Det blei ein flott første dag av NM i Haugesund. Høgdepunkta var Fride Møller Flatin som gjorde eit sterkt løp i 3000 m kappgang. Etter ein hard spurt på siste runda sikra ho seg NM gull og ny personleg rekord på tida 14.38,87.

Johanne Rise Kvalen tok bronse i høgde uten tilløp i juniorklassa. Ho svinga seg over 1,30 m. Samme høgde som sølvvinnaren.

Vi hadde også mange andre i askjon laurdag.

Simon Holstad Grimstad gjorde nok ein sterk 400 m. Her enda han til slutt på ein sterk 5. plass med tida 51,08 sek. Hallen i Haugesund har berre 4 baner. Det blei derfor litt dårligare tider enn ein normalt klarer å oppnå på ein 6 baners hall som Ulsteinhallen.

Jonas Andre Ose tok seg til semifnalen på 60 m med tida 7,15 sek. (7,17 i semifinalen)

Jonas og Simon løp også 200 m i dag. Jonas fekk tida 22,95 mens Simon løp inn på tida 23.17. Ingen av dei fekk den beste bana.

På 400 m for kvinner hadde vi også med to deltakarar Alice Ulla Berg var best av våre med ein 6 plass. Ho fekk tida 57,49 sek som er ny innandørspers. Berre nokre hjundredelar bak hennar utandørspers.

Leonita Brandal løp også ein sterk 400 m frå bane 1 (ikkje ei god bane på 400 m). Ho kom inn like bak persen sin på tida 62,82 sek.

Alice løp også 200 m. Her fekk ho tida 25,75 sek. Ei litt dårlig bane hindra nok pers også på denne distansen.

Johanne Rise Kvalen løp også 200 m. Men frå bane 2 var det ikkje mulig å sette pers. Ho løp likevel eit godt løp på tida 27,04 sek. berre 5 hundredelar bak pers.

Anna Garnes Kleven varma opp til lengdekonkurransen søndag med høgde uten tilløp. Ho kom seg over 1,15m.

Ådne Andersen løp 1500 m i dag. Han la seg i tet frå start då ingen andre ville dra løpet. Men opninga vart nok litt for hard og han fekk problem med å henge med i sluttspurten. Han prøver seg på 3000 m og kanskje 800 m på søndag.

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
spbm_logo_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

kleven_liten.jpg

 

logo_jets_liten.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS