Karsten i ledelsen etter første dag av mangekampen

Karsten stiller inn startblokkene før dagens siste øvelse - 400 m
Karsten stiller inn startblokkene før dagens siste øvelse - 400 m

Som dei fleste sikkert hat fått med seg så er Karsten Warholm i leiinga etter første dag av mangekampen i Ukraina. Karsten har hatt ein fantastisk dag med seier i 3 av 4 øvelser og pers i 3 av 4 øvelser.  Det blir ein spennende torsdag som startar tidleg på morgonene med 110 m hekk - fortsetter med høgde, spyd og 1000 m.

Før vi ser framover mot morgondagen må vi få oppsummere litt av dagens prestasjoner. Det heile starta med 100 m kl. 11.43 i dag tidleg. Det var motvind på stadion og 30-35 grader i skyggen - steikende sol i tillegg. Karsten var fokusert på det han skulle igjennom heilt frå han starta dagen med frukost 08.30. Etter frukost vart det ein lite luftetur ute før han slappa av fram til han starta oppvarminga. Forberedelsane gjekk heilt etter planen og det gjorde også løpet. Han feia inn til ny personleg rekord i motvind. Tida blei 10,86 sek i motvind 0,9. Dei første 893 poenga var sikra.

Frå 100 meteren var det kun nokre minutt avslapping - med skifting av drakt og sko før han var klar får innhopping i lengdegropa. Her fungerte det også etter planen. 1. hoppet var eit sikringshopp bak planken på 7,08 m. 2. hoppet fekk ei litt dårlig landing - så det gløymde han fort. Kan klinte derfor til med eit solid 3. hopp på 7,30 m. Dermed var seieren sikra i dei to første øvingane og han handde sett seg skikkeleg i respekt blandt konkurrentane som på førehand nok ikkje hadde sett på Karsten som nokon trussel.

Kule var neste øving på programmet. Ei øving han ikkje følte seg heilt trygg på. Det var eit par timar pause her. Så etter ein rask lunch valde han å dra ein tur på treningsbana og trene litt kule i staden for å slappe av på senga. Dette gav åpnebart resultat. Frå før hadde han ein pers på 11,70 i kule. Nå slo han til med 3 støt der alle var over 12 meter - det lengste heile 12,94 m med 5 kg. kule, Dermed tapte han ikkje så mange poeng i kule som han hadde rekna med.

SIste øving i dag var 400 m. Han fekk ein times pause mellom kule og 400 meteren. Då fekk han i seg litt mat og fekk gjennomført ei god oppvarming. Planen på 400 m var å gå ut hardt dei første 200 meterane. Dette fungerte godt. Han holdt nesten heilt til mål og kom inn på tida 48,09 som er pers. med eit halvt sekund. Solid seier på distansen var det også.

Dermed leia karsten etter første da med poengsummen 3.347 poeng. Over 160 poeng føre nr. 2 på lista. Det tilsvarer 15 sekund på den avsluttande 1000 meteren.

I morgon har Karsten først to gode øvignar - 110 m hekk og høgde. Her kan han om alt klaffer auke forspranget enda meir.

Utfordringa i morgon blir først og fremst spyd, Her har han ein strekk i ryggen som gjer at han ikkje har fått trent spyd den siste veka. Vi håper alle at ryggen holder slik at han får minst eit godt kast,

Det heile vert avgjort med 1000 m kl. 20.15 lokal tid (19.15 norsk tid).

 

knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS