
Til tross for kraftig vind vart det mange gode resultat under Dimnaleikane på Høddvoll søndag. Trine Krakeli Sneen frå Eide sette ny kretsrekord i kule i 13 års klassa med resultatet 10,47 m. Renate Grimstad sette ny pers i høgde med resutlatet 1,55 m. Ny pers i høgde blei det også på Nora Myrvang Gjeldsvik frå Elnesvågen med resultatet 1,50. Ho er berre 13 år gammal. I den samme klassa hoppa Iselin Grimstad Selvåg frå Hareid IL 1,45. I 12 års klassa blei det også ny høgdepers på Ingunn Ertesvåg frå Dimna. Ho hoppa 1,35 m.
Karsten Warholm frå Dimna hoppa 4,86 i lengde (1065 poeng) Det er ny personleg rekord med 2 cm. Henrik Overvåg løp 200 m på 24,89 sek. som er 1144 tyrvingpoeng. Men her var medvinden litt for god med 2,4 i medvind. 14 år gamle Aina Opsal Bakke frå Ørsta stillte i 15 års klassa på 200 m. Ho fekk tida 27,13 som er 1005 tyrvingpoeng.
Her har vi laga ei oversikt over dei beste resultata etter Tyrvingtabellen:
Namn | Klubb | Alder | Øving | Resultat | Poeng |
Henrik Overvåg | Dimna IL | 13 | 200 m | 24,89 | 1144 |
Karsten Warholm | Dimna IL | 11 | Lenge | 4,86 | 1065 |
Vegard Jenset Øien | Eide IL | 17 | 200 m | 22,76 | 1021 |
Aina Opsal Bakke | Ørsta IL | 14 | 200 m | 27,13 | 1005 |
Nora Myrvang Gjeldsvik | Elnesvågen | 13 | Høgde | 1,50 | 1000 |
Henrik Overvåg | Dimna IL | 13 | 60 m | 7,96 | 996 |
Line Kvalsund Pedersen | Hareid IL | 10 | Kule | 6,42 | 994 |
Henrik Overvåg | Dimna IL | 13 | Lenge | 5,29 | 987 |
Karsten Warholm | Dimna IL | 11 | Høgde | 1,35 | 979 |
Kristin Eide Øien | Eide IL | 12 | Lenge | 4,61 | 978 |
Trine Krakeli Sneen | Eide IL | 13 | Kule | 10,47 | 962 |
Iselin Grimstad Selvåg | Hareid IL | 13 | Høgde | 1,45 | 960 |
Renate Grimstad | Dimna IL | 15 | Høgde | 1,55 | 960 |
Kristoffer Hasfjord | Hareid IL | 11 | Kule | 10,33 | 959 |
Joacim Pedersen | Hareid IL | 12 | Lenge | 4,73 | 953 |
Alle dei andre resultata kan du sjå i resultatlista under.
Det glei til slutt 180 påmelde deltakarar i Dimnaleikane i år. Dimna IL og Hareid IL hadde dei største troppene. Men her var deltakara frå klubbar i heile fylket. Også Sogn og Fjordane var representert på statlista. Været var som nemnt innledningsvis ikkje det beste for friidrett. Men det kraftige regnværer som har vore den siste tida tok seg ein pause under stemnet søndag. Men med 10-12 grader og til tider kraftig vind gjorde at forholda for spesielt løpsøvingane og lengde ikkje blei dei beste.