Ulsteinelevane markerte seg i skulecupen

Her er heile troppa frå Ulstein Ungdomskule som deltok i skulecupen for aller første gang.

Her er heile troppa frå Ulstein Ungdomskule som deltok i skulecupen for aller første gang.

Onsdag var 10 elevar frå Ulstein Ungdomskule i Sykkylven og deltok i semifinalen i skulecupen. Her blei det ei rekke flotte resultat, og fleire av dei 10 kvalifiserte seg til fylkesfinalen i Molde.

8. klasse
Karsten Warholm tok seieren på 40 m på den sterke tida 5,78 sek. som tilsvarer 1054 tyrvingpoeng.
Karsten tok også seieren i lengde. Her hoppa han heile 6,00 m (1136 poeng). I kulekonkurransa vart det også Ulstein seier. Den gjekk til August Oksavik med eit støt på 11,14 m.

8. klasse jentene gjorde det også svært bra. På 40 m overraska Angelica Vattøy stort med ein sterk 2. plass berre tre hundredelar bak den sterke Ørstajenta Hanna Marie Skjeret. Angelica fekk tida 5,89 sek.  (1056 poeng). I denne klassa deltok også Erika Dimmen som fekk tida 6,37 sek. og Silje H Hostad som fekk tida 6,52

I lengdekonkurransa blei det 2. plass og plass i fylkesfinalen til Anne Marie Hasund med resultatet 4,46 m.

Den tredje jenta som gjekk til fylkesfinalen var Lea Longva. Ho blei nummer to i kule med resultatet 9,62 m.

9. klasse
Hallbjørn Hasund Thorseth tok seieren på 40 m og lengde. På 40 m fekk han tida 5,59 sek (5,47 i forsøket - 1148 poeng). I lengde hoppa han 5,80 m (1010 poeng).

10. klasse
Henrik Overvåg gjekk ikkje uventa av med seieren på 40 m i den eldste klassa. Han fekk tida 5,35 sek. I denne klassa vart det også seier til Dalibor Lalic i kule. Han støtte kula heile 11,58 m.

 

 

Resultatliste_semifianale_skulecupen_2009_Sykkylven.xls
Skulecupen_2009_Sykkylven_Resultat_40m_finale.xls
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg

kongsberg_gruppen_logo.png

   

tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS