Med fire gull og to bronsemedaljar vart det ein god start på UM i Haugesund fredag. Men siste øving kunne endt med katastrofe. Det viste seg at lengdegropa ikkje var lang nok til å hoppe opp mot 7,50 meter eller lenger. Karsten Warholm starta konkurransen med 7,42 m. I dei neste omgangane hoppa han enda lenger (med desserre litt dødt). Ikkje berre var hoppa lange. Dei var så lange at han slo kneet i neden på gropa, med skrubbsår på kneet som resultat. Dette kunne gått langt verre. Etter kvart fekk arrangøren polstra enden på gropa og konkurransen kunne fortsette.
Karsten Warholm tok gull i lengdekonkurransen. Gull blei det også på 110 m hekk og 400 m. På 100 m blei det bronse.
Tobias Skavnes Våge tok gull på 110 m hekk etter eit jevnt løp som Tobias gjekk seirande ut av. På 1500 m hinder i 15 års klassa blei det bronse til Isabella C. Sundgot.
Men det var ikkje berre dei som tok medaljar som gjorde det bra. Fleire andre sette personlege rekordar. Stine Sundgot sette pers. på 100 m. Pers blei det også på Synne Stokkevåg Berg på 300 m hekk.
Til finalen
I 17 års klassa for gutar hadde vi 2 i finalen. Nicolas Roppen Masters blei nr. 6 mens Tobias Skavnes Våge tok 7. plassen.