| |
| | |
Bilder fra U18 VM i Ukraina Oppdatert 17.07.13
Klikk på bildet så kjem du til bildearkivet med fleire bilder frå Donetsk. Fleire bilder kjem utover i veka
Karsten er kongen i dag
Karsten og Arve vart møtt av ein stor gjeng frå Dimna IL samt ordføraren i Ulstein - NRK og fleire aviser når flyet landa på Hovden flyplass mandag morgon. Her vanka det blomster frå både leiaren i Dimna IL og ordføraren. Etter dei obligatoriske intervjua gjekk turen heim til Dimna Grendahus der enda fleire var møtt opp for å hylle Karsten med kaker og fine ord.
Flott artikkel om Karsten på NRK sport
Karsten Warholm
NRK Sport har laga ein flott artikkel om Karsten Warholm. Den har tittelen:
Utvilsomt et av tidenes talenter i norsk friidrett
Klikk her så kan du lese heile artikkelen.
Karsten løper stafett laurdag formiddag
Gullfeiringa må no ta nokre timar pause. Laurdag formiddag kl. 11.35 (norsk tid) skal nemleg Karsten Warholm løpe 4. og siste etappe på Norges sitt stafettlag i VM. Karsten skal ha den avsluttande etappa som er 400 m. Norge er i det 4. heatet. Her blir det hard konkurranse med bl.a. Jamaica som har bane 8 mens Norge stiller i bane 2. Det er kun heatvinnaren som går direkte til finalen. I tillegg får det 4 beste tidene til finale. Går dei norske gutane til finalen må heimreisa utsetjast til tirsdag.
Klikk på bilder så kan du sjå fleire bilder frå seierssermonien
Video av seierssermonien med Karsten på toppen av seierspallen
Gratulerer
Vi i Dimna IL gratulerer Karsten som verdensmester. Hele Dimnamiljøet jubler og feirer sammen med Karsten. På vegne av Dimna IL Olav Hansen
Karsten stiller inn startblokkene før dagens siste øvelse - 400 m
Som dei fleste sikkert hat fått med seg så er Karsten Warholm i leiinga etter første dag av mangekampen i Ukraina. Karsten har hatt ein fantastisk dag med seier i 3 av 4 øvelser og pers i 3 av 4 øvelser. Det blir ein spennende torsdag som startar tidleg på morgonene med 110 m hekk - fortsetter med høgde, spyd og 1000 m.
Streaming frå Ukraina - prøv linken her
http://www.linkupvideos.com/the-8th-iaaf-world-youth-championships-2013-live-stream-donetsk-ukraine-video_ce750b5e9.html
Karsten skal i aksjon på desse tidapunkta torsdag:
110 m hekk 10.31 lokal tid - 09.31 norsk tid korrigert til 09.28
Høgde 11.30 lokal tid - 10.30 norsk tid
Spyd 18.10 lokal tid - 17.10 norsk tid
1000 m 20.15 lokal tid .- 19.15 norsk tid Tidspunkt for Karsten sine øvingar onsdag
100 m kl. 11.43 lokal tid kl 10.43 Norks tid (4. heat bane2)
Lengde kl. 12.30 lokal tid kl. 11.30 Norsk tid
Kule kl. 17.25 lokal tid kl. 16.25 Norsk tid
400 m kl. 19.28 lokal tid kl. 18.28 Norsk tid (4. heat bane 4)
Går ut frå at det bir mulig å følgje meisterskapet live på denne nettsida: http://www.iaaf.org/home
Sorry jenter heime i Norge. Det er vel ein viss fare for at Karsten er opptatt når han kjem heim. Her er det to Polske jenter han har sjekka opp.
Her er ein liten rapport etter dei to første dagane i Ukraina. Mandag starta vi frå Olympiatoppen kl. 05.00 på morgonen. Etter ein lang flytur landa vi i Donetsk kl. 1400 norsk tid. Her blei det ein del komplikasjonar med bagasjen som var mangelfull. Vi mangla nokre koffertar, spyd og stavar. Nokre måtte då ut å handle det mest nødvendige – men tirsdag ettermiddag kom heldigvis alt fram.
Mandagen gjekk elles med til innsjekking og akkreditering. Vi har vore heldige og fått eit flott hotell som ligger kun 2-300 m frå stadion og kun 10 min. gange frå oppvarmingsbana. Men sjølv om det er korte avstandar har arrangøren lagt opp til at vi blir bussa dit vi skal. Små fine bussar som du kan sjå på bilda som ligg ute. Bussane har politieskorte – så vi blir godt passa på.
Her kan du sjå heile VM troppa samla utanfor Olympiatoppen søndag kveld.
Søndag ettermiddag vart VM troppa til U18 VM i Ukraina samla på Olympiatoppen i Oslo. Troppa som Karsten Warholm er ein del av består av 14 utøvarar og 5 leiarar/trenarar. Arve Hatløy er ein av trenarane i støtteapperatet. Tidleg mandag morgon setter dei seg på flyet som skal frakte dei tok Donetsk i Ukraina. Her startar konkurransane tidleg onsdag morgon.
Følg med på www.friidrett.no her vil du gjennom dagen bli oppdatert med korleis det går. Det vil nok også bli litt å lese frå meisterskapet på dimna.no også.
På det internasjonale forbunet sine nettsider (IAAF) finner du også mykje stoff. Her blir det sikkert også mulig å følgje meisterskapet live. Klikk her så kjem du til denne sida.
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |