Bilder Dimnaleikane 26. og 27. juni 2009

Vår fotograf Jens Inge Ringsgtad tok mange fine bilder frå Dimnaleikane.

Bilder frå 1. dag:

http://picasaweb.google.no/jens.ringstad/Dimnaleikane2009Dag1Fredag26062009?authkey=Gv1sRgCLmO9cP5puyuIQ&feat=directlink

Bilder frå 2. dag.

http://picasaweb.google.no/jens.ringstad/Dimnaleikane2009Dag2Laurdag27062009?authkey=Gv1sRgCLT_89Oc0ozDkQE&feat=directlink

Dimnaleikane i strålande sol

Dimnaleikane vart avslutta laurdag i strålande sol. Det vart litt motvind på laurdag, og dermed vart set ikkje så mange sprintrekordar. Men manga andre gode resultat vart. Vedlagt følgjer den foreløbige resultatlista. Meir omtale kjem seinare.

Vår fotograf Jens Inge Ringsgtad tok mange fine bilder frå Dimnaleikane.

Bilder frå 1. dag:

http://picasaweb.google.no/jens.ringstad/Dimnaleikane2009Dag1Fredag26062009?authkey=Gv1sRgCLmO9cP5puyuIQ&feat=directlink

Bilder frå 2. dag.

http://picasaweb.google.no/jens.ringstad/Dimnaleikane2009Dag2Laurdag27062009?authkey=Gv1sRgCLT_89Oc0ozDkQE&feat=directlink

Resultatliste_Dimnaleikane_dag_1___260609.pdf
Resultatliste_Dimnaleikane_dag_2___270609.pdf
Resultatliste__Dimnaleikane_dag_2__presse_.rtf

Norsk aldersrekord på Høddvoll

Henrik Overvåg med Norsk rekord på Høddvoll

Henrik Overvåg med Norsk rekord på Høddvoll

Henrik Overvåg sette Norsk aldersrekord under første dag av Dimnaleikane på Høddvoll.  Henrik knuste den gamle rekorden som lød på 22,71 sek. i det han løp inn på den fantastiske tida 22,54 sek. i 1,3 sek.m. medvind. Det var perfekte forhold for spint med 22 grader og lett medvind. Resultatet tilsvarer heile 1149 tyrvingpoeng.

Det vart ei rekke personlege rekordar i stemnet fredag kveld.

Laurdag startar vi på nytt med rekruttar kl. 11.00.  Det blir nok mange nye rekordar utoverlaurdag. Du bør derfor ta deg ein tur til Høddvoll laurdag. Stemnet starter kl. 11 og varer til ca. kl. 15.

Meir omtale og bilder kjem etter kvart. Inntill då kan du studere den foreløbige resultatlista.

Resultatliste_Dimnaleikane_dag_1.pdf
Resultatliste___Dimnaleikane_dag_1__presse_.rtf

Funksjonærliste Dimneleikane 2009

Funksjonærlista er no klar. Her kan kome nokre mindre justeringar. Vi skulle hatt litt meir hjelp i kiosken laurdag. Om nokon ønskjer denne jobben hadde det vore fint med ei tilbakemelding. På lista går det også fram oppmøtetidspunkt. Om det er nokon som kan møte tidlegare fredag hadde det vore fint. Vi vil vere i gang med å rigge til på stadion frå kl. 16.00.

Funksjonaerliste_Dimnaleikane_2009.doc

Alt klart for Dimnaleikane

Strålande sol ser ut til å lag ei flott ramme rundt dei 30. Dimnaleikane på Høddvoll Stadion fredag og laurdag. 200 deltakarar er påmelde fordelt på nesten 600 startar.  Har du enda ikkje meldt deg på kan du sende ein SMS til nr 414 76148 så skal vi få deg med på lista.

Under finner du deltakarlista og tidsskjemaet. Finner du feil, er det fint om du melder frå om dette før stemnet startar. Vi minner om avkrydding i løp ein time før øvinga startar.

 

Klubbliser_pr_torsdag_250609.pdf
Startliste_torsdag_250609.pdf
Tidsskjema_Dimnaleikane_2009.xls

Funksjonærliste Dimnaleikane 2009

Funksjonærlista for Dimnaleikane er no neste klar. Vedl. følgjer lista slik den er pr. mandag. Her kan bli nokre endringar i løpet av veka. Skulle gjerne hatt nokre personar til. Han du anledning så send ein mail til post@dimna.no

Oppfrisking på reglar m.m.
Mandag kveld kl 20.30 blir det ein kort gjennomgang av regler og liknande som kan vere nyttige å få litt oppfrisking av. Det vil skje på Dimna Grendahus. Alle som vil kan møte.

 

Funksjonaerliste_Dimnaleikane_2009_forelobig_versjon.doc

Dimnaleikane 26. og 27. juni 2009

Minner om påmeldingsfristen som er mandag 22. juni.

Online påmeldingsystemet kjem du til på denne linken. 

Innbyding_til_Dimnaleikane_2009_ny_.doc

Dimnaleikane 30 år i 2009

Dimnaleikane feier i år 30 års jubileum i år. Dei vart første gang arrangert på Høddvoll i 1980. Innbydinga er no klar til stemnet som vert arrangert fredag 26. juni og laurdag 27. juni. På grunn av flyttinga av stemnet har det også vore nødvendig å flytte om litt på dei planlagde øvingane.

Online påmeldinga er no klar. Klikk her så kjem du til den. 

 

Innbyding_til_Dimnaleikane_2009_ny_.doc

Funksjonærar til Dimnaleikane 26. og 27. juni

26. og 27. juni skal vi arrangere årets Dimnaleikar på Høddvoll. Vi har då behov for mange funksjonærar. Vi håper derfor at dei fleste av foreldra kan stille opp desse to dagane og ta i eit tak. Fint om du alt no kan sende oss ein mail eller ei melding med bekreftelse på at du kan hjelpe til.

Send ein e-post til adressa.  post@dimna.no

Eller ein SMS til tlf. 41476148.

Vi har oppgåver for alle, så ikkje nøl med å gi oss tilbakemelding.

Dimnaleikane vert flytta

Etter at den endelege terminlista for Sogn og Fjordane blei klar for litt sidan vart det klart at det har oppstått ein uheldig kollisjon mellom Dimnaleikane og Sparebankleikane i Byrkjelo. Sparebankleikane i Byrkjelo har alltid blitt arrangert siste helga i juni. Men i år har stemnet blitt flytta til 1. helga i juli. Dermed kolliderer det med Dimnaleikane som er planlagt då.

I samråd med kretsen er det derfor beslutta at vi flytter Dimnaleikane til siste helge i juni. Men på grunn av at Høddvoll er opptatt med seriekamp 28. juni vil Dimnaleikane bli arrangert fredag (kveld) 26. juni og laurdag 27. juni. Det er mulig det blir litt endring i det planlagde øvingsutvalet. Innbyding med endeleg øvingsprogram kjem om ei vekes tid.

Dimnaleikane 2009

Dimnaleikane 2009 er i utgangspuntet terminfesta til 4. og 5. juli.  Men på grunn av kollisjon med Sparebankleikane på Byrkjelo er det mulig at stemnet blir flytta fram ei helg.

Endeleg informasjon blir lagt ut er i løpet av få dagar.

 

knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
kongsberg-hovedlogo_1748x1311-beskj_rt.png

   

tussa_logo_cmyk_m_rkebl_.png

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
logo_um2023_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS