Kort rapport frå Ukraina dagen før det brakar laust for fullt

Her er ein liten rapport etter dei to første dagane i Ukraina. Mandag starta vi frå Olympiatoppen kl. 05.00 på morgonen. Etter ein lang flytur landa vi i Donetsk kl. 1400 norsk tid. Her blei det ein del komplikasjonar med bagasjen som var mangelfull. Vi mangla nokre koffertar, spyd og stavar. Nokre måtte då ut å handle det mest nødvendige – men tirsdag ettermiddag kom heldigvis alt fram.
Mandagen gjekk elles med til innsjekking og akkreditering. Vi har vore heldige og fått eit flott hotell som ligger kun 2-300 m frå stadion og kun 10 min. gange frå oppvarmingsbana. Men sjølv om det er korte avstandar har arrangøren lagt opp til at vi blir bussa dit vi skal. Små fine bussar som du kan sjå på bilda som ligg ute. Bussane har politieskorte – så vi blir godt passa på.
Tirsdag starta dagen med frukost kl. 08.30. Kl. 10 reiste vi til oppvarmingsbana der det det blei tid for litt trening og gjere seg kjent med forholda der. Etter lunch var det inspeksjon av konkurransearenaen som stod på programmet. Her fekk vi då gjere oss kjende med stadion og dei rutinene vi møter der i morgon. Det meste skal då vere klart til konkurransene onsdag morgon. Lagmøte med utdeling av startnummer, info om morgondagen avslutta dagen.
Det er flott vær i Donetsk med sol og 30 grader. Det blir nok ei utfordring å konkurrere i denne varmen. Men det skal nok gå bra. Bilder frå dagens aktiviteter finner du i bildearkivet.