Funksjonærar til Dimnaleikane 2011
21. og 22. mai skal Dimna IL arrangere Dimnaleikane på Høddvoll Stadion. For å få til eit godt stemne har vi behov for mange funksjonærarer. Vi håper derfor at dei aller fleste av foreldra har høve til å stille opp denne helga. Vi har behov for funksjonærar til mange ulike oppgåver. Vi har oppgåver som passar for alle. Også dei som ikkje har vore med på dette tidlegare.
Vi har oppgåver som kiosksal, måling av lengdehopp, spydkast, kule. Raking i hoppegropa, tidtaking, registrering av resultat på PC. Dommarar i dei ulike øvingane må vi også ha.
Vi ber derfor om tilbakemelding frå ALLE. Også dei som ev. ikkje kan vil vi gjerne ha tilbakemelding frå. Tilbakemelding kan du sende til vår e-post adresse: post@dimna.no.
Innbyding til Dimnaleikane 21. og 22. mai
Her er innbydinga til Dimnaleikane som vert arrangert på Høddvoll stadion 21. og 22. mai. Utøvarane frå Dimna IL må melde seg på til trenarane i god til og helst innan 15. mai.
Utøvarar frå andre klubbar melder seg på via online påmelding. Klikk her for å kome til påmeldingsystemet.