Resultatliste Sparebanken Møre leikane

200 deltakarar og godt over 500 startar vart det i årets siste friidrettstemne på Høddvoll Stadion. Været varierte frå kraftig regn og sol. Mest uheldig med værer var rekruttane. Mens dei konkurrerte var det ei lang regnbyge på 2 timar. Når konkurranseklassene starta letta det opp og vart langt betre forhold med lange perioder med opphald.
Det kraftige regnet på formiddagen gjorde at det blei ein del overvatn på bana. Spesielt i lengde og høgde vart det litt vanskelege forhold.
Det var ikkje så mykje vind. Men sprinterane fekk litt motvind.
Til tross for at forholda ikkje var så alt for gode i dag fekk vi ein del fine resultat.
Det aller beste resultatat under stemnet stod Ådne Andersen frå Hareid IL for. Han løp 600 m på 1.24,16 som er like bak aldersrekorden for Møre og Romsdal.
Alle resultata kan du studere i resultatlista.
Vår fotograf Jens Inge Ringstad tok mange bilder også denne helga. Desse kan du sjå her.