Oppstart av treninga etter haustpausen

Etter ein kort treningspause er vi no snart klar til å starte opp med treninga for 2010 sesongen.

Eldste gruppa (13 år og eldre) startar opp treninga mandag 2. november kl. 19.00 på Dimna Grendahus.

10-12 års gruppa startar sine treningar tirsdag 17. november i Ulsteinhallen.

7-9 års gruppa startar også oppatt med sine treningar tirsdag 17. november.

Klikk på les meir så kan du sjå den fullstendige oversikta over treningstidene.

 

Resultatlister 26 kampen

No kan du studere 62 sider med enkeltresultat frå 26 kampen sist helg.

Resultatliste_26_kampen_dag_1___16.10.09.pdf
Resultatliste_26_kampen_dag_2___17.10.09.pdf
Resultatliste_26_kampen_dag_3___18.10.09.pdf

Bilder frå 26 kampen

Vinnarane av 26 kampen. Martin Haddal Sæther og Hallbjørn Hasund Thorseth

Vinnarane av 26 kampen. Martin Haddal Sæther og Hallbjørn Hasund Thorseth

Det har blitt tatt mange flotte bilder frå 26 kampen i helga.

Klikk her så kjem du til Jens Inge Ringstad sine bilder

Klikk her så kjem du til Harald Lid sine bilder

Reportasje på Vikebladet.no finner du her

Alle vinnarar i 26 kampen

Her ser vi alle deltakarane som fullførte den ville 26 kampen

Her ser vi alle deltakarane som fullførte den ville 26 kampen

33 starta i den første øvinga fredag. 33 hang med heilt til den siste øvinga 1500 m søndag ettermiddag. Dermed må vi konkludere med at alle vart vinnarar i verdens første 26 kamp i friidrett.

Dei beste poengsummane hadde Martin Haddal Sæther i klasse 15 år og eldre, mens Hallbjørn Hasund Thorseth gjekk til topps i klasse 13 og 14 år.

Sjå reportasje på Vikebladet.no her

Resultat_26_kampen_Sondag_18_10_2009_Komplett.xls
Sluttstilling_26_kampen_samanlagt.xls

Stor spenning i 26 kampen

Andre dag av 26 kampen vart gjennomført i fint haustvær på Høddvoll. Regnet og vinden tok ein pause laurdag. Etter ein lang dag som starta med høgde utan tilløp kl. 08.30 vart avslutta med 2000 m kl. 18 var 12 nye øvingar unnagjort. Etter at dei 16 første øvingane er gjennomført er det rekordjevnt i teten i den eldste klassa. Her leia Renate Grimstad med kun 25 poeng på Brede Stølen. Nummer 3 er Anders Odden Pedersen 229 poeng bak Renate. Det går dermed mot ei spennande avslutning søndag då 10 nye øvingar står på programmet.

I den yngste klassa har Hallbjørn Hasund Thorseth tatt ei klar leiing. Han er 763 poeng bak Astrid Marie Gussiås.

Heile lista kan du sjå i vedlegget.

 

Samanlagtstillinga_26_kampen_etter_dag_2.xls

Karsten og Martin leder 26 kampen etter første dag

Etter første dag av 26 kampen leder Karsten Warholm klassa under 15 år, mens Martin Haddal Sæther har ledelsen i den eldste klassa. Like bak Karsten og Martin ligger Hallbørn Hasund Thorseth og Renate Grimstad.

Som venta vart mørket ei utfordring den første dagen. Men vi klarte å gjennomføre dei fire øvingane 60 m, 100 m, 3000 m og høgde.

Klikk på les meir så kan du sjå samanlagt stillinga etter dag 1

 

Resultat_26_kampen_etter_dag_1.xls

26 kampen: Deltakarliste og tidsskjema

Mange er nok spente på kvend dei skal konkurrere mot i 26 kampen. I vedlegget kan du sjå deltakarlista slik den ser ut fredag formiddag. På grunn av den store påmeldinga får vi problem med lysforholda fredag kveld. Det har derfor blitt nødvendig å flytte 200 m hekk til laurdag. Vi kjem derfor også med eit korrigert tidsskjema for helga.

Deltakarliste_26_kampen_2009.doc
Tidsplan_26_kampen_2009.xls

Stor påmelding til 26 kampen

26_kampen_ny.jpg

Til no er det påmeldt heile 33 deltakarar til 26 kampen kommande helg. Dermed blir det eit stort stemne med over 800 starter i løpet av helga. Det er påmeldt utøvarar frå Dimna IL, Hareid IL, Midsund IL, Molde Olymp, Eide og Elnesvågen. Tidsskjemaet er klart og følgjer vedlagt. Her kan du sjå at vi har gjort eit par små endringar. 200 m hekk har kome til i staden for 300 m hekk. Dette var ein feil i innbydinga. I tillegg så løper 13 og 14 åringane 300 m hekk i staden for 400 m hekk. 3000 m går ut for 13 og 14 åringane. På grunn av lysforholda fredag kveld har vi flytta liten ball frå fredag til laurdag.

For dei som ønsker det så tilbyr vi overnatting på Dimna Grendahus.

Tidsplan_26_kampen_2009.xls

Treningsamling for -96 og -97 modellane

Friidrettskretsen inviterer til kretssamling i Sykkylven 31.10 og 01.11. Samlinga er for utøvarer som neste år er 13 og 14 år og dermed aktuelle for å bli tatt ut på kretslaget som skal til NCC-lekene. I vedlegget kan du sjå innbydinga. Dersom du vil delta så ta kontekt med ein av trenarane. Dei vil ordne med påmelding.

Innbydelse_ncc_samling_2009.doc

Dimna IL arrangerer Supermangekamp

26_kampen_ny.jpg

I ei kreativ stund under junior NM i Bodø bestemte dei aktive i Dimna IL at dei ville avslutte sesongen med ei ordentleg kraftprøve i form av ein skikkeleg mangekamp. Tyrvingtabellen vart leita fram, og ein kom til at ein skulle arrangere ein mangekamp med alle øvingane ein kunne klare å rekne ut poeng på. Dei kom då fram til at 26 ulike øvingar var ein passande mangekamp. Dato er no fastsett. Kampen blir gjennomført 16. 17. og 18. oktober. Innbydinga kan du lese i vedlegget. For dei som enda ikkje ligger i hardtrening så er det enda eit par veker å finsikte forma i øvingar som slengball, 3000 m, høgde utan tilløp, 400 m hekk m/fl.

2 klasser
Utøvarane vert delt i to klasser. Ei klasse for alle som er 15 år eller eldre, og ei klassa for 13 og 14 åringane der øvingsutvalet vil bli redusert litt.

Innbyding_til_26_kamp___Hoddvoll_Stadion.doc

Joar og Norunn til topps i Sniprøyrvatnet Rundt

Joar Moldskred passerer mål som nummer 1

Joar Moldskred passerer mål som nummer 1

Joar Moldskred og Norunn Dimmen gjekk til topps i herreklassa og dameplassa av Snipsøyrvatnet Rundt laurdag ettermiddag. Joar fekk tida 46,52 mens Norunn kom inn på tida 55,07.

Det var fine forhold laurdag. Regnet og vinden hadde tatt ein liten pause, og isen som var laurdag formiddag var også borte når løpet starta. 35 deltakarar deltok i årets utgåve av løpet som var det 30 i rekka.

Klikk på les meir så kan du sjå heile resultatliste og fleire bilder.

 

Vindfulle treningstemner i sludd og regn

Maria Ringstad kjempa seg gjennom ein 5000 m under vanskelege forhold tirsdag. Dette bildet er tatt under langt betre forhold i Byrkjelo tidlegare i sommar.

Maria Ringstad kjempa seg gjennom ein 5000 m under vanskelege forhold tirsdag. Dette bildet er tatt under langt betre forhold i Byrkjelo tidlegare i sommar.

Dimna IL har denne veka gjennomført 3 treningstemner. Håpet var at det skulle vere minst ein dag i haustferien med bra vær slik at vi kunne få mange gode resultat no på tampen av sesongen. Men sludd, regn og mykje vind har det vore kvar kveld. Til tross for dette har vi i løpet av veka fått to resultat som går inn og forbetrarar poengsummen til damelaget i lagserien til friidretsforbundet. Dette gjelder Astri-Louise Nevstad som støtte kule 9,86 m og Maria Ringstad som tirsdag løp 5000 m på tida 19.45,80.

Med desse resultata har vi forbetra poengsummen med rundt 200 poeng.

Resultatliste_treningstemne_08.09.2009.doc
Resultat_treningstemne_05.10.2009.doc
Resultat_treningstemne_06.10.2009.doc

Stine Sundgot med alvorleg skade etter hekkeløp

Stine Sundgot

Stine Sundgot

Sparebanken  Møre leikane på Høddvoll 3. september fekk eit trist utfall for Stine Sundgot (10 år). Stine var påmeldt i fleire øvingar, og den første var 60 m hekk. Her var Stine svært uheldig, og ho slo det venstre kneet sitt med stor kraft mot den første hekken idet ho var på veg over. Stine hadde det veldig vondt, men ingen av oss skjøna omfanget av skaden. Ettersom smertene ikkje avtok utover ettermiddagen reiste ho til sjukehuset der det vart konstantert brudd i kneskåla. Ikkje rart at jenta hadde det vondt!

Treningstemner i haustferien

Om været ikkje blir alt for dårleg vil Dimna IL arrangere treningstemner i haustferien. Mandag 5.10 blir det treningstemne i Dimna kl. 19.00 med øvingane slegge og kule.

Tirsdag 6.10 og Torsdag 8.10 kl. 18.00 vert det treningstemne på Høddvoll med øvingane: 5000 m, 200 m, 300 m, 200 m hekk, 300 m hekk og lengde. Påmelding mellom kl. 17.15 og 17.45.

Om været skulle bli svært dårleg vil vi vurdere å avlyse stemna. Ev. melding om dette legger vi ut på heimesida i løpet av stemnedagen.

Dugnad i tidtakarbua onsdag og torsdag

Onsdag og torsdag blir det dugnad i tidtakarbua på Høddvoll. Det vi då vil prøve å få på plass er først og fremst takplatene. Det gjenstår også ein del arbeid med listing m.m. Fint om du kan stille ein eller begge dagane. Vi starter kl. 17.30.

Friidrettstrening 2. til 4. klasse

Ja no er en flotte friidrettssesong over for i år. Vi teke derfor ei lita treningspause for å lade batteria på nytt.

Siste treninga blir i dag kl 18.00-19.00.

Vi startar opp igjen tirsdag 17 november.

Ha en flotte haustferie!

Har dokke forresten funne bilde av dokke på dimna.no etter Sparebankleikane på Høddvoll? Sjekk Sparebanken Møre leikane i menyen til venstre.

Trenarane

Vi flyttar fram treningstida

Sidan den no blir tidlegare mørkt på kvelden flyttar den eldste gruppa treningstida si fram til kl. 18.00 både tirsdag og torsdag. Dette gjelder frå tirsdag 29.09.2009.

3 gull og 2 bronser i mangekampen

Dimna sine medaljevinnarar i KM Mangekamp 2009. Frå venstre Brage Dimmen, Maria Ringstad, Hallbjørn Hasund Thorseth, Anders Odden Pedersen og Karsten Warholm.

Dimna sine medaljevinnarar i KM Mangekamp 2009. Frå venstre Brage Dimmen, Maria Ringstad, Hallbjørn Hasund Thorseth, Anders Odden Pedersen og Karsten Warholm.

I rengbyger, mykje vind og ikkje den heilt store temperaturen vart KM i mangekamp avslutta i Molde på søndag. Utøvarane frå Dimna IL fekk med 3 gull og 2 bronsemedaljar heim. Det blei gull til Anders Odden Pedersen (18) i 10 kamp med 4757 poeng. Karsten Warholm (13) tok gull i 6 kamp med 4929 poeng. Gull blei det også til Hallbjørn Hasund Thorseth (14) i 6 kamp. Han fekk poengsummen 5267 som også var den beste poengsummen i årets mangekamp.

Maria Ringstad (17) og Brage Dimmen tok begge bronsemedaljar. Dei fekk poengsummane 2744 (7 kamp) og 2974 (10 kamp).

 

Resultater_KM_mangekamp_2009.xls
resultater_Km_mangekamp_pr_ovelse.doc

Første dag av mangekampen i Molde

Første dag av mangekampen vart gjennomført i Molde laurdag. Regn og vind gjorde at det ikkje blei dei heilt store resultata. i alle øvingane. Men i nokre øvingar fekk vi fleire fine resultat.

Heile resultatlista frå første dag kan du sjå ved å klikke her

Karsten Warholm, Hallbjørn Hasund Thorseth leia og Martin Haddal Sæther leia etter første dag. Maria Ringstad og Anders Odden Pedersen er nummer 2 i sine klasser etter dei første øvingane, mens Brage Dimmen er på 4. plass.  

Dimna IL fekk presentere seg for kommunestyret

ulstein_komm_gif.gif

Dimna IL fekk torsdag høve til å presentere seg for kommunestyret i Ulstein. I starten av kommunestyremøtet viste Arve ein presentasjon samansatt av bilder og videoklipp frå sesongen 2009. Dimna IL har hatt mange høgdepunkt denne sesongen, og mange av dei vart presentert for politikarane. Vi trur dei fekk eit godt innblikk i kva Dimna IL har utretta det siste året. Vi fekk fine tilbakemeldingar frå både ordføraren og fleire andre politikarar på det vi har fått til. Dei lurte bla. a. på korleis vi har klart å finansiere ein så stor aktivitet. Vi stadfesta då at støtte frå kommuna ikkje var nokon stor pott i budsjettet. Ordføraren lovde at ho ville jobbe for at dette skulle bli betre i framtida. Vi fekk også utdelt ein gavesjekk frå kommuna.

Forhånd.12345...10Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS