Innbyding
til Dimnaleikane 2003
- Laurdag 23. august kl. 13.00 -
Dimna
IL har nok ein gong gleda av å invitere til Dimnaleikane i friidrett på Høddvoll
Stadion i Ulsteinvik.
Årets stemne vert arrangert Laurdag
23. august kl. 13.00 (rekruttane
starter kl. 12.30).
ØVINGAR:
Rekruttar 7-10 år:
60 m, lengde.
G/J 11-13 år:
60 m, 800 m, lengde, kule.
G/J 14 år:
60 m, 200 m, 800 m, lengde, kule
G/J 15-18 år:
100 m, 200 m, 800 m, lengde, kule.
Menn senior og kvinner: 100
m, 200 m, 800 m, lengde, kule.
Send påmeldinga med utfylte startkort saman med samleliste til:
Arve Hatløy
Storhaugen 20D
6065 Ulsteinvik
poststempla laurdag 16. august (a-post). Husk
å oppgi bestetid i løp. Ved sein påmelding kan denne sendast på E-mail til:
post@dimna.no. Vi vil helst
ikkje ha etterpåmelding på stemnedagen. Oppgi gjerne e-post adresse for rask
utsending av resultatliste etter stemnet.
STARTKONTINGENT:
Rekruttar: kr. 50,- for begge øvingane. 11 år og eldre kr. 50,- (inkl.
startavgift) pr. start. Startkontingenten skal sendast til kontonummer
4137.30.22304.
PREMIERING:
Det vert medaljar til dei tre beste i kvar øving i gute- og jenteklassene. I
rekruttklassene blir det premiar til alle som deltar.
ANNAN
INFORMASJON:
Ytterlegare informasjon kan rettast til: Arve Hatløy tlf. 70 01 15 09 (p), 41
47 61 48 (mob) eller 70 01 98 64 (a). Informasjon om stemnet vil også bli lagt
ut på vår internettside www.dimna.no.
Høddvoll stadion vart rehabilitert med nytt fast
dekke i 1999. Maks. tillatte
pigglengde er 6 mm. Det vert
elektronisk tidtaking i alle løp. Ved påmelding i meir enn 3 øvingar vil det
kunne bli kort pause mellom øvingane.