Dimna IL invitert til Kommunestyret

Dimna IL har hatt ein stor sesong i 2009. Med bakgrunn i dette er vi invitert av ordføraren til kommunestyremøtet torsdag 24. september for å presentere nokre av høgdepunkta frå årets sesong. 

8 x 200 m stafett under NCC-lekene i Stjørdal

Under NCC lekene i Stjørdal viste Møre og Romsdal at vi har dei beste sprinterane i landet. På stafatten over 8 x 200 m vart det ein klar seier til Møre og Romsdal. Tida var også betre enn vinnartidene på tilsvarande stafett på dei to andre arrangementa i landet.

Her kan du sjå video frå stafetten:

Klikk her viss du vil sjå videoen i eit større bilde.

 

Treningstemne tirsdag 22. sept. avlyst

vaeret.jpg

Værmeldingane for tirsdag er så dårlege at vi vel å avlyse det planlagde treningstemnet på Høddvoll. Det er meldt sørvest kuling og regn. Då er det ikkje forhold for dei gode resultata. Vi vil prøve med nye treningstemner seinare.

Renate Grimstad sette Midt Norsk rekord

Renate Grimtad (arkivfoto)

Renate Grimtad (arkivfoto)

Under Dimna IL sitt treningstemne på Høddvoll torsdag kveld sette Renate Grimstad (17) ny Midt Norsk Rekord på 200 m hekk. Renate fekk tida 29,72 sek (1064 tyrvingpoeng). Tida er bedre enn den Midt Norske junior 19, junior 22 og senior rekorden. Senior rekorden var det Hilde Røsvik frå Ålesund FIK som hadde med tida 30,39 sek.

Renate si tid er også årsbeste i Norge på distansa.

Forholda var langt fra perfekte på Høddvoll torsdag. Gradestokken viste 10 grader, lett regn og motvinden var på 0,4 sek.m. Renate har derfor potensiale til å forbetre rekorden enda meir om ho skulle få perfekte forhold. 

Resultatliste_Treningstemne_170909.doc

Treningstemne på Høddvoll

Torsdag 17/9 kl 18.00:
Øvelser: korthekk - 200m hekk - langhekk -
lengde og tresteg
Tirsdag 22/9 kl 18.00:
Øvelser: 60m - 100m - korthekk - 200m hekk -
langhekk - lengde og tresteg.
Påmelding fra 17.15 til 17.45 begge dagane.

Værmeldingane er ikkje dei beste. Dersom været er svært dårleg stemnedagen vil vi vurdere å avlyse/ev. redusere øvingsutvalet. Melding om dette legger vi ut på heimesida vår stemnedagen.

Endelege resultatlister KM senior og Sparebanken Møre leikane

Her er dei endelege resultatlistene frå stemna i helga. Nå også med Tyrvingpoeng.

Resultatliste___KM_senior_og_veteran_dag_1_120909.pdf
Resultatliste___KM_senior_og_veteran_dag_2_130909.pdf
Resultatliste___Sparebanken_More_leikane_13.09.2009.pdf

Friidrettskretsen arrangerer samlinger og kurs

logo_mrfik.jpg

Utover vinteren arrangerer friidrettskretsen fleire treningsamlingar og trenarkurs. Det er planlagt å arrangere treningsamlingar med innlagde aktivitetslederkurs og ungdomslederkurs. Vi håper manga av trenarane våre og foreldre vil bli med på desse kursa. Meir detaljerte innbydingar til samlingane og kursa kjem seinare. Men du kan no alt no sette av dei aktuelle datoane.

Klikk på les meir så kan du sjå meir om kva kurs som er planlagde og kva dato dei blir.

Rekordmange startar i Sparebanken Møre leikane og KM søndag

Startarane fekk ein hektisk dag på Høddvoll søndag. Over 80 heat vart gjennomført frå stemnestart kl 11.00 til siste start kl. 17.00.

Stor deltaking og mange gode resultat vart det i løpet av ettermiddagen. Vi har ikkje fått gått så nøye igjennom resultatlistene enda. Her kan nok vere nokre småfeil enda, som vi må rette opp. Men for dei utolmodige så legger vi ut dei foreløbige resultatlistene. Vi veit der er ein teknisk feil i klasse 8 år. Her mangler nokre resultat. Dette skal vi få rette opp.

Sjå også rekortasje på Vikebladet.no på denne linken:
http://www.vikebladet.no/article/20090913/SPORT/120884065/1037

 

Resultatliste_KM_senior_og_veteran_dag_1.pdf
Resultatliste_KM_senior_og_veteran_dag_2.pdf
Resultatliste_Presse_KM_dag_1.rtf
Resultatliste_Presse_KM_dag_2.rtf
Resultatliste_presse_Sparebanken_M_re_leikane_s_ndag.rtf
Resultatliste_Sparebanken_More_leikane_Sondag.pdf

Bilder Sparebanken Møre leikane og KM

Tare frå Sparebanken Møre var eit populært besøk for dei yngste. Han hadde med premier til alle.

Tare frå Sparebanken Møre var eit populært besøk for dei yngste. Han hadde med premier til alle.

Vår fotograf Jens Inge Ringstad tok masse fine bilder under stemnet i helga. Klikk her så kjem du til bilda.

Vindfullt på Høddvoll laurdag

Det blei som venta ikkje dei store resultata på Høddvoll under første dag av KM. Sterk vind ødela for alle øvingane. Men heldig vis vart det ikkje så mykje regn.

Vi kjem tilbake med bilder og omtale seinare. Her er den foreløbige resultatlista. (Her mangla spyd MV 35-39). Ny versjon med dette resultatet kjem seinare.

Resultatliste_KM_senior_og_veteran_dag_1.pdf

Funksjonærliste Sparebanken Møre leikane og KM

Funksjonærlista for stemnet i helga er no nesten klar. Då påmeldinga er blitt veldig stor søndag, skulle gjerne hatt nokre hjelparar til på søndagen. Gi oss ei tilbakemelding om du kan stille (SMS 41476148 eller e-post: post@dimna.no.)

På lista finner du kvar vi har plassert deg. Men her kan bli nokre mindre justeringar. Oppmøte laurdag er sett til kl. 13.00 for dei som ikkje har fått anna beskjed. Søndag er oppmøte kl. 10.00.

Funksjonaerliste_Sparebanken_More_leikane_2009.doc

Tidsskjema og deltakarliste for KM og Sparebanken Møre leikane

Påmeldinga til helgas stemne på Høddvoll har blitt svært god. Spesielt i Sparebanken Møre leikane søndag er det stor påmelding. Det blir dermed ein lang ettermiddag med friidrett på Høddvoll. Søndag startar stemnet med rekruttar kl. 11.00. Siste øvinga vil etter planen vere ferdig kl. 17.00. På grunn av mange løpsøvingar og stor deltaking er det ikkje mogeleg å avvikle stemnet på kortare tid.

Det ser ut til å bli 250 deltakarar fordelt på 700 startar.

Finner dokke feil i startlistene er det fint om vi får ei tilbakemelding på e-post post@dimna.no eller SMS til 41476148.

Klubbliste_pr_10.09.09.pdf
Startliste_pr_10.09.09.pdf
Tidsskjema_KM_senior_og_veteran_laurdag___rekrutt_sondag.doc
Tidsskjema_Sparebanken_M_re_leikane_og_KM_sondag_13_sept.doc

Stor deltaking i Sparebanken Møre leikane

spbm_logo_farge.jpg

Påmeldinga til Sparebanken Møre leikane og KM senior er svært god. I KM øvingane er det som venta litt mindre påmelding enn i dei aldersbestemte klassene som konkurrerer i Sparebanken Møre leikane søndag. Det er til no registrert 225 deltakarar og over 600 startar.

Vedlagt følgjer deltaralista og klubblista. Vi ber om at alle sjekker desse. Finner du feil hadde det vore fint om du kunne sende ei tilbakemelding til post@dimna.no  eller på SMS til nr. 41 47 61 48.

Tidsskjemaet vil bli lagt ut så snart det er klart. Seinast fredag. 

Klubbliste_KM_Sparebanken_More_Leikane_pr_090909.pdf
Startliste_KM_Sparebanken_More_leikane_pr_090909.pdf

Gudbjørg "Årets Dimning"

gudbjorg_aarets_dimning.jpg

Under Dimnadagen laurdag vart Gudbjørg Thordardottir kåra til "Årets Dimning". Gudbjørg gjekk velfortjent av med seieren i avsteminga som fant sted under Dimnadagen.

Gudbjørg har gjort ein kjempejobb som leiar og medlem av økonominemnda i idrettslaget dei siste åra. Når Gudbjørg har ansvaret for å organisere og gjennomføre ein av aktivitetane i laget er vi 100 % sikre på at alt er gjennomtenkt og planlagt.

Gudbjørg er også varamedlem i styret til Møre og Romsdal Friidrettskrets.

VI GRATULERER GUDBJØRG MED PRISEN

Husk påmelding til KM senior/veteran og Sparebanken Møre leikane

Husk at påmeldingsfristen går ut mandag kl. 23.59. Her er linken til Online påmeldinga: http://idrett.speaker.no/07/fixtureLink.aspx?WCI=wiDisplayFixture&CompetitionId=256545&FedOrgId=366

NCC lekene:  Seier til Møre og Romsdal

Vinnarane med vandrepokalen

Vinnarane med vandrepokalen

Møre og Romsdal tok ein klar seier i lagkampen under NCC lekene i Stjørdal i helga. Møre og Romsdal sikra seg dermed sitt andre napp i vandrepokalen. Møre og Romsdal fekk poengsummen 376 poeng mens Nord Trøndelag som blei nummer to fekk 340 poeng. Tredje plassen gjekk til Sør Trøndelag med 279,5 poeng.

 

NCC: Møre og Romsdal leder med 20 poeng

Hele laget før stemnet starta laurdag

Hele laget før stemnet starta laurdag

Etter første dag av NCC lekene er Møre og Romsdal i leiinga med 20 poeng på Nord Trøndelag. Det går derfor mot ei spenneande avslutning på lagkampen søndag.

Møre og Romsdal har gjort det svært bra den første dagen, bl.a. blei det seier på den avsluttande stafetten.

13 og 14 åringane frå Dimna følgjer opp den gode innsatsen dei eldre gjorde under UM sist helg med mange medaljar og gode plasseringar laurdag. 6 medlajar har det blitt så langt. 

Ny løyperekord i Høgåsen opp

Maria Ringstad blei vinnar av dameklassa i Høgåsen Opp. Søndag delto ho seieren i Hasundgotrypa med Maria Vattøy.

Maria Ringstad blei vinnar av dameklassa i Høgåsen Opp. Søndag delto ho seieren i Hasundgotrypa med Maria Vattøy.

Det vart ny løyperekrod i Høgåsen Opp som blei arrangert laurdag ettermiddag. Vinnar av herreklassa vart Arve Ringdal frå Eid IL med tida 15 min. og 28 sek. Nummer 2 blei Joar Moldskred, Dimna IL med tida 16,54.

I kvinneklassa gjekk seieren til Maria Ringstad med tida 20,55 fulgt av Norunn Dimmen med tida 21,23 og Maria Vattøy på tida 21,50. Totalt deltok 25 stk. i årets utgåve av Høgåsen Opp.

Bilder frå Dimnadagen og Høgåsen opp kan du sjå her

 

H_gasen_opp.xls

NCC gjengen på veg til Stjørdal

NCC gjengen har starta bussturen til Stjørdal for åerts NCC leker

NCC gjengen har starta bussturen til Stjørdal for åerts NCC leker

Denne helga er det 13. og 14. åringane i kretsen som skal ut å konkurrere. Det er klart for dei årvisse NCC-lekene i Stjørdal. Her har kretsen tatt ut eit kretslag som skal konkurrere mot fylka Sør Trøndelag, Nord Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

12 av utøvarane på laget som består av totalt 40 utøvarar kjem frå Dimna IL og Hareid IL. Heile laget kan du sjå på kretsen si heimeside her

Fleire bilder finner du i bildearkivet i menyen til venstre.
Meir kjem i løpet av helga.

Dimnadagen vert arrangert laurdag

Bilde frå Dimnadagen 2008

Bilde frå Dimnadagen 2008

Laurdag er det klart for årets Dimnadag på Dimna Grendahus. Dagen startar kl. 12.00 med motbakkeløpet Høgåsen rett opp. Frå kl. 13.00 startar arrangørnemnda med matsal og loddsal. Etter premieutdelinga for bakkeløpet vil det bli mange ulike aktivitetar i og utanfor Grendahuset. Fleire detaljar kan du sjå i "Trimnytt" som ligger ved denne artikkelen.

Årets Dimning
Arrangørane av Dimnadagen vil under Dimnadagen kåre ”Årets Dimning”. Den kandidaten som blir heidra med denne prisen blir heidra fordi han/ho har gjort seg spsielt fortent til å bli kalla ÅRETS DIMNING. Du må ikkje være frå Dimna for å få prisen, men du må ha gjort noke spesielt for bygda!

Har du ein kandidat til denne prisen kan du sende ein SMS til telefon 982 82 630 innan laurdag kl. 11.00.

Vinnaren vert kåra på slutten av Dimnadagen laurdag.

TRIMNYTT_DIMNADAGEN_LAURDAG_050909.doc
Forhånd.123456...10Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS