Sparebanken Møre leikane med KM 12.-13. sept.

spbm_logo_farge.jpg

13. september vil Dimna IL i samarbeid med Sparebanken Møre arrangere Sparebanken Møre leikane på Høddvoll Stadion.

I år vil også KM senior og veteranar bli lagt inn i stemnet. KM startar laurdag 12. september, og fortsetter under Sparebanken Møre leikane søndag.

Vedlagt følgjer innbydinga til Sparebanken Møre leikane og KM.

Online påmeldinga er åpen. Klikk her så kjem du til den.

Innbyding_Sp.b._More_Leikane_og_KM_senior_veteran.doc

Funksjonærar til Sparebanken Møre leikane

12. og 13. september skal vi arrangere Sparebanken Møre leikane og KM senior/veteran på Høddvoll Stadion. Vi har då behov for mange funksjonærar. Vi håper derfor at dei fleste av foreldra kan stille opp desse to dagane og ta i eit tak. Fint om du alt no kan sende oss ein mail eller ei melding med bekreftelse på at du kan hjelpe til.

Send ein e-post til adressa.  post@dimna.no

Eller ein SMS til tlf. 41476148.

Vi har oppgåver for alle, så ikkje nøl med å gi oss tilbakemelding.

UM 2010 - Møre og Romsdal har fått stafettpinnen

Øystein Standal får UM Stafettpinnen frå Jo Nesse frå Tyrving

Øystein Standal får UM Stafettpinnen frå Jo Nesse frå Tyrving

UM 2010 skal som dei fleste sikker har fått med seg arrangerast i Molde med bl.a. Dimna IL som ein av arrangørklubbane. Under avslutninga av UM på Nadderud overtok Øystein Standal frå IL Molde Olymp UM stafettpinnen på vegne av arrangørklubbane.

UM 2010 vert arrangert frå 3. til 5. september. Vi vil ha behov for rundt 250 funksjonærar for å gjennomføre dette arrangementet. Alle må derfor alt no sette av denne helga.

Arrangementet har ei eiga heimeside www.um2010.no

 

2 gull - 2 sølv - og 2 bronse i UM

Her ser vi Dimna IL sine medaljevinnarar under UM på Nadderud Stadion

Her ser vi Dimna IL sine medaljevinnarar under UM på Nadderud Stadion

Det blei nok eit rekord UM for Dimna IL på Nadderud Stadion i helga. Seks medaljar og ei rekke andre gode resultat og plasseringa kunne gjengen ta med på bussen heim søndag ettermiddag.

Gull og bestemannspremie til Henrik i UM

Henrik Overvåg avslutta UM med gullmedalje og bestemannspremie

Henrik Overvåg avslutta UM med gullmedalje og bestemannspremie

Henrik Overvåg tok revansje frå diskvalifikasjonen på 100 m fredag då han tok eit klart gull på 200 m søndag. Ingen kunne true Henrik som vant med over eit sekund på nummer to som var Jørgen Kåshagen frå Moelv IL. Han fekk tida 23,67 sek. For denne prestasjonen fekk han også bestemannspremien i 15 års klassa.

 

 

Gull løpet til Renate på 100 m hekk

For større bilde bruk denne linken: http://www.youtube.com/watch?v=SNE1G2sILrc

Fleire nye medaljar i UM laurdag

Medaljevinnarane laurdag. Frå venstre Anders Egge Brandal, Renate Grimstad, Martin Haddal Sæther og Ådne Andersen.

Medaljevinnarane laurdag. Frå venstre Anders Egge Brandal, Renate Grimstad, Martin Haddal Sæther og Ådne Andersen.

Det blei nye medaljer under 2. dag av UM på Nadderud Stadion. Martin Haddal Sæther tok sølv på 800 m med tida 1.59,75 som er ny pers og for første gang under 2 minutt. Renate Grimstad tok bronse i høgde med resutaltet 1,58 m. Bronse vart det også til Anders Egge Brandal i Spyd med resultatet 52,80 som også er ny personleg rekord.

Ådne Andersen (15) får Hareid IL sikra seg også medalje. Han blei nummer 3 på 800 m med tida 2.03,55 som også er ny personleg rekord.

Gull til Renate og sølv til Martin i UM fredag

Martin og Renate med UM medaljer

Martin og Renate med UM medaljer

Det blei GULL til Renate Grimstad på 100 m hekk og sølv til Martin Haddal Sæther på 300 m hekk under første dag av UM på Nadderud.

Renate hadde den beste tida på førehand og tok ein klar seier på korthekken. Tida vart 15,23 sek. som er noko bak pers. Men det var kraftig regn og 0,7 sek. motvind.

Martin sette pers med tida 42,40 sek. som også er ny pers.

Trimnytt - nytt frå Trimnemnda

idrettsmerke.jpg

Oppdatert 25.08.09
Trimnemnda er i gang med haustaktivitetane. I vedlegget finner du full oversikt. 

Idrettsmerkeprøve i Dimna
Tirsdag 25. august kl. 19.00
Torsdag 3. september og torsdag 17. september kl. 19.00
Idrettsmerke er for alle frå 16 år og oppover. Krava kan du sjå i handboka som ligg ved denne artikkelen.

Høgåsen opp blir laurdag 5. september kl. 12.00
Same dagen er det klart for Dimnadagen på Grendahuset

Turorienteringspostane ligg framlies ute. Kart kan du kjøpe på Intersport Straumane.

Handbok_for_idrettsmerket.pdf
TRIMNYTT_DIMNADAGEN[1].doc
TRIMNYTT_OPPSUMMERING.doc

Resultatliste Ørstaleikane

Resultatliste for Ørstaleikane finner du på kretsen si side her

Meir omtale og bilder kjem mandag

Piggsko-pigger

Dersom du treng piggsko-pigger kan du få kjøpe 6 mm piggar av Arve Hatløy. Pris: kr. 4,- pr. stk.

Oversikt over programmet utover hauste

hostfarger.jpg

Haustsesongen er godt i gang. Her er ei lita oversikt over kva som skal skje den neste månaden.

22. og 23. aug:  Ørstaleikane, Ørsta
28. - 30. aug:  UM på Nadderud Stadion
5. - 6. sept:  NCC Lekene i Stjørdal
5. sept.:  Mosjonsløpet "Høgåsen Opp" i Dimna
5. sept:   Dimnadagen i Dimna
12. - 13. sept.: KM senior/veteran, Høddvoll
13. sept.: Sparebanken Møre Leikane, Høddvoll
26. - 27. sept.:  KM Mangekamp i Molde

Alt klart for UM på Nadderud Stadion

um09_logo.gif

Fredag startar årets UM som denne gangen vert arrangert av Tyrving IL på Nadderud Stadion. Dimna IL har 9 utøvarar påmeldt. Alt om UM finner du på stemnet si heimeside her:  www.um2009.no

Vi vil i løpet av helga legge ut informajson om korleis det går.

Junior NM:  Kretsrekord og to 5. plassar

Stafettlaget som sette junior kretsrekord. Frå venstre Anders Egge Brandal. Henrik Overvåg, Anders Odden Pedersen og Martin Haddal Sæther

Stafettlaget som sette junior kretsrekord. Frå venstre Anders Egge Brandal. Henrik Overvåg, Anders Odden Pedersen og Martin Haddal Sæther

Endeleg kom sola til Bodø. Sjølv om temperaturen ikkje var så høg, så var det søndag sol og langt mindre vind enn tidlegare i helga. Dermed vart resultata også betre.  I den siste øvinga laurdag sette Dimna IL sitt lag i klasse menn junior 19 ny kretsrekord for Møre og Romsdal på 1000 m stafett. Den nye rekorden lyder på 2.04,12. Den gamle rekorden var sett av IL Hødd i 1980 og lydde på 2.04,4.  På Dimna sitt lag starta Anders Egge Brandal på 100 m etappa. 2. Etappa på 200 m hadde Henrik Overvåg. Han leverte pinnen vidare til Anders Odden Pedersen som løp 300 m.  Siste etappa på 400 m var det Martin Haddal Sæther som hadde.

Junior NM: Kuling, 5 grader, regn og atter regn

Maria og Maria våte og kalde etter målpassering på 1500 m

Maria og Maria våte og kalde etter målpassering på 1500 m

Kuling frå nord, 5 grader i lufta og store nedbørsmengder prega 2. dag av junior NM i Bodø. Det blei dermed ein ufyseleg dag på stadion.

Henrik Overvåg var først ute av Dimnautøvarane. Han løp forsøk på 200 m, men han vart nok ein gong tatt av vinden. Heatet til Henrik hadde langt meir motvind enn dei andre heata; og Henrik klarte derfor ikkje å nå finalen.

Anders Odden Pedersen blei nummer 8 i finalen på 400 m hekk.

Maria Ringstad og Maria Vattøy løp begge gode løp i 1500 m finalen. Totalt var det 20 jenter i finalefeltet Maria Ringstad blei nummer 12 på tida 5.04,01 mens Maria Vattøy blei nr. 13 medtida 5.04,10. Dei var ikkje langt bak pers. i det ufyselege været laurdag ettermiddag. 

Junior NM i Bodø dag 1 - ingen store resultat

Første dag av junior NM i Bodø er over utan at vi kan melde om dei heilt store resultata hittill. Anders Odden Pedersen kvalifiserte seg greit til finalen på 400 m hekk. Henrik Overvåg var 3 hunderdelar frå finalen på 100 m. Her var det nok vinden som ødelagde litt for Henrik.

Åtte frå Dimna til junior NM i Bodø

Deler av troppa til junior NM på den siste treninga før avreise. Frå venstre Martin Haddal Sæther, Maria Vattøy, Renate Grimstad, Maria Ringstad, Henrik Overvåg og Anders Egge Brandal.

Deler av troppa til junior NM på den siste treninga før avreise. Frå venstre Martin Haddal Sæther, Maria Vattøy, Renate Grimstad, Maria Ringstad, Henrik Overvåg og Anders Egge Brandal.

Dimna IL stiller med 8 utøvarar i junior NM som startar i Bodø fredag formiddag. Dette er ny rekord i antall utøvarar som har klart å kvalifisere seg til dette meisterskapet.

Astri-Louise Nevstad persa kraftig i slegge

astri_louise_nevstad_kretscup_2009.jpg

Astri-Louise Nevstad stod for den beste prestasjonen under andre dag av kretscupen i Midsund. Slegge stod på programmet, og her slo Astri-Louise til med eit kast 44,05 m. Dette er ei auke av den personlege rekorden med tre og ein halv meter. Resultatet som er under ein meter frå kretsrekorden tilsvarer også 1045 Tyrvingpoeng. Astri-Louise tok sjølvsagt seieren i øvinga. Nr. 2 blei Kristine Garshol med resultatet 31,59 m.

Seier vart det også til Maria Vattøy på 800 m søndag. Maria fekk tida 2.26,34. Maria Ringstad tok 3. plassen med tida 2.31,03.

Med desse to seierane har Dimna IL tatt seieren i 6 og 8 øvingar i kvinneklassa under denne siste delen av kretscupen.

 

 

kretscup_samanlagt_2009.xls
Resultatliste___Kretscup_3___2009.doc
Resultatliste___Kretscup_4___2009.doc

Video frå kretscupen 8. august

Fleire videoer finner du i videomenyen til venstre.
No er også lyden på videoane ordna.

Fleire videoer kjem mandag kveld.

 

 

Kretscup - fleire  førsteplassar og gode resultat

Første dag av kretscupen vart avvikla i Midsund laurdag. Det blei fleire førsteplassar og gode plasseringar. Astri-Louise Nevstad tok 1. plassen i diskos med resultatet 25,20. Med dette resultatet vart ho også kretsmeister. Renate Grimstad gjekk til topps i høgde og 100 m, mens Maria Vattøy tok 1. plassen på 1500 m.

Forhånd.1234567...10Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg

kongsberg_gruppen_logo.png

   

tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS