Spurtoppgjør i Grimstadvatnet Rundt

Joar og Martin i tet.

Joar og Martin i tet.

Det blei spurtoppgjør om seieren i det 2. løpet av Grimstadvatnet Rundt laurdag ettermiddag. Joar Moldskred og Martin Haddal Sæter tok teten frå start. Dei løp i lag gjennom heile løpet. Det heile skulle avgjørast i spurten. Normalt skulle nok 400 m spesialisten Martin vere best i ein spurt. Men denne gangen hadde Joar ein kanonspurt på lur, og lurte derfor Martin på dei siste meterane. Begge sette nye personlege rekordar rundt vatnet. Joar fekk tida 28,05 mens Martin fekk tida 28,09.

Tidene til Joar og Martin var solide personlege rekordar for begge to. Dette var imponerande då forholda var langt frå optimale då det var mykje is i store delar av løypa. Personleg rekord vart det også til Brage Dimmen. Han tida 30,00. Frå før hadde han ein pers. på 31,15 min rundt vatnet. Espen Velsvik fekk tilda 32,52 min som er litt bak hans personlege rekord rundt vatnet.

Bland veteranana må vi også nemne at Hans Kristian Velsvik gjekk til topps i klasse 45-49 år med tida 36.57.

Kvinneklassa med ny vinnar.
I kvinneklassa var det denne gangen Veslemøy Hausken som var best. Den tidlegare norske eliteløparen (med NM-gull både på 800- og 1500-meteren) var på Hareidlandet for å besøke gamle vennar denne helga - og nytta høve til å løpe Grimstadvatnet Rundt. Ho fekk tida 30,33 og i flg. Vikebladet.no brakte tida henne inn på 3.-plassen på kvinnerankingen. Berre Ragnhild Kvarberg (26.51) og Trine Pilskog (27.05) har betre tider.
Maria Ringstad, Dimna IL hadde nest beste kvinnetid, 32.11 - og slo sin eigen personlege rekord med eit sekund.

Mange frå idrettslinja med
Idrettslinja ved UVS stillte sterkt denne gangen. I tillegg til Martin H. Sæther som også er elev på idrettslinja stillte fleire fotballspelarar også. Aller best av desse var Høddspelaren Sivert Heltne Nilsen. Han fekk tida 28,44 - berre slått av Joar og Martin.


God innsats i Grimstadvatnet Rundt. Frå venstre Brage Dimmen
Martin Haddal Sæter, Joar Moldskred og Maria Ringstad.

Sjå reportasje i Vikebladet.no her

Sjå reportasje i Kondis her


Resultatliste:

Kvinner u 17 år
Aurora Midtflø Hareid 36.26

Kv. 17-34 år
Maria Ringstad Dimna 32.11
Liv Astrid Langnes 36.26
Silje Teigene Falk 40.42

Kv. 35-39 år
Veslemøy Hausken 30.34 (Beste kv.-tid)

Kv 45-49 år
Irene Rødseth Gursken 44.36

Kv 50-54 år
Karin Kleven Breivik 42.07

Gutar u 17 år
Martin Sæther Dimna 28.08
Ådne Andersen Hareid 29.48
Brage Dimmen Dimna 30.00
Robin Hjelmeset Hødd 30.11
Kristoffer Sætrenes Hødd 31.02

Menn 17-34 år
Joar Moldskred Dimna 28.05 (Beste tid)
Sivert Nilsen Hødd 28.44
Martin Hauge Nilsen Spjelkavik 29.48
Teclai Berhe Belay Hødd 30.01
Jørund Widnes Johansen Hødd 30.08
Havtor Skeide Hødd 30.09
Vegard Heltne Hasundgot 30.59
Arve Haugland Hødd 31.23
Erlend Oksavik Ulstein sykkelkl 31.39
Tore Mjønes Hødd 31.45
Espen Velsvik Dimna 32.52
Kristoffer Myrene Hødd 35.21
Audun Giske Eiksund 40.55

Menn 35-39 år
Jonny Tømmerbakk 32.48
Ingebjørn Røren Blåsarane 33.28
Anders Nedregård Spjelkavik 39.55
Tord Espelid Hareid braut

Menn 40-44 år
Dag Harald Moldskred Hareid 29.39
Ole Eiksund GSK 31.35
Jan Einar Roos 32.07
Kjetil Eiksund Volda 32.08
Idar Hatløy Dimna 38.24

Menn 45-49 år
Hans Kristian Velsvik Dimna 36.57
Tor Havåg Ulstein sykkelkl. 37.39

Menn 50-54 år
Odd Elvanes Hareid 30.36

Menn 55-59 år
Dag Snipsøyr Hareid 35.28
Per Arne Pedersen Hasundgot 37.31
Åge Breivik 40.55

Menn 60-64 år
Helge Fuglseth ÅFIK 32.27
Kjell M Fagerlund Hasundgot 37.54
Per Storøy Bergsøy 39.25

Menn 65-69 år
Per Gjerde Hasundgot 36.25
Jon Kåre Mork Hareid 37.44

Mosjon utan tid
Sissel Gjerde Hasundgot

knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg

kongsberg_gruppen_logo.png

   

tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS