UM i Sigdal vart eit kanon mesterskap for Dimna IL

um_2008_medaljer_dag1.jpg

Etter tre fantastiske dagar i Sigdal må vi oppsummere litt. 2 gull 1 sølv og 2 bronse var langt i overkant av kva vi hadde forventa på førehand. Ein medalje hadde vi håpa på at vi kunne få med oss heim, men fem hadde vi ikkje tenkt tanken på at var mulig.

Det heile starta fredag formiddag då Nils Kristian Pilskog fossa inn til finaleplass på 100 m, og seinare på dagen fulgte opp med 2. plass i finalen.

I mellomtida hadde Maria Ringstad fullført 1500 m hinder der ho persa kraftig og sikra seg ein flott 3. plass.

Så kom det store høgdepunktet under dag 1 av mesterskapet.

 

UM - Kort oppsummering av siste dag

Her er ei kort oppsummering av siste dag før vi startar heimreisa frå Sigdal.  Nils Kristian Pilskog starta dagen med finale på 200 m. Her blei det 6. plass med tida 23,82.  Nils Kristian er nok ikkje heilt fornøgd med dette. Anders Odden Pedersen kom på 7. plass på  på 800 m med nok eit godt løp. Tida blei 2.02,94.

Martin Haddal Sæther blei nr. 6 på 2000 m med tida 5.59,76. Pers med 35 sekund.

Astri-Louise Nevstad blei nr 5 i diskos med eit kast på 27,06. Ho er nok litt missfornøgd då ho hadde gode prøvekast langt over 30 m. Noko som hadde gitt medalje.

Maria Ringstad blei nr. 8 på 3000 m med tida 11.28,49. Her blei Maria Vattøy nr. 9 med tida 11.54,06.

Rekord UM
Til tross for at det ikkje blei medaljar søndag har det blitt eit rekord UM med 5 medaljar. 2 gull 1 sølv og 2 bronse.

Tre 1000 poeng resultat så langt i UM

Til no har Dimnautøvarane fått tre 1000 poeng resultat i UM. Best resultat etter Tyrvingtabellen har Maria Ringstad på 1500 m hinder. Med tida 5.23,17 fekk ho 1134 poeng.

Martin Haddal Sæther har fått to 1000 poeng resultat. På 300 m hekk fekk han tida 42,58 som tilsvarer 1029 poeng. Persen på 800 m som gav gull (2.02,21) tilsvarer 1014 poeng.

UM: Gull til Martin Haddal Sæther på 800 m

Martin Haddal Sæther på toppen av seierspallen.

Martin Haddal Sæther på toppen av seierspallen.

Det vart ei perfekt avslutning på laurdagen under UM med GULL til Martin Haddal Sæther på 800m. I eit sterkt felt der Martin i utgangspunktet kun hadde den 4. beste tida før start. I eit løp der Martin kom greit ut frå start vart det mykje knuffing, og Martin kom litt på etterskudd. Men Martin kjempa seg fram i tet ved passering 400 m. Ved passering 500 m vart Martin forbiløpt. 100 m igjen av løpet var Martin på 5. plass 20 meter bak teten. Martin in sette då inn ein solid sluttspurt, fossa forbi feltet og sikra seg NM gull på 800 m.

 

Fleire gode resultat utover ettermiddagen

Maria Vattøy i fin driv på 800 m.

Maria Vattøy i fin driv på 800 m.

Anders Odden Pedersen innleia ettermiddagsøkta med 300 m hekk. Her blei det ny pers med tida 42,42. Men bom på to hekker gjorde at han miste mykje av farta og sikkert eit par sekund også. Det blei 6. plass på Anders.

Maria Vattøy løp 800 m. Ho gjorde eit bra , sjølv om tida var ein del etter pers. Ho fekk tida 2.32,73. Det holdt til ein 11. plass.

Aurora T. Midtflø frå Hareid IL var nok ein gong uheldig. Etter 150 m av sin 800 m vart ho knuffa slik at ho kom utanfor bana, og måtte bryte løpet.

 

UM Lørdag - Mange gode resultat på formiddagsøkta

Anders Egge Brandal med ny pers i spyd

Anders Egge Brandal med ny pers i spyd

Suksessen frå fredagen ser ut til å fortsette også laurdag. Sjølv om det ikkje har blitt medaljer enda, har det blitt fleire gode plasseringar. Anders Egge Brandal vart nummer 5 i spyd med ny personleg rekord på 51,64 m.

Renate Grimstad prøvde seg i dag på 80 m hekk. Gulljenta frå fredag kjempa seg her til ein finaleplass. I finalen vart ho nummer 5 med tida 12,74 i motvind. I forsøket hadde ho tida 12,64. Dette var absolutt godkjent av Renate som på grunn av arbruddet tidlegare i sommar ikkje har trent hekk på 6 veker.

Marthe Mjøen Berg var uheldig i sitt forsøksheat på 80 m hekk. Ho snubla i nest siste hekken og gjekk dermed glipp av ein finaleplass.

Astri-Louise Nevstad fekk nok ein 4. plass. I dag var det i kule der ho fekk resultatet 9,49 - berre 28 cm bak bronsemedaljen.

Nils Kristian Pilskog løp 200 m forsøk i dag. Her sikra han seg finaleplass med den 4 beste tida totalt. Finalen går søndag.

Seinaer i ettermiddag skal vi ha Anders Odden Pedersen i aksjon på 300 m hk, Maria Vattøy på 800 m og til slutt Martin Haddal Sæther og Brage Dimmen på 800 m.

Kan det bli medaljar her? Følg med på www.um2008.no

 

Jevnt over siste hekken i fnalen på 80 m hekk. Renate Grimstad i grønt.

Jevnt over siste hekken i fnalen på 80 m hekk. Renate Grimstad i grønt.

UM kan også vere slitsomt ?

Travelt med UM. Trond må ta ein strekk på madrassa laurdag ettermiddag.

Travelt med UM. Trond må ta ein strekk på madrassa laurdag ettermiddag.

Gull, sølv og to bronsemedaljer i UM fredag

Medaljevinnarane dag 1. Nils Kristian Pilskog (sølv) Renate Grimstad (gull) Maria Ringstad (bronse) og Martin Haddal Sæther (bronse)

Medaljevinnarane dag 1. Nils Kristian Pilskog (sølv) Renate Grimstad (gull) Maria Ringstad (bronse) og Martin Haddal Sæther (bronse)

Renate Grimstad overraska med gull i høgde under første dag av UM i Sigdal. I ei spennende høgdekonkurranse tok Renate seieren med resultatet 1,59 m. Renate som framleis går med gips etter skaden tidlegare i år hadde ikkje fått trent høgde på over ein månad. Likevel klarte ho GULL i UM.

Første dag av UM vart ein stor dag for Dimna IL.  Nils Kristian Pilskog overaska også stort på 100 m. Han kom her inn til 2. plass i finalen med tida 11,46.

To bronsemedaljar vart det også. Maria Ringstad tok 2. plass med ein solid pers på 1500 m hinder. Ho fekk tida 5.23,17. Martin Haddal Sæther tok også bronse. Han persa på 300 m hekk og fekk tida 42,58. Martin siktar seg også inn på medalje på 800 m laurdag.

I tillegg til medaljevinnarane vart det 4. plassar til Marthe Mjøen Berg på 300 m hk med tida 49,63 og Astri-Louise Nevstad i slegge med 34,80 m.

Det vart elles ein god dag for Møre og Romsdal med totalt 9 medaljar. Les meir på friidrettskretsen si side.

Sjå reportasje i NRK Møre og Romsdal her

Reportasje i Kondis.no frå 1500 m hinder

Enda meir på arrangøren sine sider www.um2008.no

 

 

Renate Grimstad norgesmeisteri høgde

Renate Grimstad norgesmeisteri høgde

UM: Nils Kristian til finalen på 100 m

nilskristianpilskog_um08.jpg

Nils Kristian Pilskog er klar for finale på 100 m under UM i Sigdal. Nils Kristian hadde nest beste til i forsøket med tida 11,44. Finalen går kl. 15.50 i ettermiddag.

Dimnadagen søndag 31. august

Søndag 31. august er det klart for årets utgåve av Dimnadagen på Dimna Grendahus.

Arrangementet startar kl. 13.00.
Matsal, loddsal, masse aktivitetar for både store og små.

Klart for UM i Sigdal

logo_um2008.jpg

Denne helga reiser ei stor tropp frå Dimna IL til Sigdal for å delta å Ungdomsmeisterskapet.  10 av Dimna sine 13 kvalifiserte utøvarar deltar. Det ligger ann til å bli eit rekordstort meisterskap med over 700 deltakarar i alderen 15 til 19 år. Det vil med andre ord bli hard kamp om medaljane. Dei siste tre åra har det blitt UM medaljar til utøvarar frå Dimna IL.  Dette må vere målet også i år, sjølv om konkurransen i dei øvingane vi har utøvarar med er sterk.

Glemte du Dimna jakka di i Ørsta i helga

Der låg igjen ei Dimna jakke (treningsdress jakke) på Ørsta Stadion etter Ørstaleikane i helga. Mangla du jakka di (str. S)?
Ta ev. kontakt med Arve på tlf. 41476148.

 

NCC laget er klart - 8 frå Dimna er med

Møre og Romsdal Friidrettskrets har no tatt ut det endelege laget til NCC-leken i Stjørdal 6. og 7. september. Frå Dimna IL er 8 utøvarar tatt ut.

Laguttak_NCC_lekene_2008.doc

Bestemannspremie til Karsten Warholm i Ørsta

Karsten Warholm med bestemannspremien for gutar under Ørstaleikane

Karsten Warholm med bestemannspremien for gutar under Ørstaleikane

Karsten Warholm fekk bestemannspremien for gutar under Ørstaleikane som vart arrangert på Ørsta Stadion i helga. Karsten fekk bestemannspremien for sitt resultat i tresteg. Han hoppa heile 11,34 m som tilsvarar 1154 tyrvingpoeng. Karten hadde også fleire andre resultat over 1000 poeng. På 60 m hekk sette han pers med tida 10,07 (1055 poeng). Pers vart det også i lengde med 5,39 m som gir 1092 poeng.

Masse bilder frå Ørstaleikane i bildearkrivet

I bildearkivet i menyen til venstre kan du no sjå masse bilder frå Ørstaleikane.

Piggsko til sals

Sjå meir under "Kjøp og sal" under menyen til venstre.

Ørstaleikane denne helga

Denne helga er det Ørsteleikane i Ørsta som står på programmet. Dimna IL stiller med ei stor tropp også i dette stemnet. Stemnet startar kl. 12.00 laurdag. Først ute er då rekruttane. Søndag startar også stemnet kl. 12. Vi håper å kunne legge ut tidsskjemaet til stemnet i løpet av fredag kveld.

 

Orstaleikane___Tidsskjema_laurdag.doc
Orstaleikane___Tidsskjema_sondag.doc

Gull til Odd Elvanes i NM for veteranar

Odd Elvanes i aksjon under NM for veteranar i Tønsberg. Her passerer han vanngrava på 3000 m hinder.

Odd Elvanes i aksjon under NM for veteranar i Tønsberg. Her passerer han vanngrava på 3000 m hinder.

Odd Elvanes frå Hareid IL var i helga i Tønsberg og deltok i NM for veteranar. Her blei det gull på 3000 m hinder, sølv på 400 m og bronse på 800 m. På 1500 m vart det ikkje medalje då han enda på 4. plass.

Klikk på les mei så finner du resultata.

Forhånd.123456...9Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS