoll tirsdag 7. okt. sette Renate Grimstad ny aldersrekord for Møre og Romsdal på 200 m hekk. Renate løp på tida 30,80 som tilsvarer 1024 tyrvingpoeng. Den tidlegare rekorden hadde Eirin Roiha Sunde frå Ålesund FIK med tida 32,3. Renate var heller ikkje langt bak Erin sin Midt Norske rekord frå i fjor. Den lyder på 30,69.

Sjølv om det var kaldt på Høddvoll denne kvelden var det gode vindforhold. Renate hadde 1,4 i medvind i løpet sitt. Resten av resultata kjem vi tilbake til litt seinare.

Sjekk også reportasje på Vikebladet.no her

Båtvasken i hamn

Janita S. Heimland i aksjon under båtvasken

Janita S. Heimland i aksjon under båtvasken

Etter tre dagar med jobbing kom vi i hamn med båtvasken ved Kleven Verft. 

Økonominemnda vil takke alle som deltok. Dei gjorde ein kjempeinnsats.  Ikkje alle hadde høve å delta denne gangen, men vi takkar for tilbakemeldinga frå desse også, og håpar vi kan spørje om hjelp ein annan gong. Til tross for at mange var opptatt med andre ting desse dagane var det likevel mange som hadde høve å stille. Vi hadde over 20 personar i aksjon kvar kveld desse tre dagane.

Dugnadar som dette gir gode inntekter til laget. Ved at vi tar på oss ein slik dugnad slepper vi mange runder gjennom året med loddsal o.l.

Vi har alt no fått tilbud om ein ny båtvask på nyåret. Om vi takkar ja til denne jobben håpar vi på like stor velvilje frå medlemmane då.  Med den store aktiviteten vi har i laget i dag må vi nok legge opp til ein slik stor dugnad kvart år.

Vi aproberer 2 treningstemner på Høddvoll

Dimna IL har søkt kretsen om å få aprobert 2 treningstemner. Det blir tirsdag 7. og tirsdag 14. oktober. Stemnestart blir kl. 17.30 med påmelding frå kl. 17. Blir det svært dårleg vær desse dagane vil vi vurdere å avlyse stemnet. Info blir ev. lagt ut på vår heimeside den aktuelle dagen.

Rabatt på Intersport?

logo_intersport.jpg

Vår leverandør av bl.a. klubbdresser, gensere m.m. Intersport Ulsteinvik AS tilbyr no alle medlemmar 15 % rabatt på alt klubbrelatert utstyr. Dette gjelder bl.a. joggesko, piggsko, jogge og trenings kle, maxim, xl1 og multipower prokukter samt rabatt på solar som dei støyper i butikken til kvar enket fot! (noke dei kjem til å starte med i løpet av hausten (meir info på intersport.no)

For å få denne rabatten må du registrere deg på Clubb Intersport. Det gjer du på denne linken:

http://www.intersport.no/Informasjon/club-intersport/Bli-medlem/?orgid=90007&avdid=670Ta

så med seg innmeldingsbekreftelsen og leverer den i butikken, da får dei eit klubbkort!! Når dei viser fram dette klubbkortet vil dei få 15 % på klubbrelatert utstyr!

Båtvask på Kleven

logo_kleven_maritime_vertikal.jpg

Då er det klart for ein ny båtvask. Denne gangen er det på Kleven vi har fått vaskejobb.

Det blir vasking: Tirsdag 30. sept, onsdag 1. okt. og torsdag 2. okt. kl. 17.00 - ca. 22.00.

Vi skal ha voksen representant/forelder fra hver familie til utøvere i alle gruppene en kveld.

Til dokke som ikke hadde anledning til å stille sist, ber vi om å stille litt ekstra denne gangen.
(Det kan være søsken, men da kun de som fyller 18 år i år og eldre).

I tillegg, kan alle utøvere i aldersgruppen 16 år og eldre være med på denne dugnaden (de timene vil da bli godskrevet hver enkelt utøver til bruk på stemner o.l. neste sesong.)

Er det andre som kan tenke seg å hjelpe oss med denne dugnaden er vi selvsagt takknemmelege for all hjelp vi kan få. Det er berre å gi oss ei tilbakemelding så er du hjerteleg velkommen.

Oppmøte ved porten til Kleven Verft senest kl. 16.55

Vennligst gi tilbakemelding til Gudbjørg mob.: 915 915 04 eller mail: gudbjorg.thordardottir@rolls-royce.com eller til Cecilie mob.: 95208474 eller mail: cecilie.anderson@odim.com innen fredag 26.september hvem som møter i fra din familie.

 

4 KM gull til Dimna i mangekamp KM

Dimna IL si tropp under mangekamp KM

Dimna IL si tropp under mangekamp KM

KM i mangekamp blei arrangert i Elnesvågen i helga med god deltaking. Dimna IL sikra seg fire gull og fleire andre gode plasseringar. Gull blei det til Karsten Warholm, Henrik Overvåg, Renate Grimstad og Janita S. Heimland.

 

 

Resultater_KM_mangekamp_2008media.pdf

KM i Mangekamp i Elnesvågen

Denne helga avsluttar vi friidrettsesongen med KM i Mangekamp. Dimna IL har meldt på 13 deltakarar til dette kretsmeisterskapet. Her skal det konkurrerast i alt frå 4 kamp for dei yngste til 10 kamp for dei eldste. Mange må derfor prøve seg på ein del øvingar dei normalt ikkje konkurrerer i. Men vi har mange utøvarar som har tatt den utfordringa.

Tidsskjema og deltakarlista kan du sjå på Elnesvågen sin heimeside her

 

Sol over Sparebanken Møre leikane på Høddvoll

sbm_lekene_premieutdeling_rekrutt.jpg

Sparebanken Møre leikane vart arrangert på Høddvoll Stadion i sol og fint vær søndag. 200 deltakarar deltok i over 500 startar. Det vart dermed stor aktivitet over heile stadion frå kl. 11.30 til siste start kl. 16.30.  Med so mange øvingar var vi litt spente på korleis dette ville gå. Øvingane gjekk stort sett etter det oppsette tidsskjemaet. Men vi kom vi litt på etterskudd med premieutdelinga. Dette beklager vi, og skal rette på til neste gang.

 Det var godt vær under heile stemnet. Men det vart desverre ein litt lei motvind på sprinten. Til tross for dette vart det mange gode resultat.

 

Resultatliste___Sparebanken_More_leikane_2008.rtf
Resultatliste___Sparebanken_M_re_leikane_2008.pdf

Klubblister, deltakarliste og tidsskjema for Sparebanken Møre leikane

Ny versjon av klubblistene og deltakarlistene til Sparebanken Møre leikane søndag er no klare. Her er deltakarar frå Isfjorden i nord til Breimsbygda i sør. Nokre påmeldingar til er på veg inn, så det ser ut til å bli god deltaking. Rundt 200 deltakarar og over 500 startar ligger det ann til å bli.

Vi må be alle gå gjennom sine klubblister, og sjå om der har blitt noko feil. Send gjerne ei tilbakemelding til oss om du finner feil på post@dimna.no Dette gjelder både feil i namn, klasse og påmelde øvingar.

Tidsskjema
Tidsskjemaet er no også klart. Det blir eit stramt tidsskjema. Litt kollisjonar måtte det bli med så mange ulike øvingar. Men vi satsar på å vere fleksible slik at alle skal få med seg dei øvingane dei ønskjer.

Sjå førehandsomtale på Vikebladet.no her

 

Klubbliste_pr_laurdag130908.pdf
Startliste_Sparebanken_More_leikane_pr_laurdag.pdf
Tidsskjema_Sparebanken_More_leikane_2008.doc
Tidsskjema_Sparebanken_More_leikane_2008.pdf

Funksjonærliste til Sparebanken Møre leikane

Her er funksjonærliste for stemnet søndag. Her har blitt nokre endringar frå lista som vart lagt ut onsdag. Det kan nok bli nokre mindre endringar i siste liten også. Skulle gjerne hatt 2-3 hjelparar til. Om du har anledning så send oss ei melding på mail: post@dimna.no eller tlf. 41476148.

 

Funksjonaerliste_Sparebanken_More_leikane_2008.doc

Husk påmelding til Sparebanken Møre leikane

Innbyding_til_Sparebanken_More_Leikane_2008.doc

NCC dag 2: Seier til Henrik, Hallbjørn og Iselin

Hallbjørn Hasund Thorset og Håvard Fylsvik sikra seg 1. og 3. plassen på 200 m hekk.

Hallbjørn Hasund Thorset og Håvard Fylsvik sikra seg 1. og 3. plassen på 200 m hekk.

Til tross for 2. plass i lagkampen, 30 poeng bak Nord Trondelag vart det mange gode resultat og plasseringar under andre dag av NCC leikane i Stjørdal.

Henrik Overvåg tok to nye førsteplassar. Det blei seier på 60 m  med tida 7,60 og seier på 200 m hekk med tida 29,91. I tillegg blei det sølv i tresteg m,ed 11,32 m. Tidsskjemaet som starta med tresteg, så 200 m hekk og avslutta med 60 m gjorde nok at tidene ikkje blei heilt ned mot pers på løpa.

Hallbjørn Hasund Thorseth gjorde eit kjempeløp på 200 m hekk. Her fekk ha tida 30,67 som gir 1031 tyrvingpoeng og ein klar seier. Hallbjørn tok også bronse i høgde.

Iselin Selvåg frå Hareid IL hadde ogs ein stor dag i Stjørdal søndag. I høgde persa ho med 7 cm og hoppa 1,52 m som holdt til seier. I tresteg hoppa ho også godt. Ny pers og 3. plass med eit resultat på 9,94 m.

Den siste lokale medaljen søndag stor Håvard Fylsvik for. Han fulgte opp seieren på 60 m hekk laurdag med bronse på 200 m hekk med tida 34,07.

 

NCC_2008_resultat_dag1.htm
NCC_2008_resultat_dag2.htm

NCC - 2 seiere og 2 NCC rekorder til Henrik Overvåg

ncc2008_lagbilde.jpg

Under første dag av NCC leikane i Stjørdal gjorde utøvarane frå Møre og Romsdal det svært bra. Møre og Romsdal ligger berre 13 poeng bak favoritten Nord Trøndelag, og vil kjemte hardt søndag for å ta igjen dette.

Henrik Overvåg frå Dimna IL viste nok ein gong at han er beste 14 åringen i norge.  Han sette laurdag to nye NCC rekordar. Det blei seier og NCC rekord i lengde med resultatet 5,99 m og på 200 m med tida 23,90.

Men det var ikkje berre Henrik som tok gull laurdag. Håvard Fylsvik tok seieren på 60 m hekk med tida 10,64 mens Hallbjørn Hasund Thorseth tok gull i stav med resultatet 2,12 m.  Hallbjørn tok også bronse på 200 m med tida 26,90.

Den siste medaljen til Dimna kom i klasse jenter 13 år.  Tonje Sunde gjorde eit sterkt løp på 600 m. Persa med 3 sekund og spurta inn til bronsemedalje med tida 1.49,80.

Denne helga er det NCC-leikane som står på programmet

Denne helga er det 13 og 14 åringane i fylket som skal ut på tur og konkurrere. Dei skal til Stjørdal og delta i NCC-leikane. Her skal dei konkurrere mot kretslag frå begge trøndelagsfylka, Nordland, Troms og Finnmark.

Sparebanken Møre leikane 14. september

spbm_logo_farge.jpg

Dimna IL skal arrangere SPAREBANKEN MØRE leikane på Høddvoll Stadion søndag 14. september.  Dette blir eit stemne som er åpent for alle frå rekruttar til senior.

Vi legger opp til mange øvingar, og treng derfor også mange funksjonærar. Vi har alt fått mange tilbakemeldingar. Men trneg nokre fleire, hjelparar for å få til eit godt stemne. håpar at flest mogeleg har høve å hjelpe oss denne dagen. Vi ber om at dokke snarast råd sender ei tilbakemelding til Arve Hatløy på mobil 41 47 61 48 eller ein e-post til post@dimna.no  

Her er oppgåver som passer for alle. Alt frå kiosksal, tidtaking, raking i hoppegropa, måling av hopp og kast og mykje meir.

PÅMELDING
Alle utøvarane frå Dimna IL som skal delta må snarast råd melde seg på til stemnet. Gi beskjed til ein av trenarane på neste trening om du vil vere med. Innbydinga kan du sjå under. 

Innbyding_til_Sparebanken_More_Leikane_2008.doc

Dimna IL langt oppe på medaljestatistikken i UM

Medaljestatistikken og poengstatistikken for UM er no klar. Dimna IL med sine 5 medaljar og mange andre gode plasseringar kjem langt opp på denne statistikken. Av totalt 151 deltakande lag kom Dimna IL på 19. plass i poengstatistikken og 21 på medaljestatistikken.

Heile oversikta kan du sjå her:

Medaljestatistikken

Poengstatistikken

Forhånd.12345...9Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS