Dimna IL nr. 2 i Kretscupen

Dimna IL si tropp under siste delen av kretscupen på Straumsnes Stadion.

Dimna IL si tropp under siste delen av kretscupen på Straumsnes Stadion.

Som vanta vart det seier til Tingvoll FIK i kretscupen som blei arrangert på Straumsnes i helga. Sjølv om Dimna IL var best i det siste stemnet på søndag, var leiing til Tingvoll frå dei første stemna i Molde i juni, og stemnet laurdag for stor til at Dimna kunne true seieren til Tingvoll.

 

Resultat treningstemne 14.08.2008

Kule og spyd stod på programmet i dagens treningstemne på Høddvoll Stadion. Kristoffer Holm var 41 cm frå UM kravet i spyd, mens Anders Egge Brandal viste nok ein gong at han no er stabil på lengder rundt 50 meter.

 

Resultatliste_Treningstemne_140808.xls

Ny innbyding til Ørstaleikane

Ørstaleikane vert arrangert 23. og 24. august. Dimnautøvarane som skal delta må huske å melde seg på til trenarane på neste trening. Absolutt siste frist er 19. august. Her er NY innbyding med oversikt over øvingane. Her har kome til nokre fleire øvingar for 13 og 14 åringane. Dette blir siste sjanse for å kvalifiserer seg til NCC-leikane:

 

Ny_innbyding_til_Orstaleikane.pdf

Maria Ringstad nr. 7 på 2000 m hinder

Maria Ringstad med godt løp på 2000 m hinder

Maria Ringstad med godt løp på 2000 m hinder

Maria Ringstad gjorde eit godt løp på 2000 m hinder under siste dag av junior NM i Stavanger.  Løpet blei ikkje uventa vunne av Karoline Bjerkli Grøvdal som også sette ny norsk rekord.

Nytt treningstemne på Høddvoll torsdag 14. august

Då deler av vårt forrige treningstemne blei tatt av regnet. Prøver vi oss på nytt med eit treningstemne torsdag 14. august kl. 18.00. Øvingane denne gangen blir kule og spyd.

Silje Fjørtoft dobbeltmester i junior NM

Silje Fjørtoft inn til seier på 1500 m

Silje Fjørtoft inn til seier på 1500 m

Ørstajenta Silje Fjørtoft som i år representerer Vidar blei dobbeltmeister under junior NM i Stavanger. Fredag gjekk Silje til topps på 3000 m. Laurdag følgte ho opp med ein klar seier på 1500 m.  Karoline Bjerkli Grøvdal frå Isfjorden tok også ein klar seier fredag på 3000 m i klasse junior 19. Mesterskapsrekord og fylkesrekord vart det også. Karoline er med andre ord på full fart tilbake etter problema ho har hatt det siste året.

Dei fleste av dei andre utøvarane frå Møre og Romsdal har dei to første dagane av NM prestert litt under det dei er gode for.

 

Utøvarar frå Dimna IL og Hareid IL til junior NM

logo_jrnm08_s.jpg

Denne helga skal utøvarar frå Dimna IL og Hareid IL til Stavanger og delta i junior NM.  Frå Dimna IL deltar Maria Ringstad, Maria Vattøy Astri-Louise Nevstad og Nils Kristian Pilskog. Frå Hareid IL deltar Aurora Topphol Midtflø.

Utøvarane er nok i yngstge laget til at vi kan forvente medaljar denne gangen.  Men deltakinga vil gi dei god erfaring til seinare mesterskap.

Karsten Warholm med kjempehopp i tresteg

Karsten Warholm (arkivfoto)

Karsten Warholm (arkivfoto)

Under Dimna IL sitt treningstemne på Høddvoll tirsdag 5. august sette 12 år gamle Karsten Warholm ny aldersrekord for Møre og Romsdal i tresteg. Han hoppa 11,14 m som gir heile 1134 poeng etter Tyrvingtabellen.

Treningstemnet starta under fine forhold. Men etter ei stund kom ei kraftig rengbyge som ødelagde siste delen av treningstemnet. Dette gjekk spesielt utover kule og spyd. Men Anders Egge Brandal viste god spydform med nok eit kast over 50 meter i kraftig regnvær. Kristoffer Holm manglar ein liten meter på UM kravet i spyd. Martin Haddal Sæther klarte UM kravet på 2000 m og kan dermed også delta i denne øvinga under UM.

Her er resultatlista frå stemnet.

Resultatliste_treningstemne_5._august_2008.xls

Treningsavgift dame- og herretrim

Styret har motteke ei klage vedr. den utsendte treningsavgifta for herre- og dametrimmen, og ynskjer derfor å informere og fylgjande:

 

Haustsesongen i gang

Vi her no godt i gang med haustsesongen. Her er ei overikt over stemna den første månaden:

8. til 10. august:     Junior NM i Stavanger
16. og 17. august:  Kretscup III og IV på Straumsnes
23. og 24. august:  Ørstaleikane
29. til 31. august:   UM i Sigdal

 

Treningstemne/seriestemne

Dimna IL arrangerer treningstemne på Høddvoll Stadion tirsdag 5. august kl. 18.00.
Øvingar: Tresteg, kule, spyd, 400 m, 800 m og 2000 m

Ålesund FIK arrangerer seriestemne på Aksla Stadion onsdag 6. august kl. 18.00.
Øvingar: Høgde, lengde og tresteg.

Her er derfor nye sjansar til å kvalifisere seg til UM og NCC-laget.

 

 

Tilbake til Norge med medaljar og personlege rekordar

Troppa samla i sola laurdag

Troppa samla i sola laurdag

Tidleg mandag morgon kom ei tropp frå Møre og Romsdal friidrettskrets tilbake til fylket etter ein flott tur til Uddevalla der dei deltok i Bohusspelen denne helga.

I strålande sol og 33 grader vart det mange medaljar til utøvarane frå fylket.

Vi skal etter kvart kome tilbake til meir omtale og bilder frå stemnet. Men inntil då kan du lese meir på Molde Olymp sine heimesider her.

Resultatlista kan du sjå i vedlegget.

På arrangøren si heimeside kan du også finne omtale og bilder. Klikk her

Klikk på les meir så kan du bl.a. sjå ei oversikt over medaljane til Møre og Romsdal.

 

Resultat_bohusspelen2008.htm

Renate Grimstad den mest uheldige i Uddevalla

Renate Grimstad med gipsa hand.

Renate Grimstad med gipsa hand.

Renate Grimstad var den mest uheldige under stemnet i Uddevalla. Renate som no var i god form skulle teste forma før junior NM, UM i mangekamp og UM. Men i den aller første øvinga 300 m hekk var ho uheldig og snubla i ein hekk ved utgangen av svingen. Fallet enda med armbrudd, og tur til sjukehuset for å få på gips.

Men Renate kjem nok sterkare tilbake så snart bruddet har grodd.

NM gull til Silje Fjørtoft og Karoline Bjerkli Grøvdal

Silje Fjørtoft i tet på 3000 m hinder

Silje Fjørtoft i tet på 3000 m hinder

Ørsta jente Silje Fjørtoft som no representerer Vidar tok gull på 3000 m hinder under NM som blei arrangert i Trondheim denne helga. Silje tok ein klar seier etter å ha leia løpet frå start til mål.

Ein enda klarare seier vart det til Karoline Bjerkli Grøvdal. Karoline var tilbake på friidrettsbana og løp ein flott 5000 m der ho var i tet frå start til mål.

Kristine Eikrem Engeset er ikkje i toppform for tida, og måtte nøye seg med sølvmedalje i NM. Ho blei nummer 2 på 1500 m.

NM medaljar vart det også til Hilde Røsvik frå Ålesund FIK. Hilde blei nummer 3 i både lengde og tresteg.

Astri-Louise Nevstad sin debut hovud NM blei vel ikkje slik ho hadde tenkt seg. Astri-Louise deltok i slegge og det enda med 3 døde kast. Men Astri-Louise har nye sjansar i junior NM og UM i august. 

Her kan du sjå resultata frå NM

Kvalifiserte til UM, junior NM og hovud NM

Astri-Louise Nevstad er kvalifisert til både UM, junior NM og hovud NM

Astri-Louise Nevstad er kvalifisert til både UM, junior NM og hovud NM

Når det no går mot ferie og fristen for å kvalifisere seg til dei ulike mesterskapa nærmar seg kan vi konstatere at det er rekordmange frå Dimna IL som i år har klart dei ulike kvalifiseringskrava.

Ein må vere 15 år for å kunne delta i UM, junior NM og Hovud NM.

13 og 14 åringane kan kvalifisere seg til å vere med på kretslaget til NCC-lekene i Stjørdal. Også til dette laget er fleire frå Dimna IL klare.

Mange gode resultat på treningstemne tirsdag

Sol og fint vær gav mange gode resultat under Dimna IL sitt treningstemne på Høddvoll tirsdag 8. juli.

Maria Ringstad klarte junior NM kravet på 3000 m.

Fleire andre klarte UM kravet denne kvelden. Her er ei oversikt:
Brage Dimmen på 800 m
Anders Odden Pedersen 300 m hekk
Martin Haddal Sæther 300 m hekk
Marthe Mjøen Berg 300 m hekk

Til tross for ein dårleg start forbetra Henrik Overvåg sin pers på 100 m med 2 hundredelar.

Her er resultata:

Resultatliste_treningstemne_pa_Hoddvoll_Stadion_080708.doc

Suksess for motbakkeløpet Høgåsen Opp

Helge Dimmen og Aurora Topphol Midtflø blei dei første vinnarane av Høgåsen opp.

Helge Dimmen og Aurora Topphol Midtflø blei dei første vinnarane av Høgåsen opp.

Med over 50 deltakarar i strålande sol vart motbakkeløpet Høgåsen opp som trimnemnda i Dimna IL arrangerte ein stor suksess. Vinnarane av dette første løpet vart Helge Dimmen og Aurora Topphol Midtflø. Den tidlegare Dimna-løparen som no bur i Horten fekk tida 17,09 frå Dimna Grendahus til toppen av Høgåsen. Nummer to vart Joar Moldskred frå Haddal med tida 17,33.

I dameklasa vart det til Aurora T. Midtflø frå Hareid IL som kom først til toppen. Ho fekk tida 21,02 og var 16 sekund føre Norunn Dimmen frå Dimna IL. Nummer 3 her vart Maria Vattøy også frå Dimna IL.

 

Treningstemne tirsdag 8. juli

Dimna IL arrangerer treningstemne på Høddvoll Stadion tirsdag 8. juli kl. 18.00.  Planlagde øvingar er:  Korthekk, 300 m hk, 100, 300 m, 800 m og 3000 m. I tillegg vil det bli arrangert slegge på kastbana i Dimna etter at løpsøvingane er ferdig (ca. kl. 20.00).

Dimna IL arrangerer motbakkeløp

Trimgruppa i Dimna IL vil laudag 5. juli arrangere motbakkeløp. Løpet som har fått namnet "Høgåsen opp" vil gå frå Dimna Grendahus via Svarane og opp på Høgåsen. Start kl. 14.00. Påmelding frå kl. 13.00.

Løpet er åpent for alle og har 4 klasser.
- Konkurranseklasse for menn (Frå og med 15 år)
- Konkurranseklasse for kvinner (Frå og med 15 år)
- Mosjon  (åpen for alle)
- Gutar og jenter til og med 14 år

Løypa for konkurranseklassa går til Høgåsen via Svarane, mens løypa for mosjonsklassa og gute og jenteklassa går frå grendahuset til Svarane.

Kart_Hogaasen_opp.pdf

Tur til Bohusspelen i Uddevalla, Sverige

Viktig melding frå kretsen:

Som de fleste vet, så er U-matchen avlyst pga at svenskene trakk seg i siste liten. Istedet har Møre og Romsdal Friidrettskrets funnet et stevne i Uddevalla, Sverige som vi arrangerer busstur til.
De utøverne som var uttatt på laget til U-matchen har førsteprioritet på plassene i bussen.
Deretter blir det åpen påmelding fra andre - "først til mølla"
Påmelding innen lørdag 5. juli

Se over lista om det er noen i din klubb som er tatt ut, eller er interessert i å bli med.

Vedlagt er info om turen med liste over de uttatte + innbydelsen til stevnet.

Bohusspelen____Innbyding.doc
Info_skriv_til_Uddevalla.doc
Forhånd.123456789Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS