Olav Hansen ny leiar i friidrettskretsen

På på kretstinget i Møre og Romsdal friidrettskrets som blei arrangert på Hareid laurdag 9. februar vart Olav Hansen valt som ny leiar etter Svein Olav Eidseter som hadde sagt frå seg attval. Det blei også valt ny nestleiar. Den nye nestleiaren er no Ove Midtflø frå Hareid IL, mens Stig Svenøy frå Elnesvågen vart attvalt som styremedlem.

Team Athletics Games blir arrangert 1. mars

logo_tag.jpg

Team Athletics Games har vi saman med Hareid IL og Ørsta IL arrangert i Hareidshallen dei to siste åra. Dette har vor ein stor suksess. I samarbeid med friidrettsforbundet vil det også i år bli TAG i Hareidshallen. Årets arrangement går den 1. mars etter same mønster som dei siste åra. Arrangementet er ei lagkonkurranse for alle mellom 10 og 14 år.  Det skal konkurrerast i 4 manns lag som består av både gutar og jenter. Under kan du sjå innbydinga og ein beskriving av konseptet.

Brosjyre_TAG.pdf
Innbyding_TAG_2008.doc

Klar seier til Dimna IL i kretsserien for gutar og jenter i 2007

kretsserien_logo.jpg

I flg. Ålesund FIK si heimeside så vart det ein klar seier til Dimna IL i kretsserien for gutar og jenter for 2007.
Dimna IL fekk 20.239 poeng. Nummer to blei Eide IL med 19.386, mens Ørsta IL sikra seg 3. plassen med 18.876 poeng.

Kretsserien består av dei 20 beste resultata etter tyrvingtabellen. Både gutar og jenter må vere representert blandt desse 20 resultata. Der må også vere minst 4 resultat frå kvar øvingsgruppe løp, hopp og kast.
Dimna IL sitt 2. lag sikra seg ein sterk 7. plass.

Klikk på les meir så kan du sjå heile lista.
Vi legger no også ut ei oversikt over alle årsbesteresultata til Dimna IL sine utøvarar i 2007.

Arsbesteresultat_2007___Dimna_IL.xls

UM:  Bronse til Martin Haddal Sæther på 1500 m

martin_saeter_um_drammen_08_seierspallen.jpg

Under siste dag av UM i Drammen vart det bronse til Martin Haddal Sæther på 1500m. Martin som også var nær medalje på 800 m laurdag kjempa sikra seg bronsemedaljen etter ein sterk spurt mot Sander Sekkingstad Terum frå Aurland. Martin hadde denne gangen marginane på sin side og var 3 hundredelar føre Sander i mål. I tillegg til ein medaljen forbetra han også sin personlege rekord frå utandørssesongen i fjor med 8 sekunder. Ingen tvil om at Martin har gjort eit godt treningsarbeid så langt i vinter.

Oppsummering av UM i Drammen

Heile troppa frå Dimna IL og Hareid IL under UM i Drammenshallen.

Heile troppa frå Dimna IL og Hareid IL under UM i Drammenshallen.

Innandørs UM i Drammen er no over. Ein bronsemedalje og 4 4. plassar vart den enedelege fasiten. Søndagen vart avslutta med fleire spennande 1500 m løp. Maria Vattøy kjempa lenge om ein 3. plass, men måtte gi tapt i spurten og enda til slutt på 4. plass.

UM DRAMMEN: MARTIN HADDAL SÆTHER MED PERS PÅ 800 M

UM i Drammen er i gang. Laurdag var det Martin Haddal Sæther som blei den beste Dimningen med ein solid ny personleg rekord på 800 m. Han forbetra si utandørs rekord med nesten 2 sek. Han fekk tida 2.09,88 som gav han ein 4. plass. Han var heller ikkje langt bak medaljane.

UM Laurdag: 2 medaljar til Møre og Romsdal

Det blei to medaljar til Møre og Romsdal laurdag. Simon Rønsholm Sandvik frå Molde Olymp tok gull på 60 m med tida 7,09 som også er ny aldersrekord for Møre og Romsdal.
Den andre medaljen stod Siv Krakeli Sneen for. Ho tok bronse på 60 m i 16 års klassa med tida 8,06 (8,04 i semifinalen). Dette var også ein solid personleg rekord.

10 utøvarar frå Dimna og Hareid til UM i Drammen

astri_louise_gull_um_stange2007.jpg

Første helga i januar skal 10 utøvarar frå Dimna IL og Hareid IL til Drammenshallen og delta i UM. UM er NM for ungdom i alderen 15 til 19 år.

Bilde: På bilde ser vi 18 år gamle Astri-Louise Nevstad som tok gull i fjorårets UM i Stangehallen. I år må ho konkurrere saman med dei beste 19 åringane i landet då 18 og 19 åringane konkurrere i same klassa. Kampen om medaljane blir nok derfor enda hardere i år enn i fjor.

Norunn Dimmen og Maria Vattøy best i Grimstadvatnet rundt

Norunn Dimmen (tv) og Maria Vattøy - Her frå 3000 m under KM i fjor sommar.

Norunn Dimmen (tv) og Maria Vattøy - Her frå 3000 m under KM i fjor sommar.

Laurdag gjekk det 3. løpet av Grimstadvatnet Rundt. Blandt kvinnene vart Norunn Dimmen nok ein gong best. I jenteklassa under 17 år vart det seier til Maria Vattøy føre Aurora Midtflø. Blandt dei yngste gutane vart det seier til Martin Velsvik føre Espen Velsvik. Best i herreklassa var også denne gangen Jarreh Caasay.  Klikk på les meir så  kan du sjå alle resultata.

Forhånd.1...6789
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS