Nye Ulsteinhallen presentert for brukarane
Planane om den nye Ulsteinhallen blei onsdag kveld presentert for brukarane under eit informasjonsmøte i kommunestyresalen. Dei ulike brukarane får nå ein frist til 10. januar å kome med tilbakemelding på dei framlangde planane. Det er mange detaljar som må på plass for å få ein best mogeleg hall for dei ulike idrettane som får plass i den nye hallen.