Dimna IL leiar kretscupen etter 1. del

Deler av Dimna IL sitt lag som var med å sikra leiinga i kretscupen.
<p>Deler av Dimna IL sitt lag som var med å sikra leiinga i kretscupen.</p>

Etter første del av kretscupen som vart arrangert i Ørsta i helga leia Dimna IL føre Tingvoll FIK. Dimna si leiing er på 33 poeng halveis i kretscupen. Dimna IL har 204 poeng, mens Tingvoll FIK har sikra seg 171 poeng.

Den totale poengstillinga ser slik ut:

Lag Poeng
Dimna IL 204
Tingvoll FIK 171
Ålesund FIK 110
Hareid IL 108
Eide IL 105
Molde Olymp 91
Midsund IL 52
Ørsta IL 37
Velledalen IL 22
Sykkylven IL 20
Sunndal IL 18
Valder IL 14

Kretscupen er i første rekke ein lagkamp for seniorar. Der er ei klasse for kvinner og ei for menn. Det blei i helga konkurrert i 8 ulike øvingar. 100 m, 200 m, 800 m, 3000 m, kule, spyd, lengde og tresteg. I dei ulike øvingane blir det tildelt plass siffer poeng som tel i langkampen.

Mykje vind
Også denne helga vart resultata prega av sterk vind. I sprintøvingane var det motvind på rndt 2 sek.m. i alle løpa. I lengde og tresteg blei det medvind og litt betre forhold.

Av dei individuelle resultata blei det 5 lokale vinnarar. Henrik Overvåg, Dimna IL gjekk til topps på både 100 m og 200 m. På 100 m fekk han tida 11,56 i motvind 1,5 mens han fekk tida 22,78 i motvind 2,6 sek.m.

Anders Egge Brandal, Dimna IL tok sigeren i begge kastøvingane. I spyd fekk han resultatet 44,29 m, mens han støtte 7 kilos kula 10,48 m. Ådne Andersen gjekk til topps på 800 m med tida 2.02,10 mens han tok 2. plassen på 3000 m 9.38,98. 

Av dei lokale jentene så var det Renate Grimstad som kapra mest poeng. Ho blei nummer 2 på 200 m og i lengde. 3. Plass vart det på 100 m og tresteg. Det blei ingen personleg rekord på sprinten på grunn av den sterke motvinden. Men i lengde og tresteg vart det personleg rekord. Lengde 5,09 m og tresteg 10,40 m.

Maria Ringstad gjorde også eit sterkt løp på 3000 m søndag. Ho blei nummer 2 med tida 11.20,34. Maria tok også 3. Plassen på laurdagens 800 m. Maria har vore sjuk i innleiinga av sesongen, men er no på veg til bake.

På 800 m laurdag viste også 15 år gamle Jenny Stokkevåg Berg, Dimna IL gode takter. Ho sette ny personleg rekord med 3 sekund til 2.30,36 og er dermed også kvalifisert til UM.

Dimna IL viste i helge spesielt styrke på sprintøvingane. I herreklassa var 3 av 6 i A-finalen på bade 100 m og 200 m frå Dimna. I tillegg til Henrik Overvåg som gjekk til topps var også Anders Odden Pedersen og Martin Haddal Sæther i finalen.

Alle resultata kan du sjå i resultatlistene.

Siste del av kretscupen går på Straumsnes Stadion i august. 

Sjå artikken i Vikebladet her

Sjå Molde Olymp sine bilder her

 

kretscup_1.rtf
kretscup_2.rtf
resultatliste__sparebank1_leikane.rtf
|
um_2019_-_logo_-_farge.jpg
spbm_logo_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

kleven_liten.jpg

 

logo_jets_liten.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS