Dimna nr. 2 i kretscupen

Frå venstre Renate Grimstad, Ådne Andersen og Martin Haddal Sæther
<p>Frå venstre Renate Grimstad, Ådne Andersen og Martin Haddal Sæther</p>

Kretscupen vart avslutta på Straumsnes denne helga. Som venta vart det seier til Tingvoll FIK i lagkampen. Vi klarte ikkje å mobilisere hele laget denne helga og kunne derfor ikkje forsvare leiinga etter første del som vart arrangert i juni.

Individuelt vart det likevel fleire gode plasseringar til lokale utøvarar. Ådne Andersen frå Hareid IL og Martin Haddal Sæther frå Dimna IL tok samanlagtsigrane i løpsøvingane for menn. Ådne var best i dei lange løpa frå 800 til 3000 m og tok ein klar samanlagtsigeren her.

I dei korte løpa frå 100 m til 400 m var det Martin som var best denne gangen. Han tok samanlagtsigeren føre Anders Vikestrand frå Ålesund og Henrik Overvåg frå Dimna. Henrik hadde leiinga etter første halvdel av cupen, men deltok ikkje på stemnet denne helga. Martin enda også som nummer 4 i langdistansecupen til tross for at han prioriterte dei korte løpa denne gangen.

Renate Grimstad kjempa om samanlagtsigeren i hopp.  Det blei her ein spennande kamp mellom Renate og Heidi C. Aasen Nerland frå Eide IL. Heidi er den beste lengdehopparen av dei to, mens Renate er best i høgde. Med to lengdekonkurransar og kun ei høgdekonkurranse blei det dermed ein knapp siger til Heidi med eit poeng føre Renate.

Renate var også med i teten i sprintøvingane. Men var litt sjuk denne siste helga og stod over løpsøvingane. Dermed enda ho på 4. plass i sprintcupen. 

I hoppcupen tok Iselin Grimstad Selvåg  frå Hareid IL ein fin 3. plass i samandraget.

I dei lange løpa for kvinner blei det 3. plass i samandraget til Aurora Midtflø frå Hareid, mens Maria Ringstad, Dimna IL tok 4. plassen.

Sluttstillinga i lagkampen:

 

Sum etter

Lag

4 stemner

Tingvoll FIL

394

Dimna IL

346

Ålesund FIK

206

Eide IL

203

Hareid IL

185

Molde Olymp

176

Midsund IL

87

Velledalen IL

40

Sunndal

38

Ørsta IL

37

Sykkylven IL

28

Elnesvågen

17

Valder

14

 

 

|
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
kongsberg-hovedlogo_1748x1311-beskj_rt.png

   

tussa_logo_cmyk_m_rkebl_.png

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
logo_um2023_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS