| |
| | |
Stafettlaget: Frå venstre Markus Lervik, Henrik Overvåg, Brage Dimmen og Martin Haddal Sæther
Mot slutten av UM søndagen var det 1000 m stafett på programmet. Dimna IL stillte med eit lag i 15/16 års klassa. Laget overraska alle med klar seier i heatet sitt, og enda til slutt på ein flott 3. plass. Enda ein medalje kunne dermed Dimnajengen ta med heim til Ulsteinvik. Med på laget var desse. 1. etappe 100 m - Markus Lervik, 2. etappe 200 m - Henrik Overvåg, 3. etappe 300 m - Brage Dimmen og 4. etappe 400 m - Martin Haddal Sæther.
Gull til Henrik Overvåg på 200 m
5 medaljar vart det til Dimna under UM. Martin H. Sæther tok sølv på 1500 m. Henrik Overvåg tok gull på 200 m og sølv på 60m. Renate Grimstad tok sølv på 60 m hk og i høgde.
Henrik Overvåg tok GULL på 200 m under UM i Stangehallen søndag ettermiddag. Henrik hadde beste tida i forsøket, og tok teten frå start i finalen. Sjølv om det var jevnt ved utgangen av siste sving, viste Henrik at han er beste 200 m løparen i landet i si klasse, og dro fra inn mot mål. Henrik fekk tida 23,88 i finalen.
Sølv til Martin Haddal Sæther på 1500 m
Martin tok Dimna sin 4. sølvmedalje i årets innandørs UM
Etter å ha slitt med magetrøbbel på 800 m slo Martin H. Sæther (16) til med sølv på 1500 m søndag ettermiddag. Martin var usikker på korleis kroppen ville fungere og starta derfor litt forsiktig. Men på den siste runda leita han fram sine spurtegenskapar, og med ein vanleg kanonspurt klarta han å sikre seg sølvmedaljen med tida 4.23,29. 7. plass til Brage Dimmen Brage Dimmen fekk 7. plass på 1500 m med tida 4.52,46.
Etter at første del av søndagens øvingar er over, er ein av våre 200 m løparar klar for finalen. Henrik Overvåg løp eit sterkt løp på 200 m og sikra seg beste tida i forsøket og dermed finaleplass med tida 23,74.
Henrik Overvåg med sølvmedaljen
Sølv til Renate Grimstad i høgde og på 60 m til Henrik Overvåg vart medaljebeholdninga i Stangehallen laurdag.
Både Reneta og Henrik var nære seieren i sine øvingar, men hadde ikkje heilt marginane på sin side denne gangen. I tillegg til sølvmedaljen holdt Henrik si tid også til Sunnmørs aldersrekord.
Men vi hadde også mange andre i aksjon laurdag. Klikk på les meir for meir info.
Sølv til Henrik Overvåg på 60 m
Henrik Overvåg løp inn til sølv på 60 m under UM i Stangehallen. Henrik som den siste månaden har vore plaga med ein vond rygg sette personleg rekord i semifinalen med tida 7,44. I finalen fekk han tida 7,46. Vinnartida vart 7,40. Søndag skal Henrik prøve seg på 200 m. Lende står han over på grunn av ryggproblema.
Ny sølvmedalje til Renate i UM
Renate Grimstad sikra seg ein ny sølvmedalje i UM laurdag. I høgde blei det delt 2. plass med Kirvil Schau Odden frå Snøgg friidrett med resultatet 1,58. Seieren gjekk til Silje Laupstad frå Egersund med resultatet 1,61.
Renate Grimstad med sølvmedalje i UM
Det blei ein knallstart på UM i Stangehallen fredag kveld. Renate Grimstad (17) slo til med sølv på 60 m hekk berre 2 hundredelar bak gullvinnaren.
Marthe Mjøen Berg kom seg også til finalen på 60 m hekk, og sikra seg ein sterk 4. plass.
Her er medaljevinnarane frå UM i Sigdal i fjor. Kan det bli nye UM medaljar i Stangehallen til helga?
Komande helg reiser 10 av Dimna IL sine utøvarar til Stangehallen for å delta i årets innadørs UM. Innandørs UM er NM for ungdom mellom 15 og 22 år. Heile 650 deltakarar er påmeldt, så det blir hard konkurranse om medaljane.
UM utandørs sist sommar vart ein stor suksess for Dimna IL med 5 medaljar. Innandørs har vi nok ikkje like store forventningar. Våre utøvarar har hatt lite konkurransar så langt i vinter, og treninga på enkelte tekniske øvingar får vi heller ikkje gjort heilt som vi ønskjer med dei innandørsfasilitetane vi har til rådvelde. Men vi har likevel tru på mange gode resultat.
8 Dimnautøvarar på NCC samling
Sist helg var det NCC samling for 13 og 14 åringane i Eidehallen. Åtte utøvarar frå Dimna IL var med på samlinga. Tilbakemeldingane vi har fått var at dei hadde det kjekt, med trening både laurdag og søndag. Laurdag var det mykje turn mens dei søndag trente på ulike friidrettsøvingar.
Karsten Warholm med bestemannspremie og 4 gull i KM
Karsten Warholm tok bestemannspremien for gutar under KM i Tingvoll søndag. Dermed er friidrettssesongen 2009 i gang for fullt. KM i Tingvollhallen samla heile 120 deltakarar til start. Det blei dermed eit stort stemne som varte i nesten 6 timar. Dimna og Hareid stillte med til saman 15 utøvarar og markerte seg sterkt med mange medaljar og gode resultat.
Båtvask på Kleven Verft AS
Vi har fått tilbud fra Kleven Verft om å vaske båt, det har vi sagt ja til og planen vår er at det blir kun denne båten vi vasker i år. Dugnaden blir frå 2. til 5. februar.
Dugnadar som dette er viktige for at vi skal få inn nok inntekter til å halde i gang den store aktiviteten vi har i laget. Vi håper derfor at flest mogeleg har høve å stille opp på denne dugnaden som økonominemdna organiserer. Sjå i vedlegget for meir informasjon, og kvar du kan melde deg på til dugnaden.
Litt endring i treningstidene
Frå nyttår no blir det litt endring i nokre av treningstidene. Barnetrimmen 3-6 år flytter treningane frå torsdag til tirsdag kl. 17.25 til 17.55. 10-13 års gruppa startar opp igjen torsdagstreningane i Dimna. Det blir trening frå kl. 18.30 til 19.30. Fullstendig oversikt over treningstridene finner du i menyen til vestre under "Trening/informasjon"
Innbyding til NCC samling i Eidehallen
Denne meldinga har vi i dag fått frå friidrettskretsen:
Helga 24-25 januar er det planlagt samling for utøvere født i 94-95-96 i Eidehallen. Dette er utøvere som er aktuelle til årets NCC-leker + vi har invitert med de som var med på siste NCC-leker i Stjørdal Vi håper på god oppslutning til denne samlinga, det var veldig trist å måtte avlyse samlingen som var planlagt i november Påmeldingsfrist er søndag 18. januar Innbydelsen finner dere i vedlegget Mvh Bente Krakeli Møre og Romsdal Friidrettskrets
KM innandørs søndag 18. janaur
KM innandørs vert i år arrangert i Tingvollhallen søndag 19. januar. Dei frå Dimna IL som vil delta må melde seg på til trenarane seinat tirsdag 13. januar. Alle frå og med 11 år (11 år i 2009) kan delta. Innbydinga med øvingar m.m. kan du lese her.
Dei tre beste i herreklassa: Frå venstre Dag Harald Moldskred, Joar Moldskred og Martin Haddal Sæther
Det vart Joar Moldskred og Maria Ringstad som gjekk til topps i det 3. løpet i vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt laurdag. Etter at Martin Haddal Sæther hadde vunne dei to første løpa måtta han denne gangen sjå seg slått av Joar Moldskred. Dei holdt følgje det meste av løpet. Men mot slutten fekk Martin litt mageproblem, og Joar fekk då ei luke som han heldt helt heilt til mål. I dameklassa vart det nok seier til Maria Ringstad føre Aurora T. Midtflø.
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |