| |
| | |
Funksjonærar til Sparebanken Møre leikane 15. september
Det nærmar seg haustens store stemne på Høddvoll laurdag 15. september. Vi satsar på ny deltakarrekord i Sparebankleiakne i år. Får vi det må vi også ha mange funksjonærar til dei ulike oppgåvene under stemnet. Vi treng folk til kiosk, ulike funksjonar ute på bana til sekriteriatet med mykje meir. Her her oppgåver for alle - også dei som ikkje har vore med på dette før. Vi håper alle foredra kan stille. Dei som av ein eller annan grunn ikkje har høve til å stille denne laurdagen kan melde seg til dugnad torsdag og fredag. Dei dagane skal det gjerast litt forberedelsar til stemnet som vi treng hjelp til. Vi ber om tilbakemeldig frå alle også dei som ikkje kan stille. Send tilbakemelding til post@dimna.no eller til trenarane for dei ulike gruppene (du har sikkert fått mail frå dei om å stille som funksjonær også). Du kan også sende ein SMS til 41476148.
INNBYDING TIL SPAREBANKEN MØRE LEIKANE 2012 Husk påmeldingsfristen i dag 11.09. kl. 23.59
Sparebanken Møre leikane 2012 vert arrangert på Høddvoll 15. september. Utøvarar frå Dimna IL som vil delta kan melde seg på til trenarane for dei ulike gruppene innen 10. september.
Her kan du sjå innbydinga med bl.a. oversikt over øvingar under stemnet.
Oppdatert startliste og funksjonærliste pr laurdag kveld
Startlister, tidsskjema og funksjonærliste for Sparebanken Møre leikane
Her er startlistene og klubblistene for Sparebanken Møre leikane. Dersom du finner feil eller mangler må du sende oss ei melding om dette på post@dimna.no eller SMS/tlf. 41476148.
Det ligger ann til å bli rundt 200 deltakarar og over 600 startar. Så det blir stor aktivitet på Høddvoll søndag.
På grunn nokre etterpåmeldingar er ny versjon av tidsskjemaet lagt ut. Det er kun mindre endringar på 200 og 600 m. Tidsskjemaet er stramt. Og nokre øvingar vil kollidere. Dette er uråd å unngå då mange har meldt seg på i 5-6 øvingar.
Foreløbig funksjonærliste er no også klar. Manglar namnet ditt så ta kontakt. Vi har plass til nokre funksjonærar til. Vi har også ein ledig plass i kiosken om du heller vil vere der enn funksjonen vi har sett deg på. Ta i så fall kontakt med oss. PS. Det kan bli endringar i lista fram til søndag.
Etterpåmelding til Sparebanken Møre leikane
Vi tar imot etterpåmelding til Sparebanken Møre leikane. Denne må sendast til post@dimna.no eller SMS/tlf. til 41476148. Sjå meir info i menyen til venstre.
Påmelding til Sparebanken Møre leikane for Dimna IL sine utøvarar
Dimna IL sine utøvarar må også melde seg på til Sparebanken Møre leikane som vi skal arrangere 11. september.
Rekruttane melder seg på til Randi Dragsund Mork:
E-post: Randi.Mork@odim.com Mobil: 91585175
10-13 års gruppa melder seg på til Britt Janne Stokkevåg:
E-post: dimna10-13@dimna.no Mobil: 92293662
14 år og eldre til Arve Hatløy
E-post: arve@krelektro.no Mobil 41476148
Håper alle klarer å melde seg på i god tid innan fristen 5. september.
Utøvarar frå andre lag må bruke SportsAdmin eller Min idrett for online påmelding. Ev. kan e-post til post@dimna.no brukast for dei som ikkje klarer å melde seg på online.
Funksjonærar til Sparebanken Møre leikane - Har du glemt å melde deg som funksjonær
Søndag 11. september skal Dimna IL arrangere Sparebanken Møre leikane på Høddvoll Stadion. Vi har behov for mange funksjonærar og håper fleist mogeleg kan stille. Gi tilbakemelding på mail: post@dimna.no eller SMS 41476148 om du kan stille og ev. ønska oppgave. Vi har arbeidsoppgaver for alle. Reknar med at alle som har aktive utøvarar prøve å sette av denne søndagen. Det er mange som ikkje har gitt tilbakemelding om dei kan stille eller ikkje. Vi vil gjerne også ha tilbakemelding frå dei som ikkje kan stille søndagen. Håper du kan sende oss ei melding i dag.
<p>Greit med telt. Foto Jens Inge Ringstad.</p>
200 deltakarar og godt over 500 startar vart det i årets siste friidrettstemne på Høddvoll Stadion. Været varierte frå kraftig regn og sol. Mest uheldig med værer var rekruttane. Mens dei konkurrerte var det ei lang regnbyge på 2 timar. Når konkurranseklassene starta letta det opp og vart langt betre forhold med lange perioder med opphald.
Jens Inge Ringstad sine bilder kan du sjå her
Startlister og klubblister for Sparebanken Møre leikane
Her er 1. versjon av startlister og klubblister for Sparebanken Møre leikane til helga. Vi ber om at alle ser over desse og melder tilbake om ev. feil. Send ev. feil til post@dimna.no Ev. etterpåmeldingar kan også sendast til denne adressa. Nytt tidsskjema er lagt ut fredag kveld. Det er gjort endring på spyd gutar 10 og 11 år samt lengde gutar 12 år.
Funksjonærar til Sparebanken Møre leikane
19. september skal vi arrangere Sparebanken Møre leikane på Høddvoll Stadion. Vi skal få til eit flott stemne og treng då mange funksjonærar. Håper du kan hjelpe til denne søndagen. Send oss i så fall ei melding på mail: post@dimna.no eller SMS til 41476148. Det er mange som ikkje har meldt seg. Håper du sender ei melding i dag.
Innbyding / påmelding til Sparebanken Møre leikane
Årets siste ordinære stemne vert Sparebanken Møre leikane på Høddvoll søndag 19. september. Under kan du sjå innbydinga med oversikt på kva øvingar der blir. Alle frå Dimna som skal delta må melde frå til trenarane seinast tirsdag 14. september. Utøvarar frå andre lag medler seg på via onlinepåmelding på SporsAdmin eller MinIdrett. Påmeldingsfristen er utsett til tirsdag 14. sept. kl. 23.59.
SLEGGE NY ØVING Vi har aprobert ei ny øving. Det er slegge som vil bli arrangert for alle klassene i Dimna fredag kveld kl. 18.00. Det blir høve til påmelding utan ekstrakontigent heilt fram til start.
Endelege resultatlister KM senior og Sparebanken Møre leikane
Her er dei endelege resultatlistene frå stemna i helga. Nå også med Tyrvingpoeng.
Bilder Sparebanken Møre leikane og KM
Tare frå Sparebanken Møre var eit populært besøk for dei yngste. Han hadde med premier til alle.
Vår fotograf Jens Inge Ringstad tok masse fine bilder under stemnet i helga. Klikk her så kjem du til bilda.
Rekordmange startar i Sparebanken Møre leikane og KM søndag
Startarane fekk ein hektisk dag på Høddvoll søndag. Over 80 heat vart gjennomført frå stemnestart kl 11.00 til siste start kl. 17.00.
Stor deltaking og mange gode resultat vart det i løpet av ettermiddagen. Vi har ikkje fått gått så nøye igjennom resultatlistene enda. Her kan nok vere nokre småfeil enda, som vi må rette opp. Men for dei utolmodige så legger vi ut dei foreløbige resultatlistene. Vi veit der er ein teknisk feil i klasse 8 år. Her mangler nokre resultat. Dette skal vi få rette opp.
Sjå også rekortasje på Vikebladet.no på denne linken: http://www.vikebladet.no/article/20090913/SPORT/120884065/1037
Vindfullt på Høddvoll laurdag
Det blei som venta ikkje dei store resultata på Høddvoll under første dag av KM. Sterk vind ødela for alle øvingane. Men heldig vis vart det ikkje så mykje regn.
Vi kjem tilbake med bilder og omtale seinare. Her er den foreløbige resultatlista. (Her mangla spyd MV 35-39). Ny versjon med dette resultatet kjem seinare.
Funksjonærliste Sparebanken Møre leikane og KM
Funksjonærlista for stemnet i helga er no nesten klar. Då påmeldinga er blitt veldig stor søndag, skulle gjerne hatt nokre hjelparar til på søndagen. Gi oss ei tilbakemelding om du kan stille (SMS 41476148 eller e-post: post@dimna.no.)
På lista finner du kvar vi har plassert deg. Men her kan bli nokre mindre justeringar. Oppmøte laurdag er sett til kl. 13.00 for dei som ikkje har fått anna beskjed. Søndag er oppmøte kl. 10.00.
Tidsskjema og deltakarliste for KM og Sparebanken Møre leikane
Påmeldinga til helgas stemne på Høddvoll har blitt svært god. Spesielt i Sparebanken Møre leikane søndag er det stor påmelding. Det blir dermed ein lang ettermiddag med friidrett på Høddvoll. Søndag startar stemnet med rekruttar kl. 11.00. Siste øvinga vil etter planen vere ferdig kl. 17.00. På grunn av mange løpsøvingar og stor deltaking er det ikkje mogeleg å avvikle stemnet på kortare tid.
Det ser ut til å bli 250 deltakarar fordelt på 700 startar.
Finner dokke feil i startlistene er det fint om vi får ei tilbakemelding på e-post post@dimna.no eller SMS til 41476148.
Stor deltaking i Sparebanken Møre leikane
Påmeldinga til Sparebanken Møre leikane og KM senior er svært god. I KM øvingane er det som venta litt mindre påmelding enn i dei aldersbestemte klassene som konkurrerer i Sparebanken Møre leikane søndag. Det er til no registrert 225 deltakarar og over 600 startar.
Vedlagt følgjer deltaralista og klubblista. Vi ber om at alle sjekker desse. Finner du feil hadde det vore fint om du kunne sende ei tilbakemelding til post@dimna.no eller på SMS til nr. 41 47 61 48.
Tidsskjemaet vil bli lagt ut så snart det er klart. Seinast fredag.
Funksjonærar til Sparebanken Møre leikane
12. og 13. september skal vi arrangere Sparebanken Møre leikane og KM senior/veteran på Høddvoll Stadion. Vi har då behov for mange funksjonærar. Vi håper derfor at dei fleste av foreldra kan stille opp desse to dagane og ta i eit tak. Fint om du alt no kan sende oss ein mail eller ei melding med bekreftelse på at du kan hjelpe til.
Send ein e-post til adressa. post@dimna.no
Eller ein SMS til tlf. 41476148.
Vi har oppgåver for alle, så ikkje nøl med å gi oss tilbakemelding.
Sparebanken Møre leikane med KM 12.-13. sept.
13. september vil Dimna IL i samarbeid med Sparebanken Møre arrangere Sparebanken Møre leikane på Høddvoll Stadion.
I år vil også KM senior og veteranar bli lagt inn i stemnet. KM startar laurdag 12. september, og fortsetter under Sparebanken Møre leikane søndag.
Vedlagt følgjer innbydinga til Sparebanken Møre leikane og KM.
Online påmeldinga er åpen. Klikk her så kjem du til den.
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |