Ådne og Karsten til topps i 30 kampen

Etter 3 dagar med slit kunne vinnarane av årets Supermangekamp som denne gangen bestod av 30 øvelser kårast. Best i år vart Karsten Warholm i klassene under 15 år, mens Ådne Andersen vart best av dei over 15 år.
Under kan du sjå den foreløbige resultatlista.
Karsten Warholm hadde den beste poengsummen av alle. Han var også den einaste som klarte poeng i alle dei 30 øvingane deriblandt fleire resultat over 1000 poeng.
Etter mange forfall dei siste dagane var det denne gangen 15 deltakarar som deltok i denne ekstreme kraftprøva. Mens det i fjor var deltakarar frå heile kretsen var det denne gangen berre utøvarar frå Dimna IL og Hareid IL som deltok.
Ei som vi kanskje må nemne litt spesielt for sin innsats er Elisabeth Grimstad. Ho kunne ikkje delta på søndagen. For å få fullført mangekamp gjennomførte ho derfor alle dei 30 øvingane i løpet av fredagskvelden og laurdag. (2 ekstra øvelser fredag og 8 på laurdag).
Ny øvelse på programmet i år var bl.a. 1000 m kappgang. Denne fullførte alle i fin stil.
Vi kjem tilbake til meir omtale og bilder seinare